Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 4 / 2007:

Nynorske læremiddel no!

Ein sommar er over, og endå ein gong opplever nynorskelevane at skulestarten kjem og går utan at dei ser snurten av mange lærebøker på nynorsk. Fyrst når det nærmar seg jul kan elevane håpa på å få nyproduserte lærebøker på nynorsk, og då har vel dei fleste anten gjeve opp, eller for lengst kjøpt bokmålsboka.

Men no har elevane fått nok! I haust har Norsk Målungdom og tusenvis av nynorskelevar streika for å få lærebøkene sine til rett tid, og mykje kan tyda på at kunnskapsminister Djupedal har høyrt dei og sett dei. I alle fall har han lova på nettsida si å ta tak i problemet og syta for at det ikkje skjer igjen. Målrørsla har i mange år etterlyst ei kviteliste som listar opp dei lærebøkene som finst på både nynorsk og bokmål, og Djupedal går langt i å lova at han vil skaffa eit slikt oversyn. Det er eit løfte han ikkje skal få springa frå!

I fjor var fyrste året det nye Kunnskapsløftet skulle innførast, og med nye læreplanar fylgjer det som vanleg stor utskifting i lærebøker og læremiddel. Svært mange nye bøker var slett ikkje klare til skulestart då heller, og nynorskversjonane blir sjeldan påbyrja før bokmålsbøkene er ute i bokhandlane. Noregs Mållag og Norsk Målungdom arbeidde med dette i heile fjor, og hadde fleire møte med både utdanningsdirektoratet og departementet for å unngå at det same gjentok seg i år. Men kva skjer, altså? Jau, hausten kjem, og ingen har sytt for at nynorskbøkene er klare til skulestart. I år skal i tillegg dei vidaregåande skulane kjøpa inn bøkene i staden for at kvar enkelt elev gjer det, og bransjen har hatt store problem med distribusjonen av dei nye bøkene. Når lærebokmangelen ikkje berre rammar nynorskelevane, men alle elevane, fører det til store oppslag i media, og det er brei semje om at slik kan ein berre ikkje ha det. Departementet har kalla inn heile forlagsbranjsen på teppet for å ordna opp, og me ventar at kunnskapsministeren ristar dei like kraftig i øyret for problemet med manglande nynorskbøker, som for distribusjonsproblema.

Noregs Mållag stør kravet frå nynorskelevane på alle vis, og aller mest handfast ved ein eigen underskriftsaksjon til støtte for kravet om nynorske læremiddel no. Eg oppmodar alle lokallag om å kontakta dei vidaregåande skulane i sine område, og samla inn underskrifter der, i tillegg til å ha stand på kjøpesenteret, gågata eller kvar som helst. Me trur det kan ha stor effekt dersom mange nok stør kravet, og særleg dersom me kan markera at lærarane står bak elevane sine i dette spørsmålet.

Ein slik aksjon vil òg ha ein annan, viktig effekt for Noregs Mållag: Det er i direkte møte med folk, der me har ei god sak som dei ynskjer å stø, at det er lettast å verva medlemer. Landsmøtet sist vedtok at me skal ha vervekampanje med mål om 10 % medlemsauke fram til neste landsmøte. Det krev at alle lokallag tek tak i verveblokka og kjem seg ut. Når du samlar underskrifter til ei så god sak som kravet om nynorske læremiddel, vil underskrivarane sjå eit svært handfast døme på at Noregs Mållag arbeider med viktige saker, at me trengst. Berre prøv, så skal du sjå!

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no