Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering LM-vedtak, 2008 LM-vedtak, 2003 LM-vedtak, 2002 Høyring, 2002 Høyring, 2001 LM-vedtak, 2000 LM-vedtak, 1999 Frå departementet 2004 Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøtevedtak om nytt språkpolitisk organ, april 2003

Nytt språkpolitisk organ – kommentarar og krav frå Noregs Mållag, 01.09.03.

Noregs Mållag viser til planane om å opprette eit nytt statleg organ for språkpolitikk som skal avløyse Norsk språkråd (jamfør prosjektskissa Utvikling av eit nytt kompetanseorgan for norsk språk frå Kultur- og kyrkjedepartementet, dagsett 24.03.2003). I den samanhengen vil Noregs Mållag, som den største nynorskorganisasjonen, kome med innspel som gjeld bakgrunnen for det nye organet, og kva mål, arbeidsoppgåver og organisering organet skal ha.

Prosessen
Noregs Mållag er kritisk til at førearbeidet for det nye språkpolitiske organet skjer i lukka forum, fyrst og fremst i møte mellom representantar frå Språkrådet og Kulturdepartementet. Noregs Mållag meiner det er på tide at politikarar, fagfolk og språkbrukargrupper vert involverte meir direkte, og utfordrar Kultur- og Kyrkjedepartementet til å halde ein full høyringsrunde.

Reint allment ser Noregs Mållag på avløysinga av Norsk språkråd som eit høve for staten til å tre fram som ein tydelegare aktør i språkpolitikken. Slik vi ser det, er språkpolitikk ein sentral del av kulturpolitikken. Det føreset at ein formulerer ein språkpolitikk som tek opp i seg dei viktige utfordringane som møter språkbrukarar i Noreg, til dømes internasjonalisering, jamstelling mellom nynorsk og bokmål, rolla til engelsk og engelskpåverknad, lese- og skriveproblem, fleire morsmålsgrupper, norsk som andrespråk, ny språkteknologi og trong for ny terminologi. I tillegg forventar vi at ein held fram det allmenne arbeidet for normering og språkrøkt.

Ut frå slike prinsipielle ynskemål er det problematisk at det ikkje ligg føre nokon gjennomgripande analyse av den norske språkstoda. Som både Noregs Mållag og styret i Norsk språkråd tidlegare har peikt på, er det trong for ein språkkommisjon. Ein burde ha fylgt framgangsmåten i Sverige der ei breitt samansett gruppe laga utgreiinga Mål i mun (2002).

Positive sider ved planane
Det må understrekast at Noregs Mållag ser fleire positive sider ved dei planane som er presenterte til no:

* Norsk språk og språkpolitikk kjem i fokus.
* Jamstellingspolitikken mellom nynorsk og bokmål skal førast vidare, og ein vil stimulere bruken av nynorsk.
* Planane legg vekt på spørsmål om språkstatus og domenetap for norsk i høve til engelsk.
* Planane ser trongen for samfunnsvitskapleg kompetanse.
* Det vert lagt vekt på kontakt med fleire forskingsmiljø.
* Ein ynskjer å samordne kompetanse og kunnskap om norsk språk.

Noregs Mållag helsar velkomen ei meir offensiv satsing på nettopp desse områda, og har sjølv fleire idear om korleis det kan gå føre seg.

Problematiske sider ved planane
Samstundes er der fleire moment som, ut frå dei førebelse planane, verkar uklåre og problematiske. Vi skal her trekkje fram desse momenta:

Ansvar for språknormering: Jamvel om tida for dei store normendringane er over, vil det for eit kvart levande språk vere trong for språknormering, både for å fange opp innovasjonar, utviklinga i talemålet og for å utbyggje terminologi. Denne aktiviteten er fundamental for alle språk (jf. pkt. fire i Einar Haugens modell for språkplanlegging). Såleis finst det i alle nordiske land språknemnder som på ulike måtar steller med normering. Ut frå internasjonal språkplanlegging og norsk språktradisjon vil det innebere eit radikalt brot om ein skal innføre Riksmålsforbundet sitt gamle ideal om inga offentleg normering. Noregs Mållag ser det som sjølvsagt at det framleis skal drivast offentleg språknormering, om enn på ein noko annan måte enn før. Mållaget er like eins overtydd om at det ikkje er godt nok å overlate normeringsarbeidet til sekretariatet i det nye språkorganet. Der må vere ei form for ”folkeleg" og språkpolitisk representasjon, i tillegg til dei faglege interessene.

Rolla til språkpolitiske organisasjonar og andre grupper. Den norske målstriden har skapt ein språkpolitisk organisasjon som Noregs Mållag, og gjort språkspørsmål viktige i samfunnet som heilskap. I eit samfunnsperspektiv vil det vere fornuftig å sjå det språkpolitiske engasjementet som ein ressurs, og at staten i utforminga av språkpolitikken vil ha representasjon frå språkpolitiske deltakarar.

Rolla til norsk som andrespråk, til minoritetsspråksbrukarar og til framandspråk. Noreg er eit fleirspråkleg samfunn. Såleis bør den nye språkpolitiske institusjonen ikkje berre vere oppteken av norsk språk isolert sett, men sjå på samspelet med andre språk. Det vil òg seie at ein er interessert i rolla til engelsk og i bruken av alle morsmål som finst i Noreg. Noregs Mållag meiner at alle skal ha rett til å få bruke og utvikle morsmålet sitt. Ein heilskapleg språkpolitikk føreset at ein handsamar slike spørsmål mogleg mest samla. Difor meiner vi at ein i Noreg bør fylgje framgangsmåten i Sverige der ein ny språkpolitisk institusjon skal take føre seg spørsmål for alle språk i Sverige (jamfør utgreiinga Mål i mun). (Slike spørsmål må diskuterast med representantar for urspråk, nasjonale minoritetar og minoritetsspråk i landet.)

Lokalisering av det nye organet
Jamvel om det viktigaste spørsmålet gjeld føremålet til den språkpolitiske institusjonen, er det klokt å vurdere lokaliseringa på fritt grunnlag. Når ein skal skape noko nytt, kan ei etablering utanfor Oslo fungere positivt. Eit miljø med sterke språkfaglege miljø, språkteknologi- og terminologimiljø, innslag både av nynorsk og bokmål, andrespråksmiljø og så vidare er noko institusjonen treng.

Ressursane til det nye språkpolitiske organet
Det er viktig å bruke omlegginga til å ruste opp språkpolitikken. Det føreset ein auke i ressursane i høve til det noverande språkrådet.

***

Høyringsfråsegn om omdanninga av Norsk språkråd, april 2004

Styret i Noregs Mållag har vedteke ei høyringsfråsegn om omdanninga av Norsk språkråd. Fråsegna går til Kultur- og kyrkjedepartementet, 28.04.03.

Omdanninga av Norsk språkråd
Noregs Mållag viser til høyringsfråsegn frå Kultur- og kyrkjedepartementet om omdanninga av Norsk språkråd. Etter avtale med seniorrådgivar Ingvar Engen har Noregs Mållag fått utsett innsendinga av fråsegn til etter ordinært styremøte i Noregs Mållag 22. april 2004.

Hovudsyn
Omdanninga av Norsk språkråd til eit nytt språkorgan må sjåast i samanheng med kva som skal vere dei overordna måla for offentleg språkpolitikk i Noreg. Noregs Mållag ynskjer ein slagkraftig og framtidsretta språkpolitikk som er med på å sikre norsk som samfunnsberande språk i Noreg, og som fremjer reell jamstelling mellom nynorsk og bokmål. Språkpolitikken må tryggje rettar åt språkbrukarane, fremje språkleg toleranse og stø opp om dei verdiane som den norske språkkulturen representerer. I så måte ser Noregs Mållag det som viktig å vidareføre ein del viktige føremål frå Norsk språkråd, med eit lovheimla og politisk språkorgan, samstundes som det skjer ei modernisering og styrking av språkpolitikken.
Noregs Mållag ser fleire gode sider ved framlegget til nytt språkpolitisk organ. Der er samstundes fleire uklåre moment og føresetnader; desse må presiserast og forbetrast. Noregs Mållag hadde generelt føresett grundigare analysar i tråd med dei som t.d. har kome i Sverige, jf. utgreiinga «Mål i mun».

Vi vil her fokusere på ein del moment som etter vårt syn har trong for presisering og/eller forbetring:

1. Det nye språkorganet må ha ein lovbasis.
2. Det nye språkorganet må ha ei representativ organisasjonsform
3. Det nye språkorganet må få kome med politiske utspel
4. Det nye språkorganet må framleis arbeide med språknormering
5. Det nye språkorganet må fremje norsk som funksjonelt språk i alle samfunnsområde
6. Det nye språkorganet må fremje jamstelling gjennom særleg tiltak for nynorsken.
7. Det nye språkorganet må handsame spørsmål knytte til «språk i Noreg»
8. Det nye språkorganet må fremje rettane til språkbrukaren
9. Det nye språkorganet må fremje nordisk samarbeid om språkspørsmål
10. Det nye språkorganet må formidle norsk språk og språkpolitikk
11. Det nye språkorganet må lokaliserast utanfor Oslo, og knyte band til viktige brukarmiljø og fagmiljø

Mål, mandat og arbeidsoppgåver – hovudsyn

1. Det nye språkorganet må ha ein lovbasis
Då Stortinget handsama tilrådingane frå Vogtkomiteen i mai 1970, var det Stortinget som i siste instans hadde ansvar for stategi, tiltak og ressurstildeling i høve til språkpolitikken. Denne politiske basisen er det viktig å halde fast ved. Språkpolitikk må ikkje nedgraderast til å verte eit reint kulturspørsmål, eller ei bisak som ein finn att i ulike kontekstar under ei lang rekkje saksområde og institusjonar.
Samstundes må det framtidige språkorganet ha ein sjølvstendig status som ikkje lett kan endrast eller organiserast bort etter skiftande politiske, administrative eller økonomiske prioriteringar. Den beste måten å gjere det på er å heimle både institusjon og verksemd i lov. Dette vart i 1971 gjort gjennom Lov om Norsk språkråd.
Noregs Mållag vil difor gå sterkt inn for at det nye språkorganet vert oppretta ved lov, og får det langsiktige mandatet sitt formulert som del av lovteksten. Dette bør skje i den planlagde lovproposisjonen som departementet vil ta til å arbeide med i nær framtid, slik at avvikling av Norsk språkråd umiddelbart vert fylgd av lovheimla oppretting av ny institusjon frå 1.1.2005.

2. Det nye språkorganet må ha ei representativ organisasjonsform
Det er viktig å halde norsk språkpolitikk under demokratisk og folkevald kontroll. Det språkpolitiske arbeidsområdet bør organiserast slik at det er lett å halde oversyn både over direkte språkpolitiske tiltak, og verknader for for språkbruk av tiltak på andre område. Det trengst med andre ord ei offentleg vaktbikkje både for språkrøkt, språkvern og vern om dei språklege rettane til norske borgarar. Det føreset kontakt med viktige språkbrukargrupper.
Når det gjeld sjølve organisasjonsmåten for eit nytt språkorgan, kan ein (i tillegg til styret) til dømes ha rådgjevande forsamlingar med rett til å gjere vedtak i spesielle saker. Språkorganet kan såleis få plikt til å leggje ulike saksområde fram for spesielle forum. Det avgjerande er at vedtaksframlegg og fråsegner i store spørsmål ikkje går ut utan ryggstø. Det er òg viktig at det framtidige språkorganet ikkje forsømer arbeidsoppgåver på grunn av manglande forum for kritikk og debatt.
Noregs Mållag står i ein unik posisjon. Det er den største nynorskorganisasjonen og språkorganisasjonen i det heile, med over 10 300 medlemer, og står bak ei rad tiltak. Dersom eit språkpolitisk organ skal ha legitimitet i nynorskverda, føreset vi at Noregs Mållag vert representert.

3. Det nye språkorganet må få kome med politiske utspel
Det noverande Norsk språkråd har gjennom leiarar og styre kome med fleire språkpolitiske utspel, t.d. om sidemålet og om engelskpåverknad på norsk. Noregs Mållag meiner denne funksjonen er viktig. Det nye språkorganet må ikkje verte avpolitisert og byåkratisert. Det er igjen med på å underbyggje resonnementet om ei representativ organisasjonsform.

4. Det nye språkorganet må framleis arbeide med språknormering
Noregs Mållag seier seg glad for at samnorskpolitikken er avslutta, og at nynorsk og bokmål skal normerast på sjølvstendig grunnlag.
Noregs Mållag ser det som viktig å vidareføre den demokratiske normeringstradisjonen som ligg attom nynorsken, med at skriftspråket skal byggje på dialektane, og at ein skal fremje enkel setningsbygnad og folkeleg seiemåte. Samstundes har nynorsken fått ein eigen skrifttradisjon, og skrifttradisjonen utgjer i dag hovudgrunnlaget for å vurderere normeringa av nynorsken. På bakgrunn av landsmøtevedtak i 1999 og 2002 stør såleis Noregs Mållag målet om stabilitet i rettskrivinga. Utgangspunktet for normeringa av nynorsken må vere nynorsken slik han er i dag.
Noregs Mållag ser trongen for at det i norsk, til liks med i andre språk, framleis vert drive normering. Det trengst eit system for godkjenning av ordlister og ordbøker til skulebruk, for tilråding/fastsetjing av rettskriving for nyord, for initiativ og pådriving for å få fram andre nødvendige språkverktøy. Dette normeringsarbeidet må drivast på solid fagleg grunnlag og i nært samarbeid med andre institusjonar som har dokumentasjon og utforsking av norsk språk som oppgåve.

Noregs Mållag meiner det er sjølvsagt at det nye språkorganet får eit hovudansvar for språknormeringa.
Noregs Mållag meiner vidare at det i normeringsarbeidet må vere ei form for kulturpolitisk medverknad. Gjennom Noregs Mållag har det vore råd for nynorskbrukarar å få formidla og diskutert normspørsmål. Vi ser det som ein verdi at røysta frå Noregs Mållag vert å høyre i normeringsspørsmål i det nye språkorganet.
I visse tilfelle er det i språknormeringa føremålstenleg med eit samarbeid mellom nynorsk- og bokmålsnormeringa; det gjeld fyrst og fremst stavinga av lånord og nyord. I slike tilfelle vil vi òg peike på trongen for nordisk samarbeid.

5. Det nye språkorganet må fremje norsk som funksjonelt språk i alle samfunnsområde
Noregs Mållag stør målet om at det nye språkorganet «skal aktivt fremja bruk av norsk språk som ein funksjonell reiskap i alle delar av samfunnet». Det kulturpolitiske grunnlaget for eit slikt mål er at norsk språk treng ei særskild styrking i ei tid og i eit samfunn prega av global språkkonkurranse og marknadskrefter. Det tilseier ei særleg styrking av norsk andsynes engelsk og av ei særleg støtte til nynorsken.
For å fremje bruken av norsk språk, trengst det fagleg kunnskap, faglege analysar og oversiktsarbeid. Det er viktig å få oversyn over den faktiske bruken av norsk på ulike samfunnsområde (norsk i utdanning, media og arbeidsliv; krav om norskkunnskapar for arbeidsinnvandrarar); oversyn over dei lover og reglar som gjeld har relevans for norsk som bruksspråk og kva konsekvensar desse har (jf. t.d. universitetslova som sløyfa kravet om norsk som undervisningsspråk).
Ved sida av granskingsarbeidet må organet òg kunne peike på tiltak for å fremje bruken av norsk i dei ulike områda. I tillegg må organet ha både ein rett og ei plikt til å uttale seg om uheldige verknader for norsk språk på grunn av den allmenne samfunnsutviklinga eller konkrete offentlege vedtak og tiltak.
I arbeidet for norsk som funksjonelt språk, vil arbeid med fagspråk, terminologi og tekstkompetanse vere viktig. Ut frå jamstellingsprinsippet føreset vi at det vert lagt vekt på dei utfordringane som gjeld for nynorsk. Her er samarbeid med fagmiljø vesentleg.

6. Det nye språkorganet må fremje jamstelling gjennom særleg tiltak for nynorsken
Kulturmeldinga har gode intensjonar om å styrkje nynorsk skriftkultur gjennom «positiv diskriminering». Desse intensjonane fekk gjennomslag då Stortinget handsama Kulturmeldinga.
I dag er språkstoda ofte prega av negativ diskriminering av nynorsk, jf. dei mange brota på Mållova og intensjonane med Mållova. Døme: Posten var tidlegare pliktig å følgja Mållova, jamfør utdrag av sentrale reglar over om helseføretaka. Etter at dei vart statleg aksjeselskap vart det opna for ei mildare tolking av målbruken gjennom dei nye vedtektene: «Prinsippa i mållova skal følgjast så langt råd er, men likevel ikkje slik at det utgjer nokon ulempe av betydning i høve til private konkurrentar.»

Den nye praksisen frå Posten:
- Det er ikkje lenger råd å få omadressert posten sin med nynorske blankettar. Dei skal tingast over internett og vert deretter skrivne ut ferdig med gamal og ny adresse til den som flyttar. Grunnteksten her er på bokmål.
- Hausten 2003 hadde Posten ein marknadsføringskampanje i Sogn og Fjordane der kva annonse er tilpassa den lokale marknaden med namn og bilete til ein lokal kunderådgjevar. Likevel er annonseteksten på bokmål i heile fylket. Det vart i tillegg delt ut «julestri-kalenderar» for desember, også desse har bokmålstekst.
- For firma / organisasjonar er det ikkje råd å tinga ferdigfrankerte konvoluttar med eigen firmalogo på nynorsk. Denne tenesta finst berre på bokmål. Posten skriv i klagesvar at det ikkje svarar seg å ha eit eige opplag av ferdigfrankerte konvoluttar med frankeringsmerke påtrykt Noreg.
- Posten Noreg AS – Logistikk sende før årsskiftet ut brosjyre til bedrifter «Prisliste 2004». Denne er på bokmål også til bedrifter i nynorskkommunar.
- Etter omlegginga til nye frankeringsmaskiner med førehandsbetaling av porto, er det ikkje lenger råd å få frankeringsmerke med «Noreg». Dette var mogleg på dei gamle frankeringsmaskinene. Det inneber at til dømes alle dei godt over 100 nynorskkommunane må stempla all posten sin med «Norge».
- Ålmenn tilbakemelding frå mange medlemer er at det no mest berre er bokmålsplakatar, bokmålsbrosjyrar osb. på postkontora og i posthandlane. Nynorskbrukarar opplever ei markert forverring i språkbruken etter at Posten vart aksjeselskap.

Helseføretaka skal fylgje Mållova (jf. brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Helsedepartementet 23. januar 2002 og vedtak i Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mars 2004). Døme på brot på Mållova og dårleg skjønn i bruk av målform:

- Helse Nordmøre og Romsdal er språkleg nøytral etter mållova og skal veksla mellom dei to målformene. Dei har vedteke å bruka namnet sykehus, som berre kan brukast på bokmål, i staden for sjukehus som er lov å bruka på både bokmål og nynorsk. Alle stillingar ser ut til å verta lyste ut på bokmål. I nyhendebrevet som kjem kvar månad er det i fjor registrert éi melding på nynorsk.
- Helse Vest skal ha nynorsk tenestemål etter mållova. Like fullt er dei fleste utlysingstekstane for ledige stillingar på bokmål. Internbladet til Helse Fonna har ei klar overvekt av bokmål i sine artiklar. Alle skriv frå Helse Bergen til andre helseføretak (mellom anna Voss) er på bokmål. Informasjonen på heimesidene er også på bokmål.
- Helse Sør har vedteke namneendring frå Telemark sentralsjukehus til Sykehuset Telemark. Telemark fylke er rekna som nøytral etter mållova fordi eit fleirtal av kommunane har nøytralt tenestemål. Det er 10 språknøytrale kommunar og 8 nynorskkommunar i Telemark. Då verkar det underleg å velja ei namneform på sjukehuset i fylket som berre er lov i bokmål, også med tanke på at forma sjukehus er godkjent språkbruk i både bokmål og nynorsk. Vi viser her til at Telemark Mållag i NRk 20. april 2004 har varsla at ein vil gå til søksmål mot Helse Sør, pga. helseføretaket ikkje vil endre namn frå Sykehuset Telemark til Telemark Sjukehus.

Vi føreset at det nye språkorganet vil vere kontrollorgan for Mållova, og vil peike på tilfelle der òg intensjonane med lova vert brotne.
For å oppnå jamstelling, vil det vere naturleg for språkorganet å sysle med politiske tiltak eller kome med framlegg til politiske tiltak for å oppnå «positiv diskriminering». Komitmerknadene til Kulturmeldinga kjem med fleire gode idéar i så måte.

7. Det nye språkorganet må handsame spørsmål knytte til «språk i Noreg»
Departementet har reist spørsmål om «språksituasjonen for personer med fremmedkulturell bakgrunn bør inngå som et ansvar for den nye institusjonen. Departementet legger til grunn at det i forbindelse med etableringen ikke er aktuelt å tillegge institusjonen et slikt utvidet ansvar.»
Noreg er eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Ein demokratisk og framtidsretta språkpolitikk kan ikkje berre handsame norsk språk, men må òg take omsyn til språk i Noreg og til språkbrukarar i Noreg. Noregs Mållag vil for sin del vise til rapporten «Language Education Policy Profile for Norway» (2003) der ei ekspertgruppe frå Europarådet peikar på det potensialet språkleg pluralitet gir for språlæring, toleranse og danning til demokrati. Dette er synsmåtar og perspektiv som òg bør vere retningsgivande for den norske språkpolitikken.
Samstundes har vi som føresetnad er at det nye språkorganet skal ha fokus på norsk språk. Der er ingen andre land som har eit slikt fokus på norsk. Såleis er det både legitimt og naudsynt med ei hierarkisering mellom jamstelte nasjonalspråk, urfolkspråk, heimlege minoritetsspråk og nye minoritetsspråk. Ei slik hierarkisering og vektlegging av norsk skuggar likevel ikkje for at ein òg tek opp spørsmål knytte til morsmålsopplæring, norsk som andrespråk, tospråklegheit og språkrettar for andre språk enn norsk. Det bør lagast ei utgreiing om korleis det arbeidet skal gjerast, og kva omfang det skal ha.

8. Det nye språkorganet må fremje rettane til språkbrukaren
Den norske staten har skrive under internasjonale avtalar for språklege rettar. Det nye språkorganet er det rette til å føre tilsyn og fungere som appellinstans for slike rettar.

9. Det nye språkorganet må fremje nordisk samarbeid om språkspørsmål
Norden utgjer ein språkfellesskap på kring 20 millionar menneske. Det er viktig å halde oppe og styrkje fellesskapen. Det nordiske språksamarbeidet er tett og bør få nødvendige ressursar til å halde fram.
Det nordiske språkarbeidet - i kvart land og samla - byggjer på sams, demokratiske prinsipp og grunnhaldningar, i klar opposisjon til språkpolitikken i dei større europeiske landa (dei tidlegare kolonimaktene i sær). Andsynes ein storspråk/småspråkssituasjon er det viktig å halde oppe banda til dei landa som ser på og organiserer språkpolitikken sin etter tilsvarande prinsipp som Noreg.

10. Det nye språkorganet må formidle norsk språk og språkpolitikk
Norsk språkråd har gjort mykje godt arbeid for språkformidling, men betre dialog med publikum og ei meir synleg rolle ville vere av det gode. Vi stør den vektlegginga Kulturdepartementet gjer av denne sida av verksemda. Det bør understrekast at aktiv deltaking i samfunnsdebatten om språkspørsmål føreset særskilt kompetanse og legitimitet, i tillegg til ressursar. Her vil igjen samfunnstilknytinga åt organet vere viktig å take omsyn til.

11. Det nye språkorganet må lokaliserast utanfor Oslo, og knyte band til viktige brukarmiljø og fagmiljø
I og med at det skal opprettast eit nytt språkpolitisk organ, står ein friare når det gjeld lokalisering. Ei etablering utanfor Oslo vil kunne fungere positivt. Etter Noregs Mållag sitt syn er det føremålstenleg å få etablert eit organ på ein stad der ein kan sjå det språkpolitiske landskapet med andre briller enn dei som vert nytta i kulturlivet i Oslo. Politisk sett er dette viktig, ikkje minst når ein tek omsyn til dei åtaka som har kome mot nynorsken i Oslo dei siste åra. I tråd med det samrøystes landsmøtevedtaket vårt frå 2003 peikar Bergen seg ut, med sterkt språkfagleg miljø, språkteknologi- og terminologimiljø, innslag av både bokmål og nynorsk og andrespråksmiljø.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no