Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering LM-vedtak, 2008 LM-vedtak, 2003 LM-vedtak, 2002 Høyring, 2002 Høyring, 2001 LM-vedtak, 2000 LM-vedtak, 1999 Frå departementet 2004 Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringsfråsegn frå Noregs Mållag 15.12.2002


Noregs Mållag viser til framlegget frå Norsk språkråd om revisjon av rettskrivinga i nynorsk, Nynorskrettskrivinga. Utgreiing om og framlegg til ein revisjon av rettskrivinga i nynorsk (datert 13.11.2002).

I den samanhengen vil Noregs Mållag kome med ein del merknader. Desse merknadene gjeld både prinsipielle og konkrete sider:
> spørsmålet om oppheving av læreboknormalen
> framlegget til valfrie former
> framlegget til former som skal ut av normalen
> spørsmålet om korleis rettskrivinga eventuelt skal setjast i verk og utbreiast.

Retningsliner for normeringa
I samband med arbeidet Norsk språkråd har gjort for å revidere rettskrivinga i nynorsk, har Noregs Mållag dei siste åra drøfta normeringsspørsmålet internt i organisasjonen. Som resultat av ein studie- og ordskifteprosess vedtok landsmøtet i 1999 eit prinsippvedtak om normering. På landsmøtet 26.–28. april 2002 vart hovudlinene i det prinsippvedtaket vidareførde gjennom vedtaket om rettskriving i nynorsk. Vedtaka i 1999 og 2002 fekk tilslutning frå eit overveldande landsmøte-fleirtal. Hausten 2002 har det dessutan vore ei intern høyring hjå lokallaga om normeringsspørsmålet.

Noregs Mållag har gjennom landsmøta formulert desse retningslinene for normeringa av nynorsken:

> Nynorsken er alt eit fullt utvikla skriftmål, og det er ikkje fyrst og fremst språklege, men politiske, sosiale og kulturelle tilhøve i samfunnet som står i vegen for at fleire skal take skriftmålet i bruk.

> Der er ingen grunnar til å gjere store endringar i nynorsknorma i dag.

> Ordninga med læreboknormal må haldast oppe.

> Hovudgrunnlaget for nynorsknormeringa er den breie nynorske skrifttradisjonen.

> Ein skal vidare take utgangspunkt i utbreiing i talemålet og den indre bygnaden i skriftmålet.

> Nynorsken må framleis ha ei romsleg norm og rom for variasjon.

> Ein må take særleg omsyn til former med identitetsfunksjon og symbolverdi.

> Di lengre tradisjon formene har, di meir varsam skal ein vere med å take dei ut or norma.

> Tilnærming til bokmålet er ikkje aktuell politikk.

Det er positivt med ei viss opprydding av inkonsekvensar og former som har lite grunnlag i det nynorske skriftspråket eller i talemålet. Ein skal likevel vere varsam med å utelate former med tradisjonar og symbolfunksjon.

Noregs Mållag arbeider dessutan for at enkel setningsbygnad og folkeleg seiemåte skal vere stilmønster for skriftspråket, og at ein lagar nyord på heimleg grunn framfor å hente dei inn frå andre språk.

På bakgrunn av desse retningslinene og den grundige handsama som har vore internt i organisasjonen, vil Noregs Mållag kome med synspunkt på Nynorskrettskrivinga.

Læreboknormalen
Noregs Mållag vil fyrst seie seg grunnleggjande usamd med framlegget om å oppheve læreboknormalen.

Læreboknormalen har spela ei viktig rolle ved å kombinere trongen for både rettleiing og mangfald. Gjennom hovudformene har ein teke omsyn til trongen for ein standardnynorsk. Det har igjen vore med på å skape stabilitet for skriftspråket.

Sideformene har på si side gjort det mogleg med individuell og regional variasjon, og det har skapt ein nynorsktradisjon prega av mangfald.

Ei oppheving av læreboknormalen fører til at alle former som finst i ordboka, i prinsippet vert jamstelde, og kan brukast i lærebøker, forvaltingsspråk, fjernsynsspråk og i retteprogram. Det fører til at langt fleire former enn dei som i dag er omfatta av læreboknormalen, kan brukast i offentleg språkbruk. I praksis vil det nok vere eit avgrensa utval av former som kjem i bruk der. Skilnaden er at private normaktørar vil spele ei viktigare rolle ved utvalet. Når Noregs Mållag er skeptisk til ei slik privatisering, er det ikkje av di me trur at ho på kort sikt fører til radikale endringar av nynorsken. Problema melder seg på lengre sikt, og desse problema heng igjen saman med den språksosiologiske konteksten for normeringa: I samfunnet som heilskap er bokmålet eit majoritetsspråk, medan nynorsken er under press. Det presset vert forsterka ved at mange av dei store nynorske tekstprodusentane er plasserte i bokmålsområde. Når det i større grad vert opp til private normaktørar å gjere normutvalet, er det ikkje urimeleg å tenkje seg at tradisjonsformer som »stikk seg ut», kjem til å tape i tevlinga med former som nynorsken har felles med bokmålet. Alt med dei hovudformene som finst i dag, finst der ein slik normeringstendens. Fleire døme, jamvel frå eit nynorskforlag som Det Norske Samlaget (med «Samlags-normalen»), tyder på det. Årsaka vil då ikkje vere kvaliteten på dei tradisjonelle formene, men konteksten med bokmålspåverka språkkjensle hjå dei private normaktørane.

Hovudargumentet for å oppheve læreboknormalen i nynorsk, er at bokmålseksjonen i Språkrådet har gått inn for å gjere det tilsvarande for bokmålet. Til eit slikt argument vil me peike på at nynorsken skal normerast på sjølvstendig grunnlag, og at bokmålet ikkje skal vere styrande. For oss er det avgjerande at der er andre språksosiologiske føresetnader for normeringa av nynorsken, og at ein fyrst og fremst må take omsyn til det som tener nynorsken. Me konstaterer òg at norm--variasjonen har vore mindre i bokmålet; såleis har endringa der mindre å seie.

Noregs Mållag ser på arbeidet for å halde på læreboknormalen som mest viktig av dei aktuelle normeringsspørsmåla. Difor har me alt skrive til Kultur- og kyrkjedepartementet og gjort greie for synet vårt. Noregs Mållag merkar seg at der har vore stor usemje internt i Nynorskseksjonen kring dette spørsmålet. Denne usemja forsterkar synet vårt på at det ikkje er grunnlag for ei så dramatisk endring av rettskrivingsprinsippa for nynorsk.

Einskildformer i rettskrivinga
Dersom skiljet mellom hovudformer og sideformer likevel skulle verte fjerna, har Noregs Mållag synspunkt på korleis nynorsknormalen skal sjå ut.

Med bakgrunn i normeringsprinsippa vedtekne på landsmøta, vil Noregs Mållag stø hovudprinsippet om å ha ei romsleg norm med rom for regional og individuell variasjon. Det hovudprinsippet er viktig å stå fast ved. Den romslege normalen utgjer ein kvalitet ved nynorsken. Samstundes vil Mållaget stø innstrammingar overfor former som har dårleg grunnlag i skriftspråk og talemål, så framt desse innstrammingane ikkje går ut over former med særleg symbolfunksjon.

Noregs Mållag kjem ikkje til å gå systematisk inn på alle dei konkrete framlegga frå Språkrådet, men vil kommentere nokre tilfelle som me meiner er særleg viktige.

For det fyrste er der ein del tilfelle der Noregs Mållag meiner at Språkrådet går for langt i innstrammingar:

> Me vil særleg peike på framlegget om å fjerne partisippformer på -i (har vori): Sjølv om forma på -i er lite brukt i nynorsk, representerer -e og -i i partisipp eit markant dialektskilje mellom område der nynorsken står sterkt og område der bokmålet dominerer.

> I tillegg er Noregs Mållag usamd i innstramminga som gjeld endinga -a i ubunden form eintal av linne hokjønnsord (ei visa): Denne tradisjonsforma har godt grunnlag i talemålet i nynorskområde.

> Det same gjeld einskildformer i bøyinga som fær-fenge, slær og hev.

Det skal samstundes ikkje underslåast at prinsippet om romsleg normal (utan skiljet mellom hovud- og sideformer) har ein god del problematiske sider. Det assymetriske tilhøvet mellom nynorsk og bokmål gjer at nynorsken er pressa, og det kan igjen føre til at ein del tradisjonelle og »avstikkande» nynorskformer må gje tapt dersom ein oppgraderer klammeformer som er felles for bokmål og nynorsk. Me vil nemne nokre døme:

> Problematisk er jamstellinga av linn bøying med sterk bøying i presens og perfektum partisipp av sterke verb som sluttar på trykktung vokal. Døme er her formene drar, flyr og lar (som vert jamstelde med dreg, flyg og let) og forma har tatt (som vert jamsteld med har teke).

> Problematiske er òg former utan j i verb og substantiv, t.d. tenke (jf. tenkje) og lenke (jf. lenkje). Den j-lause forma har ei viss utbreiing i skriftmålet. Problemet er kva lagnad formene med j får, både i nynorsk skrift og tale.

> Bokmålspress kan òg verke til at forma noen får større gjennomslag dersom ho vert jamstelt med forma nokon.

Dersom dei formene som er nemnde her, skal gå inn i nynorskrettskrivinga, må Språkrådet vere særleg merksam på kva praksis som dei store tekstprodusentane legg seg på, slik at tradisjonsformene ikkje vert trengde vekk. Det bør samstundes nemnast at Noregs Mållag meiner at dei sideformene som er nemnde ovanfor, held fram med å vere sideformer.

Eit problematisk døme med ei litt anna innretting gjeld valfridom mellom monoftong og diftong, dvs. mellom monoftongen ø og diftongen øy (t.d. øre/øyre) og mellom monoftongane ø eller o og diftongen au (drøm/draum, flom/flaum). I nynorskområda oppfattar ein diftongane som noko sentralt ved nynorsken. Rett nok er nokre ord med monoftong alt etablerte i nynorsken (t.d. nødvendig), men desse orda er leksikaliserte som einskildord. Monoftong--formene står såleis allment svakt i nynorsk. Jamvel om desse formene har ein symbolverdi i område der nynorsken står svakt, meiner me at ein i dette tilfellet bør take sterkare omsyn til faktisk skriftbruk, til den indre bygnaden i nynorsken og til at konservatisme i skriftmålet skal vere til hjelp mot press frå bokmålet. Det talar for at monoftongformer ikkje kjem med i normalen som eigen valfri kategori, dersom skiljet mellom hovud- og sideformer vert oppheva.

Når det gjeld liberalisering som Noregs Mållag stiller seg undrande til, vil me trekkje fram framlegget om valfri bøying med -ar og -er i fleirtal av hankjønnsord med endingane --nad (bunad) og --a (sofa): Her tilseier skrifttradisjonen at ein ikkje tillet ending med -ar.

I høve til tidlegare framlegg frå Språkrådet ser Noregs Mållag positivt på at ein vil halde på valfridom mellom endingane -i og -a i bunden form eintal av sterke hokjønnsord (soli og sola) og mellom enkel m og dobbel mm i ord som hamar (jf. hammar). I tillegg stør Noregs Mållag ei oppmjuking av reglane for tildelinga av genus for substantiv og innføring av blanda bøying som eigen klasse for verbbøying.

Noregs Mållag vil elles be Språkrådet nytte høvet til å få inn att former med markering av palatal -j framføre verbalsubstantiv med -ing. Trass i at denne forma ikkje har vore tillaten på fleire tiår, ser ein framleis skrivemåten byggjing i skrift. Me vil i tillegg til skrifttradisjonen peike på dei språk--systematiske argumenta for denne skrivemåten, likeins til talemåls--argumenta. Skrivemåten er elles aktuell dersom ein vil stø bruken av -j i verbformer som byggje.

Om å setje rettskrivinga i verk
Ei så omfattande endring i rettskrivingsprinsippa som Norsk Språkråd legg opp til, føreset eit grundig offentleg ordskifte. Sjølv om Noregs Mållag har handsama spørsmålet grundig, har det vore kort høyringsfrist og lite rom for eit breitt offentleg ordskifte til no. Norsk språkråd bør fylgje vanleg praksis for vedtak om rettskrivingsendringar, og ikkje take endeleg stilling til dei nye rettskrivingsprinsippa før på årsmøtet i 2004, som er det siste i fireårsbolken.

Noregs Mållag vil understreke at same korleis det endeleg vedtaket vert sjåande ut, må det lagast ein plan for korleis rettskrivinga skal setjast i verk og korleis ho skal fungere. Denne planen må take omsyn til fleire utfordringar:

> Gjennomføringa av norma i ordbøker og ordlister. Det er grunn til å vurdere andre måtar ein kan markere dublettar i ordbøkene på. Ein mogleg måte vil vere å merke visse former som t.d. tradisjonelle, andre som utradisjonelle eller mindre brukte. (Her kan opplysningar frå utgreiingsdelen vere nyttige.) Ein annan framgangsmåte er å plassere dei formene som har hatt status som hovudformer fyrst i ordbøkene. Her vil kontakt mellom Språkrådet og ordboksredaksjonar vere viktig.

> Elektroniske hjelpemiddel knytte til programvare. Det føreset teknisk presisering av kriteria for valfridom.

> Språkrådet og departementet må syte for økonomiske løyvingar som gjer det mogleg å få både trykt og elektronisk læremateriell på rett og god nynorsk.

> Spreie kunnskap om den nye rettskrivinga til normbrukarane, både i form av kampanjar og opplæringsprogram.

> Analysere normpraksisen som finst hjå dei private normaktørane.

> Analysere utslag som rettskrivinga kan få for rettepraksisen i skulen.

> Tiltak for å unngå at dei store tekstprodusentane konsekvent forfordeler tradisjonelle nynorskformer i høve til dei mest bokmålsnære formene.

Røynsler frå dei store rettskrivingsendringane fortel oss at normering ikkje alltid slår gjennom hjå språkbrukarane. Normeringa har dessutan ofte fått andre verknader enn det som var intensjonen. Slike røynsler tilseier at Norsk språkråd set sterkare fokus på gjennomføringa av normvedtak.

Om utgreiinga
Noregs Mållag set pris på at Norsk språkråd har gjort eit omfattande arbeid med utgreiingsdelen av Nynorskrettskrivinga. Innleiinga om normomgrepet og tidlegare rettskrivingsendringar held eit høgt nivå, og gjev viktig kunnskap; det same gjer drøftingane av einskildformer. Noregs Mållag er rett nok ikkje samd i alle vurderingane, t.d. formuleringa om at forma noen markerer den «moderne» og «urbane» nynorsken (s. 81). Me ser òg at ein del andre sider kunne ha vore handsama, t.d. bokmålspåverknaden, som igjen er nær knytt til den språksosiologiske maktstoda. I den samanhengen kunne omgrepet ‘skriftkultur’ og trongen for språkvern og dialektvern ha vore drøfta. Likevel har utgreiinga ein eigenverdi – jamvel om ein endar opp med å halde på læreboknormalen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no