Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringsfråsegn om allmennkringkastingsplakat for NRK

 (13.09.2007)

1. Kjerneverksemd
Noregs Mållag vil få rosa NRK for å oppheva skiljet mellom kjerneverksemd og anna verksemd i utkastet til Allmennkringkastingsplakat. Internett er for lengst vorte ein svært viktig informasjonskanal, og NRK har vist god språkbruk på nettsidene. For eit vedvarande språkleg medvit mellom alle medarbeidarane, kan det like fullt vera avgjerande at nettsidene vert inkluderte i reglane om språkfordeling.

2. Språkfordeling i kanalar og statistikk
Med det nye kanaltilbodet ser Mållaget fram til å få statistikk som synleggjer den språklege fordelinga i sendingar for barn og unge. Mållaget ser det som særleg viktig at språktilbodet til dei yngste sjåarane er godt og at ein der legg vinn på å spegla heile landet. Å få møta sitt eige språk i andre samanhengar enn heime og på skulen, er vesentleg for å stå rusta med tilstrekkeleg språkleg sjølvtillit til seinare år. Vi veit i mange ungdomar byter frå nynorsk til bokmål gjennom vidaregåande skule og høgskule/universitet. Mange av desse byta skriv seg frå kjensla av å vera i mindretal og at eins eige språk ikkje er «godt nok». Som ein viktig normdannar for språkbruk i Noreg, har NRK stor påverknadskraft her.

3. Teksting på side 777
Vi merkjer oss at NRK understrekar at det må takast omsyn til funksjonshemma, bl.a. gjennom teksting av fjernsynsprogram. Noregs Mållag vil peika på at det er viktig, også reint pedagogisk, at teksting av nynorske verbalsendingar også er på nynorsk. For det fyrste gjev det ei språkleg fordeling for dei som er avhengige av tekst, som er mest mogleg lik den andre sjåarar får. For det andre er det lettare for tunghøyrde å oppfatta det som vert sagt, til større samsvar det er mellom tekst og tale.

4. Normaltalemål og dialektar
Det har kome signal om at NRK i framtida vil opna for meir bruk av dialekt, også i programkonsept der det til no har vore krav om normert tale. Mange dialektar, særleg austlandsdialektane, kunne trenga den statushevinga det ville gje å bli brukt i kringkastinga. Vi vil likevel understreka at nynorsk normaltalemål er ei særs viktig ryggstø for dei norske dialektane, og det er særleg NRK som formidlar normaltalemål i dag. Mållaget ynskjer difor at auka bruk av dialektar ikkje må gå på kostnad av nynorsk normaltalemål.

Vi vil også understreka at vi alt i fleire år har etterlyst eit talmateriale som viser korleis fordelinga innanfor nynorskprosenten er mellom normert tale og dialektbruk, som i dag vert definert som 50 prosent av alt som vert koda som dialekt. Noregs Mållag vil be om at det i framtida vert råd å få informasjon om fordelinga mellom normert tale og dialektbruk, slik at vi kan byggja våre vurderingar av språkbruken i NRK på detaljert kunnskap på dette feltet.

5. Norsk kultur og musikk
NRK er kanskje den viktigaste nasjonale formidlaren av norsk kultur og musikk. Mållaget vil særleg streka under NRK si rolle i å formidla norskspråkleg musikk og aktørar frå heile landet, innanfor vedtektene om at 35 prosent av sendingane skal ha norsk musikk.


Vi ynskjer NRK lukke til med utfordringane som ligg i å vera allmennkringkastar i den nye medieverda og set stor pris på at den språklege og kulturelle forankringa ikkje vert utfordra frå NRK sjølv.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no