Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering LM-vedtak, 2008 LM-vedtak, 2003 LM-vedtak, 2002 Høyring, 2002 Høyring, 2001 LM-vedtak, 2000 LM-vedtak, 1999 Frå departementet 2004 Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøtevedtak om normering, juli 1999

1 Målet med ein normeringspolitikk
Noregs Mållag meiner at nynorsk i dag er eit fullt utvikla skriftmål for det norske samfunnet, og at det ikkje fyrst og fremst er språklege, men politiske, sosiale og kulturelle tilhøve i samfunnet som står i vegen for at fleire skal ta dette skriftmålet i bruk. Det hindrar likevel ikkje at utsjånaden på nynorsken og endringar i norma kan ha innverknad på bruken av målet. Som den største nynorskorganisasjonen har Noregs Mållag eit ansvar for å halda auge med norma og uttala seg om endringar.


Noregs Mållag ser ingen grunn til at det bør gjerast store endringar i nynorsknorma i dag. Føremålet med dette vedtaket er difor å peika ut kva hovudretning normeringa bør ta, og kva omsyn som bør vega tyngst på lengre sikt.

2 Ideologisk grunnlag
Det ideologiske grunnlaget for normeringa av nynorsken finn me i arbeidet Ivar Aasen gjorde for å utvikla eit nynorsk skriftmål. Aasen utvikla eit eige skriftmål tufta på talemålet til nordmenn flest, samanhalde med gammalnorsk, som var det felles utgangspunktet. Prosjektet åt Aasen hadde både ei demokratisk og ei nasjonal side: Han ville skapa eit skriftmål som kunne letta folkeopplysninga og gje prestisje til dialektane. I tillegg ville han markera historisk identitet og skapa eit mest mogleg samlande språk.

3 Hovudprinsipp i normeringa
Hovudgrunnlaget for nynorsken er dei norske dialektane. Etter kvart som nynorsken har fått ein skrifttradisjon, har denne tradisjonen òg fått ein eigenverdi som ein må ta omsyn til i normeringa. Utgangspunktet for normeringa av nynorsken i framtida må såleis vera nynorsken slik han er i dag. Eventuelle endringar må byggja på endringar som har skjedd i talemålet eller i faktisk bruk av skriftmålet.

Ut frå skrifttradisjonen har nynorsken fått ein valfridom der språkbrukaren kan få uttrykt regional og individuell variasjon. Det er viktig for mange, og Noregs Mållag meiner difor at me framleis treng ei romsleg rettskriving.

Samtidig meiner Noregs Mållag at me treng ein læreboknormal innanfor den vide rettskrivinga, til bruk i lærebøker og i offentleg teneste. Fordi me har hatt læreboknormalen, har det vorte skapt ein «standardnynorsk» som kan vera ei god rettesnor for mange.

Noregs Mållag ser positivt på at Norsk språkråd vil gjera eit visst oppryddingsarbeid i læreboknormalen, som å jamna ut inkonsekvensar og fjerna former det er dårleg grunnlag for i talemål og skriftbruk. Det er likevel viktig at læreboknormalen har rom for valfridom mellom former som kjennest viktige for mange. Ein bør vera varsam med å redusera statusen til tradisjonelle nynorskformer ved å setja dei i klammer eller ta dei ut or rettskrivinga.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no