Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering LM-vedtak, 2008 LM-vedtak, 2003 LM-vedtak, 2002 Høyring, 2002 Høyring, 2001 LM-vedtak, 2000 LM-vedtak, 1999 Frå departementet 2004 Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkrådet utset normeringsvedtak (2004)

Kyrkje- og kulturdepartementet har avgjort at det førebels ikkje skal gjerast endringar i nynorskrettskrivinga. Departementet vil kome tilbake til saka i løpet av 2004. Eventuelle endringar vil fyrst gjelde frå hausten 2005.

Nynorskseksjonen i Norsk språkråd vedtok i juni 2003 å halde på ordninga med læreboknormal. Det var i samsvar med vedtaket Noregs Mållag gjorde på landsmøtet 28. april 2002. Etter språkrådsvedtaket har Kulturdepartementet hatt normeringssaka hjå seg i over eit halvt år, utan å kome med noko vedtak.

Brev frå Kyrkje- og kulturdepartementet til Norsk språkråd, datert 28. januar 2004:

Vidare behandling av rettskrivingsvedtaka frå 2003

Vi viser til brev av 16. juni 2003, der Norsk språkråd bad om godkjenning av rettskrivingsendringar som vart vedtekne på rådsmøtet i 2003.

Etter at vedtaka frå Norsk språkråd vart innsende, har departementet fremja St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 (kulturmeldinga). I kap. 12.4 i denne meldinga er det gjort greie for korleis departementet vidare vil behandla dei mottekne framlegga til rettskrivingsendringar. Det går der fram at desse vil bli vurderte i ein større samanheng, som ledd i ein samla gjennomgang av heile rettskrivingssituasjonen, og at det å leggja til rette for ei meir stabil rettskriving vil vera eit overordna omsyn i så måte.

Det går fram at også spørsmålet om korleis eit nødvendig normeringsarbeid skal innrettast i framtida, når Norsk språkråd blir avvikla, inngår i den samla vurderinga av rettskrivingssituasjonen. I meldinga heiter det at departementet vil koma tilbake til Stortinget med dette i løpet av 2004, mest truleg i samband med framlegget om å etablera det nye kompetansesenteret for norsk språk.

Det følgjer av dette at ei avgjerd i rettskrivingssaka tidlegast vil liggja føre ein gong til hausten, og at det difor ikkje vil bli gjennomført endringar i gjeldande rettskriving i bokmål eller nynorsk med verknad frå skoleåret 2004/05. Det er særleg om å gjera at dei som gir ut ordlister, lærebøker og anna læremateriell til bruk i skuleverket, får god nok tid på seg til å førebu så omfattande endringar i rettskrivinga som det no kan liggja an til. I den grad den vidare behandlinga av det nemnde sakskomplekset resulterer i at det blir godkjent rettskrivingsendringar i denne omgangen, vil desse truleg kunna ta til å gjelda frå og med skule- og undervisningsåret 2005/06.

Vi ber Norsk språkråd informera aktuelle forlag og instansar innanfor utdanningsadministrasjonen om dette. Det må presiserast at ingen av dei vedtaka frå rådsmøtet i 2003 som krev godkjenning frå departementet, er å rekna som gjeldande rettskriving.

Med helsing
Stein Sægrov e.f.
avdelingsdirektør

Ingvar Engen
seniorrådgjevar

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no