Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering LM-vedtak, 2008 LM-vedtak, 2003 LM-vedtak, 2002 Høyring, 2002 Høyring, 2001 LM-vedtak, 2000 LM-vedtak, 1999 Frå departementet 2004 Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøtevedtak om normering, april 2002

Vedtak om rettskriving i nynorsk på landsmøtet i Noregs Mållag, Oslo 28. april 2002.

1.Målet med ein normeringspolitikk
Noregs Mållag meiner at nynorsk i dag er eit fullt utvikla skriftmål for det norske samfunnet, og at det ikkje fyrst og fremst er språklege, men politiske, sosiale og kulturelle tilhøve i samfunnet som står i vegen for at fleire skal ta dette skriftmålet i bruk. Det hindrar likevel ikkje at utsjånaden på nynorsken og endringar i norma kan ha innverknad på bruken av målet. Som den største nynorskorganisasjonen har Noregs Mållag eit ansvar for å halda auge med norma og uttala seg om endringar.

Noregs Mållag ser ingen grunn til at det bør gjerast store endringar i nynorsknorma i dag. Når me tek opp rettskrivingsspørsmålet, er det av di Norsk språkråd no vurderer å oppheva skiljet mellom hovudformer og sideformer. Føremålet med dette vedtaket er å seia noko om kva hovudretning normeringa bør ta.

2. Historisk grunnlag
Det historiske grunnlaget for normeringa av nynorsken finn me i arbeidet Ivar Aasen gjorde for å utvikla eit nynorsk skriftmål. Aasen utvikla eit eige skriftmål tufta på talemålet til nordmenn flest, samanhalde med gammalnorsk som var det felles utgangspunktet. Prosjektet åt Aasen hadde både ei demokratisk og ei nasjonal side: Han ville skapa eit skriftmål som kunne letta folkeopplysninga og gje prestisje til dialektane. I tillegg ville han markera historisk identitet og skapa eit mest mogleg samlande språk.

3. Hovudprinsipp i normeringa
Hovudgrunnlaget for nynorsken er dei norske dialektane. Etter kvart som nynorsken har fått ein skrifttradisjon, har denne tradisjonen òg fått ein eigenverdi som ein må ta omsyn til i normeringa. Utgangspunktet for normeringa av nynorsken i framtida må såleis vera nynorsken slik han er i dag. Eventuelle endringar må byggja på endringar som har skjedd i talemålet eller i faktisk bruk av skriftmålet. Tilnærming til bokmålet er ikkje aktuell politikk.

Ut frå skrifttradisjonen har nynorsken fått ein valfridom der språkbrukaren kan få uttrykt regional og individuell variasjon. Det er viktig for mange, og Noregs Mållag meiner difor at me framleis treng ei romsleg rettskriving.

4. Hovudformer og sideformer
Noregs Mållag meiner at me framleis treng ein læreboknormal innanfor den vide rettskrivinga, til bruk i lærebøker og offentleg teneste. Fordi me har hatt læreboknormalen, har det vorte skapt ein "standardnynorsk" som kan vera ei god rettesnor for mange.

Noregs Mållag ser positivt på at Norsk språkråd vil gjera eit visst oppryddingsarbeid i læreboknormalen og i sideformene, som å jamna ut inkonsekvensar og eventuelt fjerna former det er dårleg grunnlag for i talemål og skriftspråk. Det er likevel viktig at rettskrivinga har rom for valfridom mellom former som kjennest viktige for mange.

5. Dersom skiljet mellom hovudformer og sideformer skal fjernast
Dersom Norsk språkråd vel å fjerna skiljet mellom hovudformer og sideformer, har Noregs Mållag nokre klare krav:

- Hovudgrunnlaget for å vurdera om former skal verta ståande i norma eller ikkje, må vera den breie nynorske skrifttradisjonen.
- Ein skal vidare ta utgangspunkt i utbreiing i talemålet og den indre bygnaden i skriftmålet.
- Nynorsken må framleis ha ei romsleg norm og rom for regional variasjon.
- Ein må vera varsam med å ta ut former med spesiell identitetsfunksjon og symbolverdi. Døme på slike former er i-målet og kløyvd infinitiv.
- Di lengre tradisjon formene har, di meir varsam må ein vera med å ta dei ut av norma.

I tillegg set Noregs Mållag krav til arbeidet med norma: Framlegget frå Norsk språkråd må sendast ut på ein høyringsrunde slik at eit grundig offentleg ordskifte om rettskrivings-endringa vert mogleg. Norsk språkråd bør ikkje ta endeleg stilling til vedtaket før på årsmøtet i 2004, som er det siste i fireårsbolken. Det må vidare arbeidast for at det raskt kjem både ordlister og elektroniske skriveverkty for den nye norma.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no