Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. MAI 2013 Information in english


Nyhende Nyhendebrev Nynorskstafetten Sidemål Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Stadnamnlova Normering Næringsliv Kyrkjemål Skule Læremiddel IT Media Offentleg målbruk Val Landsmøte 2013 Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Barnehagekampanjen Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Klageportalen Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Nynorsk i skulen

Nynorsk i skulen har i lang tid vore det viktigaste arbeidsfeltet for Noregs Mållag. Det er i skulen vi lærer å skriva, og det er der vi får haldningar til språk.

Noregs Mållag arbeider med fire hovudfelt innanfor skuleverket.

Folkerøystingar. I Noreg kan alle som har vanleg røysterett ved kommune- og stortingsval, vera med å avgjera kva språk skulen i lokalsamfunnet skal bruka. I mest alle stader der nynorsk er hovudmål på eij barneskule, har det vore folkerøysting. Derimot er det svært vanleg at der bokmål er hovudmål, har det ikkje vore folkerøysting om dette. Noregs Mållag og lokallaga våre hjelper til for å vinna slike folkerøystingar.

Nynorskklassar: Målrørsla arbeider for å skipa eigne klassar med nynorsk på skular som i utgangspunktet har bokmål (parallellklassar).

Sidemålsopplæringa: Prinsippet om at alle nordmenn skal læra både nynorsk og bokmål tryggjer retten til å velja sitt personlege skriftmål.

Læremiddelarbeid er framleis viktig for å sikra at nynorskelevar har eit like godt skuletilbod som bokmålselevane. Noregs Mållag forsvarer prinsippet om at alle læremiddel skal koma på nynorsk til same tid og pris som på bokmål. No er det særs viktig med læremiddel på data.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2013
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no