Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Arbeidsprogram Prinsipprogram Internasjonalt program Stadnamnlova Nynorsk Grunnlov Normering Næringsliv Kyrkjemål Skule IT Media Offentleg målbruk Val NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Arbeidsprogram for Noregs Mållag 2008 - 2011

Meir nynorsk. Fleire målfolk.

Noregs Mållag arbeider for at fleire skal bruka nynorsk meir. Reell språkleg jamstelling og gode vokstervilkår for nynorsken krev ei sterk og offensiv målrørsle.


1. Grunnlag og tidsramme
Dette arbeidsprogrammet gjeld frå landsmøtet i april 2008 til landsmøtet våren 2011, og ligg til grunn for arbeidet i samskipnaden. Styret vedtek i tillegg ein tiltaksplan og har hovudansvaret for at arbeidsmåla vert nådde og prioriteringane fylgde. Fylkes- og lokallag vedtek eigne arbeidsplanar og prioriteringar ut frå lokale tilhøve. Til grunn for arbeidsprogrammet ligg prinsipprogrammet for Noregs Mållag, vedteke 26.07.1997.

2. Målsak: Å velja nynorsk
Noregs Mållag arbeider for å fremja nynorsk på alle område i det norske samfunnet. Dette kan berre skje på demokratisk vis: Nynorsk er i bruk dersom folk – meir eller mindre aktivt – vel å bruka språket. Slike val kan vera individuelle og personlege. Det kan òg vera snakk om kollektive val: Eit kommunestyre kan gjera vedtak om nynorsk som administrasjonsspråk, eit føretak kan vedta å bruka nynorsk, ein kyrkjelyd kan velja å innføra eller halda på nynorsk liturgi og eit fleirtal av veljarar i ei folkerøysting om hovudmål i skulekrinsen kan røysta på nynorsk.

Ulike val gjeld for ulik tid, forskjellige val påverkar bruken av nynorsk på forskjellig vis. Målsak kokar ned til dette: å påverka flest mogleg slike språkval, både individuelle avgjerder og ikkje minst kollektive vedtak. “Ikkje minst” av di kollektive val relativt sett påverkar bruk av nynorsk meir effektivt og omfattande.

Noregs Mållag ynskjer å påverka individuelle og kollektive val på eit vis som fører til auka bruk av nynorsk i heile landet: Fleire nynorskbrukarar, fleire målfolk, fleire som er glade i nynorsken.

Vilkåra for slikt arbeid har endra seg over tid: I dag er det høgare toleranse og breiare aksept for nynorsk i Noreg enn for både 50 og 100 år sidan. På same tid er det sannsynlegvis – samla sett – meir nynorsk i det norske samfunnet enn nokon gong. Fleire skriv, høyrer og les nynorsk – i absolutte tal. Relativt fleire har ein eller annan kontakt med nynorsk gjennom ein dag, eit år, eit liv. I tillegg er nynorsken styrkt reint institusjonelt; målrørsla femner om fleire nasjonale institusjonar enn nokon gong før. Det tette samarbeidet mellom desse har det siste tiåret medverka til å gjera språket meir synleg.

Like viktig som utvikling over tid er det nynorske rommet i samtida: geografi og ikkje minst korleis vilkåra for nynorskarbeid varierer mellom ulike delar av Noreg. I store område av landet eksisterer nynorsken berre som sidemål i skulen, på fjernsyn og i radio. Desse områda vert større; dei utvidar seg. Over dei siste tiåra har nynorsk som konvensjon – eit språk i bruk på alle samfunnsområde – vorte tydeleg avgrensa til Vestlandet mellom Ryfylke og Romsdal, pluss indre Agder, Vest-Telemark, Hallingdal, Valdres og øvst i Gudbrandsdalen. Nynorsk som dominerande bruksspråk har vorte eit regionalt fenomen. Men også i dette området finst bokmål i større og sterkare grad enn nynorsken er til stades i landslutar der bokmål dominerer.

Slike geografiske fakta får konsekvensar for eit arbeidsprogram for Noregs Mållag. Målpolitiske arbeidsoppgåver lyt tuftast på geografiske realitetar. Dette inneber at realistiske arbeidsoppgåver bør spegla vilkåra for nynorskarbeid, og dermed variera i samsvar med geografiske koordinatar. Målrørsla rår over knappe ressursar, både når det gjeld tilgjengelege arbeidstimar og økonomi. Dette tyder at Noregs Mållag sentralt må velja ut og leggja vekt på nokre avgrensa felt for treårsbolken. I dette arbeidsprogrammet vert landet – målpolitisk sett – delt inn i tre ulike typar område – i tillegg til hovudstaden. For kvart av desse områda vert det stilt opp nokre sentrale målpolitiske mål – i samsvar med den målpolitiske situasjonen.

Desse måla og arbeidsoppgåvene utgjer hovudkursen for Noregs Mållag i tidsbolken 2008–2011. Samstundes kan målfolk og lokallag best gjera ein innsats der dei er og bur. Lokallag og fylkeslag i samskipnaden vil og skal vere frie til å arbeida med saker, tiltak og idear i samsvar med lokale føresetnader, ressursar og overtydingar. Nynorsken byggjer på dei norske dialektane. Difor er også arbeidet for dialektane ei viktig arbeidsoppgåve i komande treårsperiode.

3. Nynorsk geografi: eit overblikk
Kommunane kan gjera målpolitiske vedtak; det vil seia avgjera om kommunen skal ha nynorsk eller bokmål som administrasjonsspråk, eller vera nøytral. I røynda er kommunen anten nynorsk eller ikkje; nøytrale kommunar brukar i regelen bokmål. Kommunalt administrasjonsspråk seier ikkje alt, men det seier mykje: Bak slike vedtak står politiske fleirtal. Slike fleirtal krev oftast støtte frå meir enn eitt parti, ikkje minst over lengre tid. Nynorske fleirtal i kommunestyre speglar lokalsamfunn der nynorsk gjerne dominerer som hovudmål i skulen, er til stades i lokale media og i større eller mindre grad jamvel vert nytta i og av næringslivet. Sett på formel: Nynorsk administrasjonsspråk krev politisk fleirtal som føreset brei nynorskbruk i kommunen.

På kartet er nynorskkommunane fargelagde. Dei andre er kvite flekkar på kartet. Det er 114 kommunar med nynorsk målform i Noreg. Om lag 11 prosent av innbyggjarane i landet bur i dette området. Talet på slike kommunar endrar seg lite, seint og udramatisk: Det nynorske området er geografisk sett stabilt.



Figur 1. Nynorske kommunar (2007) og folkerøystingar om språk (1997–2007)

Målstrid som språkleg konkurranse mellom nynorsk og bokmål kjem klårast til uttrykk i folkerøystingar om hovudmålet i skulekrinsar. På kartet er desse demokratiske kappestridane i tidsrommet 1997–2007 merkte med rundingar. Di større runding, di fleire folkerøystingar har det vore i den aktuelle kommunen. Flest var det i Bergen kommune; talet er fem.

Kartet syner at folkerøystingane vert haldne i ytterkanten av det nynorske området; i skjeringsfeltet mellom nynorske kommunar og bokmålskommunar. Ein djupare analyse av desse vala avslører to tendensar:

1) Oftast er nynorsk hovudmål før folkerøystinga; det er bokmålssympatisørar som krev folkerøysting.
2) Di meir nynorsken er i bruk, er utbreidd i lokalsamfunnet, di fleire er det som røystar på nynorsk.

Folkerøystingane er demokratiske mekanismar som medverkar til eit klårare skilje mellom det nynorske området og dei andre kommunane. Dei siste tiåra har nynorsken i regelen vorte røysta ut av skulen i kommunar der språket står svakt. Over lengre tid, her og no, ser vi difor konturane av eit tredelt Noreg, språkpolitisk sett:

1. Nynorsk fleirtal: Kommunar der nynorsk er etablert som konvensjon; det normale og dominerande lokale skriftspråket.

2. 50/50-land: Kommunar der nynorsk finst som hovudmål i skulen, men er under til dels sterkt press – delvis av di nynorsk står svakt på andre felt i lokalsamfunnet.

3. Nynorsk mindretal: Nynorsk har aldri vore, eller finst ikkje lenger, i kommunen, verken som hovudmål i skular eller som utbreidd språk elles.

Sannsynet for framgang vil variera markant mellom desse tre typane geografiske område. Framgang er meir sannsynleg der nynorsk fleirtal rår grunnen, mindre sannsynleg i kommunar der det er nynorsk mindretal. Eit nynorsk arbeidsprogram lyt vera prega av desse sannsynsvurderingane.

4. Nynorske arbeidsoppgåver og -roller
4.1. Nynorsk fleirtal: Kraftsamling for nynorsk dominans
I kommunar som har valt nynorsk som administrasjonsspråk, vil Noregs Mållag bruka store ressursar på å styrkja dominansen til nynorsk, fremja godt språk og styrkja det målpolitiske medvitet hjå innbyggjarane.

Noregs Mållag må arbeida for å styrkja organisasjonen i desse områda. Det må skipast fleire mållag. Dei eksisterande mållaga må få støtte og få tildelt ressursar som gjer dei betre i stand til å fungera.

Mållag i slike område bør fyrst og fremst arbeida for å setja nynorsk på den lokale dagsordenen. Med andre ord: Skapa auka medvit knytt til nynorsk som hovudmål og lokalt fleirtalsspråk. Særskilt viktig er det å knyta nynorsk tett til førestellingar om lokal identitet. Meir merksemd kring nynorsk heng vidare saman med vektlegging av kvalitet: god nynorsk, sikker språkføring, odling av språket.

Mållag bør verta meir synlege i lokalsamfunna sine og skapa blest om nynorsk:
• Arrangera debattmøte, nynorske pub-kveldar, spørjekonkurransar og driva kreativt mediearbeid.
• Marknadsføra nynorsk på nye arenaer der folk flest faktisk er og samlar seg, t.d. på fotballstadion og andre idrettsarrangement.
• Ta initiativ til strategisk samarbeid med lokale turistforeiningar, reiselivsverksemder og liknande for å gjera den nynorske skriftkulturen meir synleg som lokalt/regionalt identitetsmerke.
• I lag med nærskylde tiltak, institusjonar og organisasjonar jobba overfor born og barnehagar for å spreia nynorsk litteratur og anna tilfang.
• Jobba overfor kommunestyre for å få desse til å vedta språklege handlingsplanar, også i kommunale selskap, og setja i gang nynorske tiltak for unge og vaksne. Ein arbeidsmetode kan vera innbyggjarinitiativ.
• Tilby lokalt næringsliv råd, tips og hjelp til å utvida og kvalitetssikra bruk av nynorsk.
• Arbeida for meir nynorsk marknadsføring; skapa positiv blest om dei som nyttar nynorsk på dette viset.
• Styrkja kontakten med grunnskular og vidaregåande skular i nærmiljøet for å drøfta temaet nynorsk og identitet med lærarar og administrasjon, og gjerne vera med på å arrangera skuleopplegg om dette, til dømes leksehjelp.
• Markera ulike “nynorske jubileum”, jf. innføring av nynorsk i kommune, kyrkje og skule.

Noregs Mållag – i tett samarbeid med Norsk Målungdom – skal prioritera førebygging av målbyte i desse områda. Arbeidskraftressursane som sentrallekken rår over, skal i monaleg større grad nyttast til å vitja ungdoms- og vidaregåande skular der nynorsk er hovudmål. Målrørsla må arbeida meir systematisk og målretta for at born og ungdom skal få eit medvite forhold til hovudmålet sitt. Ei anna viktig oppgåve er å sikra at vaksne innvandrarar får norskopplæringa si på nynorsk i desse områda.

4.2. 50/50-land: Lokale, rådgjevande folkerøystingar – styrkja nynorsken i lokalsamfunnet
I desse blandingsområda skal Noregs Mållag arbeida for at nynorsken vinn språklege duellar mellom nynorsk- og bokmålssida. Det er naudsynt å auka bruken av i lokalaviser, kommuneadministrasjon, barnehagar o.l. Det er i 50/50-land at målsak tydelegast ovrar seg som målstrid; det er her målsaka krev sterkast agitatorisk innsats frå mållaga. I regelen av di det er her nynorsk vert utfordra og må samla stemmer i lokale, rådgjevande folkerøystingar for å halda på posisjonen som hovudmål i skulen.

Det overordna målet for Noregs Mållag er å leggja til rette for at nynorsken får over 50 prosent av røystene i lokale, rådgjevande folkerøystingar om språk. På sett og vis er dette det mest krevjande målarbeidet. Difor er det særskilt viktig at ein intensiverer det målpolitiske skoleringsarbeidet i desse områda.

Gjennom ulike arrangement, tildeling av prisar og lokale markeringar må mållag framdyrka ei ålmenn oppfatning av nynorsk som eit stolt, positivt og moderne språk. Målrørsla må arbeida kreativt for å visa fram nynorsk i samtida. Den viktigaste rolla til Noregs Mållag skal vera å profesjonalisera valkamp for nynorsk i samband med lokale, rådgjevande folkerøystingar – i samarbeid med lokale mållag og andre naturlege støttespelarar. Kvar valkamp og folkerøystingssiger skal fylgjast opp med målretta arbeid overfor dei aktuelle lokalsamfunna – barnehage, skule, elevar, foreldre, lærarar – for å styrkja det lokale fotfestet til den nynorske skriftkulturen. Ikkje minst gjeld det å nytta slikt engasjement til å styrkja organisasjonen for framtida. Røynslene våre viser at det er kvinner (mødrer) som har det tyngste engasjementet i val av opplæringsmål. Noregs Mållag og lokale mållag må i tråd med dette arbeida målretta for å endra omdømmet til målrørsla og den nynorske skriftkulturen.

4.3. Nynorsk mindretal: Sidemål, media, næringsliv
Den mest nærliggjande oppgåva for Noregs Mållag og lokale mållag i nynorske mindretalsområde er å ta initiativ til opne dialogar med lokale styresmakter, skular, lærarmiljø og minoritetsspråklege miljø om nye måtar å undervisa og formidla nynorsk sidemål. Forskingsmiljøa strekar opp tre avgjerande moment for ei vellukka sidemålsundervising: tidleg start, tverrfagleg undervising og opplæring i språket som eit bruksspråk. Meir nynorsk i riksdekkjande media og næringsliv vil auka toleransen for nynorsk, og føra til at folk over heile landet får kontakt med og blir vane med nynorsk. Arbeid for å få til dette er dermed sentrale oppgåver også i område med nynorsk mindretal.

Nynorsk sidemål er tilsynelatande ei “evig” aktuell sak. Sidemålet må i større grad presenterast som ein føresetnad for kommunikasjon, toleranse og respekt mellom folk, og for innsikt i norsk språk. Meir forståing for nynorsk i bokmålsområde kan også medverka til mindre systematisk press mot nynorsk i det norske samfunnet.

Målrørsla må i særleg grad peika på at røynslene med nynorsk sidemål er særskilt relevante i eit fleirkulturelt Noreg med vesentleg større mangfald enn berre nynorsk/bokmål. I dei store, bokmålsdominerte byane handlar sidemål ikkje minst om integrering. Elevar med andre opphav enn det etnisk norske har moglegvis færre “klassiske” fordommar mot nynorsk. Dette opnar i så fall spanande rom for målrørsla. Det er avgjerande for framtida til nynorsk sidemål at større elevgrupper ikkje ”automatisk” vert stengde ute frå den nynorske skriftkulturen. Noregs Mållag skal arbeide for lik rett til nynorskkunnskap uavhengig av språkleg eller nasjonal bakgrunn. Dette arbeidet krev nært samarbeid med minoritetsspråklege sine eigne organisasjonar, der samarbeid om styrking av morsmålsopplæring òg vil vere viktig.

Lokale mållag og Noregs Mållag skal arbeida haldningsskapande og inkluderande for å styrkja sidemålet. Det er innlysande at vi må setja søkjelys på korleis nynorsk som sidemål vert introdusert for elevar – den fyrste nynorsktimen. Eit framtidsretta sidemålsarbeid krev målretta spreiing av informasjon om vellukka nyvinningar innanfor sidemålsundervisninga, og nye alliansepartnarar: Heile samskipnaden skal i større grad leggja vekt på å samtala og samarbeida med dei minoritetspråklege miljøa for å auka medvitet om den nynorske skriftkulturen og nynorsk som ein føresetnad for ei heilskapleg integrering i det norske samfunnet.

Lokale mållag arbeider mange stader for å oppretta nynorske parallellklassar i bokmålsland. Sentrallekken bør stø opp om dette viktige arbeidet, mellom anna gjennom vidareutvikling av nynorskklasse.no. Dette er berre éin av mange måtar å arbeide for å auka talet på nynorskbrukarar i bokmålsområde på. Målet for dette arbeidet må vera at nynorskbrukarar vel å halda på språket sitt, same kva mål som er i fleirtal der dei bur.

4.4. Lov, lobby og orden
Noregs Mållag skal meir systematisk arbeida overfor sentrale styresmakter, media og organisasjonar for å byggja og tryggja politiske fleirtal for nynorske rettar, saker og satsingar som styrkjer det nynorske kjerneområdet.

Nynorsk er i praksis eit mindretalsspråk med ein serie rettar som er innførte og sikra av relativt stabile politiske fleirtal, ikkje minst på Stortinget. Med andre ord: Vern av mindretal krev eller føreset støtte frå eit breitt fleirtal over lang tid. Difor må Noregs Mållag, ikkje minst i Oslo, overfor styresmaktene, leggja avgjerande vekt på å arbeida målretta overfor heile det politiske spekteret.

Ein føresetnad for nynorsk, politisk makt er eit levande og sterkt Løvebakken mållag. Noregs Mållag skal arbeida for at Løvebakken mållag i endå større grad skal verta ei tverrpolitisk kraft å rekna med på Stortinget. Noregs Mållag må elles prøva å få styresmaktene til å gå gjennom stoda til nynorsken på alle viktige felt i samfunnet med sikte på å få bort all diskriminering.
Noregs Mållag må arbeida for at ein slik gjennomgang munnar ut i ein offensiv tiltaksplan.

Noregs Mållag skal elles intensivera arbeidet med å framstå som ein dyktig og slagkraftig lobbyorganisasjon når det gjeld nynorske rettar, krav og interesser. Åtte strategiske område som utmerkjer seg, er:

- Offensiv distriktspolitikk overfor dei nynorske kjerneområda
- Nynorsk som mediespråk
- Nynorsk som fagspråk
- Lærarutdanninga
- Nynorsk i næringslivet
- Nynorskelevar sin rett til trykte og digitale læremiddel på eiga målform og til same tid som bokmålsutgåvene
- Språk og kultur i barnehagane i samband med mogeleg lovfesta rett til barnehageplass
- Nynorskopplæring for minoritetsspråklege

4.5 Landsdekkjande tiltak

4.5.1Aasen-minne og målreising
Noregs Mållag skal så snart som råd setja ned ei nemnd som skal førebu 200-årsminnet for Ivar Aasen i 2013.

Det må vera eit mål å nytta jubileet til å fremja den norske målreisinga over heile landet. Til dømes kan ein leggja til rette for lokale markeringar og minnesmerke på dei stadene Ivar Aasen vitja på samlarferdene sine, og samarbeida med skuleverk, kommunar og fylke på desse stadene. Gjennom grundige prosessar over fleire år kan ein få festa kunnskap og forståing for Aasen sitt arbeid i breie lag av folket, og slik frå fram korleis målreisingsverket gjeld heile Noreg.

4.5.2 Nynorsk kyrkjemål
Den norske kyrka er i endring. I den prosessen vil NM arbeida for at nynorsk får breiast mogleg plass i administrasjon, ny Norsk salmebok, gudstenesteliv og i andre kyrkjelege handlingar. Mållaget vil passa på at den kyrkjelege administrasjonen held seg til Mållova.


5. Organisasjonen
Noregs Mållag må føra vidare og utvikla satsinga på organisasjonsbygging. Målet er å styrkja heile organisasjonen. Det må rekrutterast fleire aktive målfolk. Noregs Mållag skal gjennomføra ein vervekampanje for å auka medlemstalet til 12 000 i perioden.

Noregs Mållag vil arbeida for å samla organisasjonen til fleire kampanjar og fellesaksjonar. Gjennom samordna utoverretta aksjonar syner vi best att som ein landsfemnande og sterk samskipnad, og vi kan trekkja vekslar på aktiviteten hjå kvarandre for å få fram saker lokalt.

Noregs Mållag stiller kvart år inntil 200 000 kroner til rådvelde til styrking av organisasjonen. Midlane skal i hovudsak brukast til lønsmidlar og andre prosjekt i eit samarbeid mellom sentrallekken og dei ulike fylkeslaga. Noregs Mållag vil leggja til rette for at rike mållag og nynorske fond kanaliserer ressursane sine, løyvingar og gåver til prosjekt og tiltak som gagnar nynorsken direkte.

Noregs Mållag skal kvart år skipa eit nasjonalt seminar som tek opp målpolitiske spørsmål. Seminaret skal primært vera lagt til rette for tillitsvalde og aktivistar i lokallag og fylkeslag.

Fylkeslag og lokallag
Lokallaga er reisverket i Noregs Mållag og utgjer den viktigaste ressursen i organisasjonen. Noregs Mållag vil styrkja rekrutteringa og lokallagsstyra gjennom betre leiartrening og skolering. Lokallaga er ofte kjenneteikna av eit godt og viktig kulturarbeid. Samstundes må lokallaga setjast i stand til å arbeida meir direkte med målpolitiske utspel. Styremedlemer og tilsette i Noregs Mållag bør til saman vitja alle fylkeslag og minst 50 lokallag kvart arbeidsår.

Noregs Mållag sentralt skal samarbeida med fylkeslaga om regionale kurs og seminar, og her skal samlingar som femner om fleire fylkeslag, prioriterast. Kursa og seminara skal ha som mål å fremja leiartrening, målpolitisk skolering og organisasjonskunnskap.

Yrkesmållag
Det er viktig for Noregs Mållag å få auka kompetansen og rekrutteringa på fleire samfunnsområde. Det trengst organisatoriske strategiar for å nå nye medlemer i mellom anna sjukehusføretaka, universiteta og høgskulane. I arbeidsperioden skal Noregs Mållag satsa meir systematisk på yrkesmållag og arbeidsplass-mållag, både ved å støtta opp om nyetableringar og ved å støtta dei eksisterande tiltaka. Det er viktig å bruka kompetansen i yrkesmållaga meir aktivt til oppgåver på fagfelta deira.

Målpolitisk utviklingsarbeid
Noregs Mållag skal styrkja den ideologiske og praktiske skoleringa. Noregs Mållag skal i perioden rusta opp studiearbeidet gjennom å utvikla minst eitt nytt studieopplegg for året innanfor aktuelle målpolitiske arbeidsområde, informera betre om dei studieopplegga som alt er utvikla sentralt, i fylkeslaga og i lokallaga, og arbeida for å auka studieaktiviteten og innrapporteringa mellom anna gjennom å laga betre rettleiingar for studieleiarane. Det er òg viktig at laga ut frå eigne føresetnader arbeider ut kurs- og studiemateriell til lokalt bruk.

Det internasjonale perspektivet er viktig i den norske målstriden. Vi treng allierte til støtte for arbeidet vårt og for å auka kunnskapen vår om ny forsking og politikk på det fleirspråklege området. Noregs Mållag skal i perioden ha eit internasjonalt utval som skal arbeida med å knyta kontaktar i utlandet og laga skoleringsmateriell for organisasjonen.

Kommunikasjons- og mediearbeid
Noregs Mållag må vera synleg som ein framtidsretta, meiningsberande stridsorganisasjon. Samskipnaden og politikken må gjerast meir synleg for vanlege folk, styresmakter, skuleverket, andre offentlege institusjonar, næringsliv og organisasjonar.

Det skal liggja føre gode kommunikasjons- og medieplanar. Planane skal vera gode verktøy for prioritering og ressursbruk og tydelege i høve til eit ”årshjul” for aktiviteten vår og omverda. I størst mogleg grad må desse planane òg ta opp i seg potensialet som ligg i kontakten mellom fylkes- og lokalorganisasjonen og media i dei ulike regionane. Godt samarbeid, ansvarsdeling og skolering i mediearbeid gjev resultat. Dei lokale mållaga har eit heilt nettverk av lokalaviser og lokalradioar som må utnyttast betre. Det er viktig å ha gode rutinar for medieovervaking for å kommentera/reagera på ulike utspel og debattar.

Norsk Tidend skal førast vidare som medlemsblad og gje medlemene, nynorskfolk, dei politiske miljøa, medspelarar og motspelarar til Noregs Mållag og vanlege tingarar dei viktigaste nyhenda om målsaka. Norsk Tidend skal spegla og samla Noregs Mållag, samstundes som avisa skal utfordra, overraska og skapa ordskifte.

På vevsidene skal ein få oppdatert informasjon om Noregs Mållag og nyhende om nynorsk. Målgruppene er både medlemer og eksterne informasjonssøkjarar. I høve til andre nynorsksider skal vevsidene til Noregs Mållag vera best på målpolitikk.

Noregs Mållag skal leggja til rette for at alle lokal- og fylkeslag får eigne heimesider med nyhende, innmeldingsskjema, kontaktopplysningar og annan informasjon. Det er eit mål at fleire av mållaga vert synlege i den digitale verda, og at meir av kommunikasjonen går føre seg digitalt.

6. Årsmeldingar
Arbeidsprogrammet skal fylgjast opp kvart år med årsmeldingar som både analyserer stoda til nynorsken og i kva grad mållagsarbeid både sentralt og lokalt har påverka denne situasjonen; dei individuelle og kollektive vala som ligg til grunn for bruk av nynorsk. Ei årsmelding bør i tillegg presentera ein målpolitisk rekneskap og ei vurdering av i kva grad retninga og hovudprioriteringane i arbeidsprogrammet vert fylgde opp i kvardagen.

Vedteke på landsmøtet i Stavanger 2008
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no