Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Arbeidsprogram Prinsipprogram Internasjonalt program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Vedteke på Landsmøtet til Noregs Mållag i 2005

Internasjonalt program for språkleg og kulturelt mangfald

Innhald

I Innleiing
1. Føremål

II Det internasjonale perspektivet
2. Individuelle og kollektive språkrettar
3. Språkleg mangfald
4. Språkstoda
5. Status for språk
6. Nynorsken i verda

III Det internasjonale arbeidet
7. Arbeidet for språkleg frigjering
8. Noregs Mållag i verda
8.1 Kva kan Noregs Mållag lære av andre?
8.2 Kva kan andre lære av Noregs Mållag og av den norske språkstoda?
8.3 Korleis kan me gjere det internasjonale til ein del av målreisinga?
I Innleiing

1. Føremål
Retten til språk er ein menneskerett. Retten er mellom anna nedfelt i menneskeretts¬¬fråsegna åt SN og i den universelle fråsegna om språklege rettar frå 1996 (Barcelona-fråsegna). Likevel vert svært mange språk kua og undertrykte. Det gjeld òg nynorsken. Noregs Mållag vil gjere noko med denne stoda. Difor treng me meir arbeid for språklege rettar, og det arbeidet må gjerast meir internasjonal.
Norsk målreising er eit døme mellom mange på ein kamp som skjer over heile verda – det den franske sosiolingvisten Louis-Jean Calvet har kalla la guerre des langues eller språkkrigen.
Ved å arbeide for nynorsk og dialektar ser Noregs Mållag seg som del av ei internasjonal rørsle som arbeider for språkleg og kulturelt mangfald. Internasjonalt målarbeid går såleis inn som del av den norske målreisingstanken.
Internasjonalt program skal vere ein reiskap for det internasjonale arbeidet åt Noregs Mållag. Me ser tre hovudmål for det arbeidet:

1. Få meir kunnskap og auka forståing om målstoda internasjonalt.
2. Styrkje målarbeidet i Noreg gjennom internasjonalt perspektiv.
3. Vise internasjonal solidaritet

II Det internasjonale perspektivet
2. Individuelle og kollektive språkrettar
Individuelle språkrettar eksisterer i eit samspel med det samfunnet som einskildindividet høyrer til, slik det er definert i Barcelona-fråsegna frå 1996. På denne bakgrunnen har storsamfunnet ansvar for å leggje til rette for at brukarane av eit språk mellom anna får undervisning, kulturtilbod, informasjon og massemedia på sitt eige språk. Alle skal kunne kommunisere på sitt eige språk andsynes offentlege styresmakter, og kunne bruke språket på dei geografiske, sosiale og funksjonelle bruksområda som er viktige for eit fullverdig liv.
For at språklege rettar skal verte til røyndom, må det skje ei solidarisk fordeling av byrdene. I kva grad folk som høyrer til fleirtalet lærer språket til mindretalet, seier noko om språkrettar og om posisjonane til mindretalsspråket.

STANDPUNKT:
Styresmaktene har ansvaret for å leggje tilhøva til rette slik at språklege minoritetsgrupper kan nytte språket sitt andsynes offentlege styresmakter og i alle funksjonelle bruksområde.

3. Språkleg mangfald
Det språklege mangfaldet i verda har ein eigenverdi, og det er ein umisseleg rikdom på line med kulturelt eller biologisk mangfald. Mangfald er også ein styrke. Eit språk er ein lagringsplass for røynsler, kunnskap, kultur og historie. Eit språk er ein viktig del av identiteten til eit menneske.
Som det heiter i ei fråsegn frå European Bureau for Lesser Used Languages: ”Språket er ein del av arven til heile samfunnet, ikkje berre til dei som bruker det.” Ein kultur er nært knytt til eit språk, språket er ein del av kulturen, og språket er den fremste beraren av kulturen. Utan å kjenne språket forstår ein ikkje kulturen. Språkleg mangfald er ein viktig føresetnad for at kulturelt mangfald skal haldast ved lag.
Dei fleste stader i verda er folk fleirspråklege – fleirspråklege samfunn skapar fleirspråklege menneske. Talet på språk ein person meistrar, avheng den sosiale statusen til språkgruppa. Folk langt nede i det sosiale hierarkiet kan ofte språka til folk på same nivå pluss språka til dei høgare oppe, medan folk høgt oppe oftast ikkje kan språka til dei lenger nede, berre språka til folk med same eller endå høgare sosial status. Eit språk arvar status frå talarane.
Høgstatusspråk er nykelen til karriere og prestisje, og lågstatusspråk møter både motstand og likesæle. I samfunn der mindretalsspråk og lågstatusspråk har ein del juridisk definerte rettar, må brukarane av desse språka svært ofte sjølve vere «språkpoliti». Det private næringslivet er det området der det er vanskelegast i oppnå jamstelling.
Språkleg jamstelling er ein grunnleggjande menneskerett, og eit samfunn utan språkleg jamstelling har eit demokratisk underskot. Eit demokrati kan heller ikkje fungere utan deltaking av dei ulike språka i samfunnet.

STANDPUNKT:
Språkleg mangfald er ein rikdom, og Noregs Mållag må stø alle tiltak som tener til å halde mangfaldet ved lag.

4. Språkstoda
Å fastsetje eit heilt nøyaktig tal på språk i verda er umogleg, av di det ikkje finst noko bastant skilje mellom språk og dialekt. Det er likevel vanleg å rekne med at om lag 6000 språk vert talte i verda i dag, og om lag ein tredjedel av desse er skriftfesta. Språka er ikkje like store: Dei 60 største språka (1 % av språka) vert snakka av 80 % av verdas folk. 5000 av dei 6000 språka har under 10000 talarar, halvparten har under 4000 talarar.
Kring 90 av språka i verda har status som offisielle språk, anten i ein eller fleire statar eller i delar av ein stat.
Jamvel om det finst mange språk i verda, kan ein slå fast at talet på språk minkar, og at farta på språkdaudeprosessen aukar. Mellom 20 og 50 % av språka i verda alt ligg på sotteseng og er døyande. Det gjeld i alle fall alle dei språka som ikkje lenger vert talte av barn; dei døyr ut med den siste generasjonen som talar dei. I tillegg kan så mange som mellom 45 og 75 % av alle språk vere å sjå på som truga. Lagnaden til alle desse språka er altså uviss.
Språkskifte og språkdaude vert ofte framstelde som delar av ei uunngåeleg utvikling, men slik er det ikkje. Språk forsvinn når talarane vel å ikkje bruke dei lenger. Slike språkval heng saman med ei rad faktorar. I visse tilfelle er det tale om direkte undertrykking frå majoriteten. I andre tilfelle er undertrykkinga og presset meir indirekte i form av dårlege rammevilkår, negative haldningar og konkurransefortrinn ved å gå over til majoritetsspråket.
Er så nynorsk eit truga språk? Å svare eit absolutt nei eller eit absolutt ja på eit slikt spørsmål, er umogleg. Men om me tek omsyn til alt me veit om språkendring og språkbyteprosessar, så er svaret mykje nærmare ”nei” enn ”ja”. I globalt perspektiv er nynorsk slett ikkje noko lite språk; med over ein halv million brukarar er det blant dei 400 største språka i verda. Storleik er såleis ein faktor som spelar inn, jamvel om også visse språk som vert tala av millionar, kan reknast som truga. Det andre er at nynorsk er skriftfesta, vert brukt som skriftspråk og har ein skriftkultur. Det tredje er at nynorsk vert brukt i eit rikt land, har offisiell status, vert undervist i skolen og vert brukt innanfor mange og ulike samfunnsområde.

STANDPUNKT:
Med tap i språkrikdommen forsvinn ein umisseleg del av den menneskelege kulturarven. Noregs Mållag er mot politikken som drep språk.
Den relativt sikre posisjonen nynorsk har, iallfall i dag, må ikkje få oss til å late att auga for den globale språksituasjonen. Det i seg sjølv gjev Noregs Mållag grunn til å ha eit internasjonalt program, og det gjev grunnlag for å programfeste arbeid mot språkdaude.

5. Status for språk
Språkleg status for skriftspråk er knytt til makt og institusjonar. I sjølvstendige statar er det språket til den maktberande eliten som har fått offisiell status, og gjennom skule, kyrkje og administrasjon har andre språk fått ein meir eller mindre marginalisert status. Der er likevel mange historiske døme på at eit marginalisert språk har reist seg, t.d. samisk, walisisk, tsjekkisk, slovakisk, indonesisk og somali, og nynorsken står i ein slik tradisjon. Denne reisinga heng igjen saman med ein kulturell og politisk maktkamp.
I statar som ikkje har vore koloniar, er språket til den dominerande eliten i staten statsberande. Det gjeld t.d. fransk i Frankrike.
I dei fleste tidlegare koloniane er det tidlegare kolonispråket offisielt språk, sjølv om dette språket ofte berre vert snakka og forstått av nokre fåe prosent av folket. Det gjeld t.d. fransk i tidlegare koloniar i Afrika (Mali, Guinea, Niger, Kamerun o.a.) .
Så lenge eit språk fungerer berre som talespråk, treng det ikkje anna enn talarar, dvs. eit språksamfunn. For å fungere i skrift, må språket verte kodifisert med ordbøker og grammatikk, og det må kontunuerleg utviklast i høve til nye språkbrukskontekstar. I ei digitalisert verd treng alle skriftspråk godt utbygd språkteknologi.
Når undertrykte språk bukkar under, vert dei avløyste av det dominerande språket der dei vert snakka. Det største trugsmålet mot språkleg mangfald er dermed ikkje engelsk som globalspråk, men det språket som er dominerande i landet.
Engelsk trugar det språklege mangfaldet i verda på ein annan måte, ved å ete seg inn på avgrensa domene til dei offisielle språka i andre land, på område som arbeidsspråk, mediespråk, kommersielt språk, akademisk språk. Sjølv om dei offisielle språka fungerer på smalare domene, er dei framleis dominerande i landa dei vert brukt.
Like fullt finst det motstand mot domenetap, og den framtidige utviklinga heng saman med kva val språkbrukarane og språksamfunnet gjer. Ved å halde fram med å bruke morsmålet sitt på alle samfunnsområde, motverkar talarane domenetap. Gjennom systematisk politikk for språkstyrking kan styresmaktene spele ei vesentleg rolle.

STANDPUNKT:
Noregs Mållag vil ha ein demokratisk språkpolitikk, der det ikkje er økonomisk status som skal avgjere kva språklege ressursar talarane skal ha tilgang til.
Føresetnadene for demokrati er at folk kan deltake fritt i det offentlege ordskiftet, få innsikt i styringsverket på eit språk dei forstår, og at staten tek omsyn til meiningane deira – uansett kva språk meiningane vert fremja på.
Styresmaktene har eit ansvar for å unngå domenetap for språk gjennom systematisk språkstyrking.

6. Nynorsken i verda
Jamvel om målstoda i to land aldri er heilt like, kan det likevel finnast svært mange parallellar. Den norske språkstoda har såleis både sine heilt spesielle drag og ei lang rekkje drag som vi kan finna att mange stader i verda, og ikkje minst i vår eigen verdsdel. Europa har hatt ei turbulent soge, med stadig skiftande riksgrenser og med unionar som har kome og gått. Mang ei folkegruppe har opplevd å verte dominert av ei anna folkegruppe med eit anna språk. I somme tilfelle har dei språklege skilnadene vore store, som mellom samisk og norsk/svensk/finsk/russisk, finsk og svensk, estisk og russisk, latvisk og russisk, walisisk og engelsk, baskisk og kastiljansk/fransk, bretonsk og fransk, grønlandsk og dansk eller islandsk og dansk. I andre tilfelle har dei språklege skilnadene vore mindre, men likevel reelle, som mellom kviterussisk og russisk, ukrainsk og russisk, slovakisk og tsjekkisk, katalansk og kastiljansk, galisisk og kastiljansk, oksitansk og fransk, frisisk og nederlandsk, lågtysk og høgtysk eller norsk og dansk. Her er det snakk om motsetnader mellom ulike standardspråk langs eit dialektkontinuum.
Når dei språklege skilnadene er relativt småe, vert språket til den veike parten ofte omdefinert til eit målføre av språket til den sterke parten. Slik var synet på tilhøvet mellom norsk og dansk under dansketida, inntil dansk med norsk aksent av nasjonalistiske grunnar – under unionen med Sverige – vart omdefinert til eit norsk målføre, eller jamvel som sjølve det norske standardspråket.
Det offisielle norske synet på skriftmålstoda vår er at nynorsk og bokmål er to norske målformer, dvs. to jamstelte skriftlege uttrykk for heilskapen av norske målføre. Av dette synet fylgjer det at nynorsken også i praksis skal ha dei same rettane som bokmålet. Samstundes har det vore ein sterkare tendens dei siste åra til å tale om nynorsk og bokmål som to skriftspråk og to språkkulturar. Såleis vert det òg tala om ”tospråkstoda”. Noregs Mållag meiner at nynorsk og bokmål er nærskylde, men likevel to ulike språk. Føresetnaden er framleis at nynorsk skal vere jamstelt med bokmålet.
Den språksosiologiske ulikskapen mellom bokmål og nynorsk gjer at nynorsken har fleire trekk til felles med minoritetsspråk. Omsynet til offisiell jamstelling har likevel gjort at målfolk har vegra seg mot å sjå nynorsken i ein internasjonal minoritetsspråkskontekst. Ulempa med ei slik vegring er mellom anna at ein ikkje har kunna drage vekslar på den stadig sterkare europeiske og globale minoritetsspråksrørsla. Målrørsla bør no orientere seg andsynes minoritetsspråksrørsla. Ei slik orientering treng ikkje å stå i vegen for prinsippet om at nynorsken er eit nasjonalt mål.
Som samnemnar for norske dialektar representerer nynorsken eit majoritetsspråk. Majoritetsspråksperspektivet vert derimot meiningslaust dersom Noregs Mållag ikkje tek stilling til talemålsutviklinga, til dømes spørsmålet om bokmålsnære talemålsvariantar spreier seg i dalstroka på Austlandet.
Dersom me berre legg vekt på særnorske tilhøve, ser me ikkje at det finst mange parallellar til den norske målstoda, ikkje minst i Europa, der mange språk gjennom tidene har vore undertrykte av nære grannar i eit dialektkontinuum.

STANDPUNKT:
Noregs Mållag meiner at nynorsk og bokmål er nærskylde, men likevel to ulike språk.
Noregs Mållag må få fram i den norske ålmenta at den norske språkstoda ikkje er unik og ”unormal”.
Nynorsken bør setjast i ein internasjonal minoritetsspråkskontekst, samstundes som statusen som offisielt nasjonalspråk vert forsvara og styrkt.
Arbeidet mot dialektdaude i norsk må sjåast på som del av det internasjonale arbeidet mot språkdaude.


III Det internasjonale arbeidet
7. Arbeidet for språkleg frigjering
Språkleg undertrykking og språkleg press kan verte møtt på tre måtar: med individuell tilpassing, med passiv motstand eller med kollektiv reising.
Individuell tilpassing inneber å byte om til språket åt eliten (frå afrikanske språk til fransk eller engelsk i Afrika, frå bokmål til nynorsk i Noreg).
Passiv motstand inneber at ein prøver å ignorere eller isolere seg frå undertrykkinga, t.d. gjennom gettoisering.
Kollektiv reising inneber å arbeide for at eins eige språk skal kunne verte brukt. Dette arbeidet har ulike former i ulike land. I nokre tilfelle er det organisasjonar som arbeider for språklege rettar. Me kan dele slike organisasjonar inn i ulike typar, alt etter om dei er laga for eitt eller fleire språk, og etter om dei er laga av inn- eller utgrupper. Særleg for småe språksamfunn finst det støtteorganisasjonar drive av folk som ikkje er medlemmer av dei utsette språksamfunna, som når vestlege språkforskarar organiserer seg for å arbeide for utryddingstruga språk. Det at språklege minoritetar sjølv organiserer seg, er langt mindre vanleg, den marginaliserte statusen deira gjer det tvert i mot vanskeleg med organisert motstand. To døme på inngruppeorganisasjonar er European Bureau for Lesser Used Languages og Noregs Mållag.
I fleire språksamfunn, t.d. Wales og Katalonia, er òg dei offentlege styresmaktene med på å føre arbeidet for det mindre brukte språket. Det mindre brukt språket nyt i desse tilfella godt av særlege privilegium som gjer at dei kan utvikle seg og konsolidere seg i språksamfunnet. I Noreg har regjeringa gjennom Kulturmeldinga formulert ein politikk som går ut på at nynorsken treng særleg støtte og må nyte godt av ”positiv diskriminering”. Stortinget slutta seg i 2004 til intensjonane i Kulturmeldinga.

STANDPUNKT:
Noregs Mållag meiner at alle minoritetsspråk i ein periode må nyte godt av særlege privilegium, slik at dei kan konsolidere seg i språksamfunnet.

8. Noregs Mållag i verda
Hovudoppgåva til Noregs Mållag er å styrkja målarbeidet i Noreg. I det arbeidet er det viktig å få meir kunnskap om målarbeid også i andre delar av verda, både for å drage vekslar på røynsler frå andre språkkampar og for å vere solidariske med andre i deira kamp for språket sitt/språka sine. Samstundes kan utveksling og samarbeid med målorganisasjonar i andre land styrkje samhaldet og gjera sitt til at ein utviklar eit betre internasjonalt regelverk om språklege rettar.
Jamført med språkorganisasjonar i utlandet er Noregs Mållag ganske stor med over 10300 medlemer og 150–170 aktive lokallag. Dinest er det verdt å merke seg at Noregs Mållag samlar i seg mange ulike politiske synspunkt; andre språkorganisasjonar er ofte meir spissa politisk. For det tredje har Noregs Mållag ein tradisjon for politisk samarbeid, politiske alliansar og langsiktig planlegging, ikkje av sivil ulydnad og medieaksjonar slik somme andre europeiske organisasjonar har. Mållaget har samstundes landsfemnande aksjonar, og me finn parallellar til meir aktivistiske organisasjonar. Lokalt ligg styrken til mållaga mykje på det allmenne kulturarbeidet.
Som demokratisk folkerørsle er det eit mål for Noregs Mållag å gå inn i internasjonalt samarbeid med andre medlemsbaserte språkorganisasjonar. Organisasjonen må likevel take omsyn til at tilhøva er ulike frå land til land. I fleire land eksisterer det ikkje språkorganisasjonar, og dei som finst kan vere ganske annleis Noregs Mållag. Difor kan det i somme tilfelle vere mest realistisk å knyte kontaktar med institusjonar og nettverk med fagfolk som er språkpolitisk aktive. Det må vere ein føresetnad at samarbeidspartnarar har eit syn på språklege rettar som ikkje bryt grunnleggjande med synet åt Noregs Mållag.

STANDPUNKT:
Punkta 8.1, 8.2 og 8.3 (nedanfor) oppsummerer korleis Noregs Mållag reint praktisk kan drive internasjonalt målarbeid.

8.1 Kva kan Noregs Mållag lære av andre?
Noregs Mållag vil kunne lære mykje av å sjå på likskapar og ulikskapar i høve til språksituasjonen i andre land.
• I eit internasjonalt perspektiv er den norske tospråkssituasjonen slett ikkje spesiell, og langt frå sær. Fleirspråklege samfunn er mykje meir utbreidde enn eittspråklege. At ulike skriftspråk ligg så nært kvarandre språkleg at dei er gjensidig forståelege, finst det mange døme på, òg i same nasjonalstaten. Kunnskap om desse likskapane kan gje styrke i det heimlege ordskiftet.
• Internasjonalt utsyn viser at me òg i utlandet finn fordomar om at det dominerande språket er ”moderne” og ”urbane”, medan brukarane av det mindre brukte språket er stempla som ”gamaldagse” og ”perifere”. Det er viktig å få fram at dette er stereotypiar som det er mogleg å endre.
• I kampen for nynorsken kan me lære av røynsler andre har med språkpolitikk og språkplanlegging. Stoda til katalansk i Katalonia (Spania) viser fleire drag sams med stoda til nynorsken, og Noregs Mållag bør studera nøye språkpolitikken i katalanskspråklege område. Der er det gjort mykje på relativt kort tid.
• Ved å få fram innsatsen til einskildpersonar og organisasjonar i utlandet, kan me gje inspirasjon for fleire til å engasjere seg i norsk målreising.
• Noregs Mållag kan vidare lære av dei politiske og identitetsmessige grunngjevingane for annan målstrid.

8.2 Kva kan andre lære av Noregs Mållag og den norske målstoda?
Noregs Mållag og norsk målrørsle meir allment har drive med målreising og målkamp gjennom snart 150 år, og styrken vår ligg nettopp i det breie røynslegrunnlaget dette har gjeve oss.
• Arbeidet strekkjer seg frå det reint språkvitskaplege arbeidet som Ivar Aasen innleidde, og som viser ein original og profilert måte å lage eit skriftspråk på, via det kulturelle arbeidet som kjem til uttrykk gjennom bruken av nynorsken som litteraturspråk, til utviklinga av folkerørsler og til det politiske arbeidet med å få språket vårt inn i skular, styringsverk og kyrkjer.
• Mykje arbeid krev ein kombinasjon av fleire strategiar, som kampen for nynorske dataprogram.
• Røynslene våre omfattar også kva som er særskilt vanskeleg, som det å få nynorsken inn i det private næringslivet og i kiosklitteraturen.
• Endeleg er det grunn til å dra fram dei lange røynslene våre med å vera vaktbikkjer som ser etter at styresmaktene fylgjer mållova.
• Noko av det som særpregar Noreg mest, er den utbreidde dialektbruken. Det faktum at nynorsken har dialektane som normgrunnlag, er ikkje unikt, men det er heller ikkje det som pregar skriftkulturar flest. Forholdet mellom skrift og tale er såleis noko annleis i Noreg enn i andre land. Det gjeld Noreg generelt, men heng nært saman med Aasens val av normgrunnlag for nynorsken. Den norske språksituasjonen har vent oss norske til språkleg variasjon, både i tale og skrift. Det gjer at me har eit grunnlag for å forstå det som er annleis, det som er avvikande i høve til vårt eige, i større grad enn dei som er sosialiserte inn i einspråklege, standardiserte språkkulturar.

8.3 Korleis kan me gjere det internasjonale til ein del av målreisinga?
For å gjere det internasjonale perspektivet til ein del av norsk målreising, må Noregs Mållag arbeide på fleire felt:
• For det fyrste trengst det informasjonskampanjar innetter i Noregs Mållag for å vise medlemene våre verdien av det internasjonale perspektivet. Der bør vere meir medviten bruk av internasjonale jamføringar når Noregs Mållag fremjer og diskuterer målpolitiske spørsmål. Medlemer i Noregs Mållag må verte oppmoda til å formidle korleis ein taklar språkmangfaldet i andre land vidare på ulike samfunnsområde i Noreg. Mållaget bør ha studieringar om internasjonale spørsmål, i fyrste omgang ein studiering om katalansk målreising.
• For det andre bør det internasjonale perspektivet koma inn i dialogen målrørsla har med styresmaktene og i informasjonsarbeidet andsynes det norske samfunnet meir allment. Det gjeld både internasjonale jamføringar for å styrkje nynorsken, men òg at Noregs Mållag markerer seg tydelegare i spørsmål som dreier seg om språkleg mangfald i høve minoritetsspråklege.
• For det tredje bør Noregs Mållag engasjere seg i internasjonalt målarbeid. Noregs Mållag bør i åra framover prioritere kontakt med målrørsler i andre land, og take initiativ til utveksling med ulike organisasjonar og institusjonar. Eit nettverkssamarbeid vil òg vere aktuelt. Noregs Mållag bør vidare engasjere seg i ein internasjonal minoritetsspråkskontekst. På den måten kan Noregs Mållag kople seg til den stadig sterkare europeiske og globale minoritetsspråksrørsla, og få meir internasjonal innsikt. Det er òg ein måte utanomverda kan få vite meir om nynorsk. Norsk deltaking i EU-nettverket Comenius er difor interessant. Noregs Mållag bør oppmode Norsk Målungdom om å fare på internasjonale sommarleirar.
• Internasjonalt utval held fram med arbeidet ved å gje råd, setje seg inn i, og halde seg oppdatert på språkstoda i verda. Utvalet bør òg brukast aktivt i samband med ein internasjonal konferanse som skal skipast i Bergen i samband med 100-årsjubileet åt Noregs Mållag i 2006.
• For det fjerde vil Noregs Mållag ta kontakt og utvikle samarbeid med innvandrarar som er opptekne av si eiga språkstode i det norske samfunnet. Vi vil stø krava deira om betre morsmålsopplæring, og gjere det vi kan for at dei skal få ei norskopplæring der dei får høve til å lære meir om dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket.

Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no