Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. JULI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Nytt prinsipprogram Program Arbeidsprogram Prinsipprogram Internasjonalt program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Prinsipprogram for Noregs Mållag

Vedteke på landsmøtet i Trondheim 26. juli 1997

Føremål
Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Noregs Mållag arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet.

Grunnlag
I striden for nasjonal, sosial og kulturell frigjering fekk det norske folket sitt eige skriftmål. Ivar Aasen granska dei norske målføra og sette opp ei landsgyldig, samlande norm. Nynorsken byggjer på dei norske målføra som står i ubroten samanheng med gammalnorsk.

Prinsippa som Aasen bygde skriftmålet på, gjer nynorsken til eit språk som alle kan kjenne seg heime i, og til ein god reiskap for tanke og kommunikasjon.

Det nynorske skriftmålet vart reist av ei brei folkerørsle, retta mot kulturell og sosial kuing. Målfolket har stridd nynorsken fram som bruksmål på stadig nye område. Noregs Mållag byggjer vidare på denne tradisjonen.

Talemål
Dialektane står sterkare i Noreg enn i mange andre land, ikkje minst på grunn av arbeidet til målrørsla. Trass i språkleg undertrykking har folk hevda retten til å bruke sitt eige språk, slik at dialekttale i dag er den vanlegaste uttrykksmåten for folk flest.

Dialektane er utsette for eit sterkt press, særleg frå talt og skrive bokmål. Noregs Mållag forsvarer dialektane og dialektbruken mot dette presset.

Normert nynorsk tale kan vere eit viktig ryggstø både for skriftspråket og for målføra.

Skriftmål
Noregs Mållag arbeider for at enkel setningsbygnad og folkeleg seiemåte skal vere stilmønster for skriftspråket, og for å lage nyord på heimleg grunn framfor å hente dei inn frå andre språk.

Noregs Mållag ynskjer at nynorsken skal normerast på sjølvstendig grunnlag.

Samisk og kvensk språk og kultur
Noregs Mållag stør samar og kvener i deira strid for språk og kultur.

Andre språkgrupper
Røter i eige språk, eigen kultur og eigne tradisjonar gir folk tryggleik og eit godt grunnlag for eit likeverdig hopehav med andre. Noregs Mållag stør difor det arbeidet minoritetar i Noreg driv for språkleg og kulturell rettferd.

Internasjonalt samarbeid
Noregs Mållag stør tiltak som styrkjer og vernar om språkleg og kulturelt mangfald, og vil søkje kontakt og samarbeid med andre organisasjonar og språkgrupper som arbeider for språklege og kulturelle rettar.

Noregs Mållag og prinsipprogrammet
Medlemene i Noregs Mållag legg prinsipprogrammet til grunn for arbeidet. Noregs Mållag er partipolitisk ubunde, men kan ta stilling i einskildsaker og samarbeide med andre organisasjonar når det tener målsaka.

Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no