Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 5 / 2007:

Kostar nye kostar betre?

Torsdag 18. oktober skipa Noregs Mållag og Løvebakken Mållag til open høyring i Stortinget om stoda for nynorsk i skulen. Same dagen – ja, faktisk same timen – vart det òg kjent at Kunnskapsminister Øystein Djupedal gjekk av, og at Bård Vegar Solhjell overtok ansvaret for opplæringa i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Kan me tru at den nye statsråden ordnar opp i vanskane nynorsken møter i skulen?

På høyringa fortalde lærarar, foreldre og elevar frå Klepp i sør til Mosjøen i nord om korleis deira rett til opplæring på og i nynorsk blir broten gong på gong, og på mange ulike måtar. Ei mor som har hatt dottera si i nynorskklasse i Trondheim fortalde om årelang motbør frå rektor ved skulen, som i heile åttande trinnet nekta klassen opplæring i og bøker på hovudmålet sitt, og fyrst i tiande klasse får dei no den opplæringa dei har krav på.

Foreldre og lærarar frå Mosjøen, Bergen, Jæren og Oslo fortalde at skulane prøver å gje både foreldra og elevane skuldkjensle for at dei ”stel” ressursar frå elevar som treng dei meir, ved at dei bed om å få nynorsk som hovudmål. Rektorane kvir seg heller ikkje for å seia klårt frå at dei som vel nynorsk som hovudmål ikkje kan rekna med like god opplæring, som dei som vel bokmål. Foreldra hadde opplevd at nynorskelevane ikkje får opplæring i eigne grupper, men vert blanda med bokmålselevane, med svært varierande kvalitet og kvantitet på nynorskopplæringa. Resultatet er språkforvirra elevar med dårleg sjølvkjensle, og etter kvart negative haldningar til sitt eige hovudmål.

Problema med læremiddel som anten ikkje kjem på nynorsk, eller kjem i sal fyrst langt ute i skuleåret vart sjølvsagt òg teke opp og drøfta under høyringa, og dei politikarane som var til stades uttrykte forståing for at dette skapar store problem for dei elevane som i utgangspunktet har nynorsk, og ikkje minst fører til målbyte på sikt.

Læremiddelmangelen har me trudd fyrst og fremst var eit problem i vidaregåande skule, men ein lærar frå Seljord fortalde om både ungdomsskulebøker og barneskulebøker som vart tinga i god tid før sommarferien, men fyrst midt i oktober i år kom ungdomsskulebøkene. På barneskulen hadde nynorskelevane enno ikkje fått bøkene sine då høyringa vart halden. Dette gjeld altså elevar som skal ha si grunnleggjande lese- og skriveopplæring, og dei får ikkje bøker på hovudmålet sitt. Er det berre mitt hår som reiser seg?

Det fyrste me gjorde då den nye statsrådskabalen var lagt, var å senda gratulasjonar til Solhjell, og be om eit møte. Me veit enno ikkje når eit slikt møte kan koma til å skje, men det er sikkert at eit godt samarbeid med den nye statsråden står høgt på ynskelista vår. Det må vera lov å håpa og tru at oppveksten som nynorskelev gjer den ferske statsråden betre i stand til å forstå dei problema som kom fram på høyringa, og me ventar at me får sjå handling frå departementet i denne viktige saka.

Noregs Mållag ynskjer at opplæringslova blir endra og presisert, slik at det går tydeleg fram at det ikkje er lov å blanda nynorsk- og bokmålselevar i skriftlege fag, og slik at det må vera att minst ti elevar med hovudmålet i skulekrinsen dersom nokre foreldre ynskjer eit anna opplæringsmål enn det som er vedteke. Me vil òg at departementet skal syta for eit tydeleg og eintydig oversyn over kva læremiddel som ligg føre på både bokmål og nynorsk før skulestart, og syta for at berre desse læremidla kan takast i bruk. Me har no utarbeidd eit notat som uttrykkjer desse ynska, og sender det til utvalde politikarar. Me kjem til å halda ein tett dialog med regjeringspartia vidare.

Er det høge krav? Kanskje i praksis, men såpass må det vera dersom me skal ha nokon sjanse til å oppnå reell jamstelling mellom bokmål og nynorsk. Og dersom nokon skulle ha sjansen til å verkeleg gjera ei endring som monar, så må det vera den sitjande regjeringa med den nyvalde statsråden med nynorskbakgrunn. Så der har du det, Bård Vegar! Me skal støtta og fylgja deg kvart steg på vegen!

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no