Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 3 / 2007:

Nynorsk for alle

Då eg arbeidde i Norsk Målungdom mot slutten av 90-talet, tok me i bruk slagordet Nynorsk for alle. Konteksten var ein annan den gongen, men no tykkjer eg det er eit slagord og eit mål som er meir aktuelt enn nokon gong.

Saka om Arvind Thattai viser at nynorsk slett ikkje er tilgjengeleg for alle som ynskjer det, og at det er langt fram til reell jamstelling mellom nynorsk og bokmål i Noreg. Indiskfødde Arvind Thattai, som snakkar og skriv eit grammatisk korrekt nynorsk, får ikkje ta testen som dokumenterer norskkunnskapane hans, fordi denne berre er tilgjengeleg på bokmål. Det gjeld den såkalla bergenstesten, som er den som blir brukt for å dokumentera norskkunnskapar på høgste nivå. Det er resultata frå denne testen arbeidsgjevarar ved høgskular og universitet brukar når dei skal ha dokumentert norskkompetansen til søkjarar frå andre land til undervisningsstillingar i høgare utdanning.

Det private firmaet Norsk Språktest er ansvarleg for bergenstesten, og seier at dei gjerne vil utvikla testen på nynorsk, men at dei ikkje har pengar til det. Universitetet i Bergen, som har utvikla testen og dermed har det faglege ansvaret, seier at dette er ein privat test som dei ikkje har ansvar for å produsera i to parallelle utgåver. Det er dessutan ikkje så stor etterspurnad etter testen på nynorsk. Nei, takke for det, når det er bortimot uråd å oppdriva læremiddel for innvandrarar på nynorsk!

Dette er ein vond sirkel som må brytast. I fleire tiår har Mållaget arbeidd for å få utvikla læremiddel på nynorsk for innvandrarar. Mange som flyttar til Noreg buset seg i nynorskområde, men lærer berre bokmål på norskkursa. Det fører til ei rekkje problem for dei – ikkje kan dei hjelpa ungane med leksene, for ungane får jo nynorskundervisning på skulen, og ikkje forstår dei dialekten eller kva som står i lokalavisa. Det er underleg at det i vår tid skal vera så vanskeleg å få laga skikkelege læremiddel på nynorsk for dei som har eit anna morsmål.

No viser det seg likevel at det med tida er fleire og fleire innvandrarar som sjølve ynskjer å læra nynorsk, og som greier å tileigna seg språket trass i dei praktiske vanskane. Ved Ulstein kompetansesenter brukar dei det digitale læreverket Nynorsk Pluss, og utviklar sjølve det som trengst i tillegg. Her har dei minst tre kandidatar som har nådd eit høgt nok nivå til at dei kan ta bergenstesten på høgste nivå, og ynskjer å gjera det på nynorsk. Noregs Mållag krev at dei får sjansen til det!

Eg har hatt kontakt med Norsk språktest, som gjerne tek på seg arbeidet med å utvikla nynorsktesten om dei får det fi nansiert, og eg har skrive brev til statsråd Øystein Djupedal og bede om at han tek tak i problemet. Departementet må anten finansiera utviklinga av ein test direkte, eller påleggja Universitetet i Bergen å gjera det.

Det har vore eit ordskifte om mangfald i Morgenbladet i vår, der nynorsken vart skulda for å hindra integrering av innvandrarar. Men denne saka viser at det ligg mange hindringar i vegen for dei innvandrarane som ynskjer å verta integrerte i det nynorskbrukande Noreg, og det fi nn me oss ikkje i. Nynorsk er og skal vera tilgjengeleg for alle, også dei som har vakse opp med eit anna morsmål enn norsk. ●

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no