Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Auke i talet på nynorskelevar

 (15.12.2016)

Elevtala for 2016 syner ein gledeleg auke i talet på nynorskelevar i Noreg. I skuleåret 2016/2017 er der 160 fleire nynorskelevar enn året før. I heile grunnskulen frå 1. til 10. klasse er det 76 549 nynorskelevar. 

– Det er veldig kjekt at det har blitt fleire nynorskelevar siste året, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Etter tretten år med nedgang i nynorskelevtalet er denne trenden snudd i år. 

Det er særleg i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein ser auken, men også Oppland og Aust-Agder har fleire nynorskelevar enn i fjor.

– Auken skuldast nok i hovudsak at talet på born i nynorskområde går opp, seier Aasbrenn.

Vi må tilbake til starten av 2000-talet for å finne sist gong det var auke i nynorskelevtalet. Det er særleg i overgangen til ungdomsskulen at vi ser språkbyte. Siste åra har vi sett dokumentasjon på at nynorskelevane i ungdomsskulen ikkje får tilbod om undervisning på nynorsk. Det er difor svært viktig at Stortinget i haust vedtok å greie ut om retten til opplæring på eige språk skal utvidast til også å gjelde i ungdomsskulen, peikar Magne Aasbrenn på.

Det er Utdanningsdirektoratet som kvart år legg ut nye tal i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem) etter at alle skulane i Noreg har rapportert inn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no