Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 2 / 2007:

Kva er skulemål?

Det går mot slutten av eit nytt skuleår, og eit nytt kull elevar skal over iu ngdomsskulen. Ein stor del av desse vil gå mot sitt fyrste møte med nynorsk nokon gong når dei skal ta til med sidemål. Truleg vil mange av dei alt no vera utstyrte med eit heilt sett med fordomar og motvilje mot å læra nynorsk. Dei 15 prosent av elevane som har hatt nynorsk i ti år er også sterkt prega av at nynorsk er eit skriftspråk som manglar status og aksept, og kanskje vil så mange som ein tredjedel av nynorskelevane byta til bokmål før dei er ferdige med vidaregåande skule. Det er gjerne ein glidande overgang. Nokre stader og nokre personar byter til bokmål så snart dei byrjar ungdomsskulen. Andre i det dei tek til på eller i løpet av vidaregåande, og mange fyrst når dei kjem opp i høgare utdanning eller ut i arbeidslivet.

Det finst nesten ikkje tal eller forsking på kor mange som eigentleg byter skriftspråk, eller kvifor. Likevel kan me etter mange års arbeid med skulemål seia ein del om grunnane til at elevar byter mål. Ein grunn er skilnaden i status og styrke mellom bokmål og nynorsk. Mange oppfattar det som vanskelegare å skriva nynorsk enn bokmål. Det har igjen samanheng med at me er så vane med å sjå bokmål over alt rundt oss, at skriftbiletet festar seg utan at me prøver på det ein gong. Det nynorske skriftbiletet møter me derimot kanskje berre på skulen eller i lokalavisa, om me er heldige.

Og her trur eg me er framme ved kjernen i problemet. Går ungdomane på kino, er dei utanlandske fi lmane teksta på bokmål. Les dei aviser (andre enn lokalavisa), er dei på bokmål. Les dei vekeblad eller teikneseriar, er dei på bokmål. Høyrer dei musikk, er det mest truleg på engelsk, men her har det vore ei positiv utvikling når det gjeld musikk, også den som ungdom høyrer på. Dersom grupper i dag vel å bruka norske tekstar, og det er det ein del som gjer, vel fleire og fleire å bruka dialekt. Men jamt over lever ungdomane i eit språkleg univers som er totalt bokmålsdominert, med innslag av engelsk. Det trur eg fører til at mange får inntrykk av at nynorsk berre er eit skulefag, og at det er bokmål som gjeld i den verkelege verda. Noko av det viktigaste skulemålsarbeidet me kan gjera, er difor å prøva å påverka til meir nynorsk over alt.

Noregs Mållag prøver no å få til ein landsfemnande kampanje, der alle dei kommunale kinoane bed om å få kinofilmar teksta på nynorsk i nynorskområde. Me har køyrt daglegvarekampanje for å få daglegvarebutikkane til å bruka nynorsk på skilt og i lysingar, og me arbeider mot dei store, landsdekkjande avisene og vekeblada for å få dei til å sleppa nynorsk til i spaltene. Her er det forresten eit ørlite lysglimt i mørkret – i aprilnummeret av damebladet Elle kan me for fyrste gong lesa ein artikkel på nynorsk, og vonleg kjem det fleire. Dei som enno ikkje har kjøpt bladet, er med dette oppmoda om å gjera det!

I det heile arbeider Mållaget mykje med å få nynorsk inn på nye område, og då me skulle lysa ut stipenda som me fekk frå Trond Giske i 100-årsgåve, sette me som kriterium at mottakarane skulle gjera ein innsats for å få inn nynorsk på område der han frå før har lite plass. Vinnarane kan du for fyrste gong møta på landsmøtet vårt i Stjørdal i april.

Eg trur elevane må oppleva at nynorsk er eit språk dei kan bruka over alt og i alle samanhengar dersom me skal bremsa målbytet, og det er mange oppgåver å ta tak i for lag som ynskjer å støtta ungdomane i dette valet. ●

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no