Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering LM-vedtak, 2008 LM-vedtak, 2003 LM-vedtak, 2002 Høyring, 2002 Høyring, 2001 LM-vedtak, 2000 LM-vedtak, 1999 Frå departementet 2004 Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fråsegn om ordtilfanget frå landsmøtet i 2000

Vedteke på landsmøtet i Bergen 28.-30. juli 2000

Norsk språkråd har i brev frå 30.06.00 gjeve grønt ljos for at ei rekkje anbeheitelse-ord kan takast inn i nynorske ordlister. Anvendelegheit, lesbarheit og ønskjelegheit er skrekkdøme på ord som Språkrådet har godteke.

Landsmøtet i Noregs Mållag er svært kritisk til den måten Norsk språkråd har tolka dei retningslinene som nynorskseksjonen vedtok i 1999.

Noregs Mållag krev at godkjenninga vert trekt attende, og at orda vert vurderte på nytt.

Dei tradisjonelle orda har vore eit av dei viktigaste kjennemerka på nynorsken sidan Ivar Aasen la fram ordboka si, og dei har fylgt nynorsken i motgang og medgang. Det kan ikkje vera tvil om at mange av dei nyinnsleppte orda vil setja dei tradisjonelle nynorskorda under press og undergrava den folkelege, verbale seiemåten som alltid har vore eit av dei viktigaste særmerka til nynorsken. Noregs Mållag har tidlegare bede Språkrådet om å setja i gang ein kampanje for å fremja dei tradisjonelle nynorskorda.

Når det no er offisielt slege fast at det er slutt på tilnærmingspolitikken (jf. Stortingsmelding nr.13 (1997-98)), er det eit paradoks at Språkrådet slepper inn desse orda.

I staden for å lempa oss etter bokmålstradisjonen, bør me heller vera byrge av den nynorske skrifttradisjonen. Språkrådet må medverka til den byrgskapen, og vurdera dei lange listene på nytt.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no