Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Lokalt næringslivsarbeid Argumentliste Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Seks grunnar til å velje nynorsk i næringslivet

1 Det styrkjer den lokale tilknytinga
Når du tevlar om merksemda i ein marknad, er det viktig å skilje seg ut. Det kan vere god pris, fin parkeringsplass eller eit godt namn. Noko anna kan vere lokalt tilknyting. Ved å nytte nynorsk syner du fram kvar du kjem frå, både lokalsamfunnet og regionen. Det vil skilje merkevara/verksemda frå dei store nasjonale kjedene. På Vestlandet har til dømes Drageset Mat nytta seg av dette, der dei har lykkast i å stå i ein kontrast til dei store nasjonale matvarekjedene. Heilt til dei vart kjøpt opp.

2 Du knyter deg til positive verdiar
Nynorsk blir sett på som noko ekte, noko trygt, noko som har ein lang tradisjon. Ved å bruke nynorsk, kan du knyte verksemda til desse verdiane. På same måte vil merkevarer som er marknadsførte i nynorsk språkdrakt bli knytt til desse verdiane. Difor ser ein ofte at til dømes økologiske matvarer blir marknadsførte på nynorsk. Lerum er eit døme på ein stor nasjonal aktør som nyttar denne tankegangen.

3 Du er ærleg
Det er viktig at kundane trur på marknadsføringa. Dei ynskjer ikkje å bli lurt. Ved å nytte nynorsk, kan du syne at du ikkje prøver å gjere anna enn å selje eit godt produkt. Du prøver ikkje å gjere deg større enn det du er. Arne Braut på Jæren sel gjødselprodukta ”Dasskrut” og ”Plenkrut” og freistar ikkje å lure folk til å tru at det er noko anna. Difor trur kundane på han når samstundes seier at det fungerer.

4 Du får positiv merksemd
Det er mange verksemder som går over til å bruke nynorsk. Grunnane kan vera mange, men mange fortel om positiv merksemd om språkvalet. Ved å flagge ei slik endring, syner du ei levande, dynamisk og uredd verksemd. Då Hotell Alexandria i Loen ville byte språk, mangla det ikkje på åtvaringar. Men hotellet opplevde tvert i mot at folk reagerte positivt og at hotellet kunne skilje seg ut i kampen om kundane.

5 Verksemda får eit medvite forhold til språk og kommunikasjon
Verksemder som gjer eit aktiv val ved å velje nynorsk, har òg eit aktivt forhold til språkbruk og kommunikasjon. Dei tilsette blir opptekne av rettskriving og dei blir medvitne om at tekst er meir ein tilfeldig kommunikasjon. Dei kan leite etter ord og uttrykk som dei har i dialekten.

6 Bruk norsk
Somme verksemder bruker engelsk i reklame, jamvel om marknadsføringa er mynta på folk som nyttar norsk. Det blir sjølvsagt ofte dårleg og tåpeleg innhald. Nynorsk er den beste garantien mot språkleg jåleri.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no