Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 1 / 2007:

Berre gjer det!

Nyleg var eg var med på ein paneldebatt om nynorsk i media, på eit seminar i regi av Kringkastingsringen. I det same panelet sat òg Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, ein førebiletleg positiv nynorsking, med gode svar og godt humør. Ho sa at ho har adoptert og omsett slagordet til Nike – Just do it. «Berre gjer det,» sa Audhild til norske redaktørar som er alt for redde for å bruka eller sleppa til nynorsk. Dette tykkjer eg er ein måte å tenkja på som me bør læra av i Noregs Mållag.

I ei årrekkje har me prata om kor flott det hadde vore dersom me kunne greia å få til ei offensiv folkerøysting om skulemål, ikkje berre kjempa for å forsvara nynorsken i dei krinsane der bokmålsfolk syter for røystingar for å hiva ut nynorsken. I arbeidsprogrammet vårt står det mellom anna at me skal ta sikte på å ¨vinne minst ein bokmålskrins og forsvare alle nynorskkrinsar." Punktet
om å forsvara nynorskkrinsane er noko me stadig får altfor godt høve til å gjennomføra. Berre til no i år (og me er trass alt berre ein månad inne i det nye året) har me alt fått varsla fire komande folkerøystingar om skulemål i nynorskkrinsar. Dette er forsvarskampar, der me må forsvara nynorsken der han er under press. Det er eit veldig viktig arbeid, som lokallaga våre driv kvart einaste år, og denne innsatsen må ikkje undervurderast.

Men no er tida komen for å ta steget heilt ut, og få til ei røysting der det er me som tek initiativet. Ei innsamling av underskrifter, nok til å setja i gang røysting i ein bokmålskrins, og sjølvsagt aller helst vinna. Dette har me vedteke i arbeidsprogrammet at me skal få til, og me har enno eitt år att av perioden å greia det på. Styret vedtok på januarmøtet sitt å setja av 100 000 kroner til å gjennomføra ei off ensiv skulemålsrøysting, og målet er at røystinga skal gå føre seg på valdagen i september. Dersom me faktisk greier å samla underskriftene til 25 prosent av dei røysteføre i krinsen, er mykje gjort. Me har etter kvart lang erfaring i å organisera arbeidet kring folkerøystingar om skulemål. Det meste av arbeidet som må gjerast, mykje av innhaldet i argumentasjone vil vera nett det same som i dei andre røystingane. Det som er annleis denne gongen, er altså at det er me som er på offensiven, me som ynskjer å få til ei røysting. Det gjev oss eit overtak i utgangspunktet, og symboleffekten dersom me faktisk vinn, vil vera stor. Me må ikkje vera så redde for å tapa at me ikkje vågar å prøva. Berre gjer det!

Eg ynskjer at me skal tenkja oss om kvar einaste gong me opnar munnen for å seia noko om nynorsk eller Mållaget, og syta for at når orda kjem ut, er dei positive og off ensive på vegner av målet. Det kan vera mangt og mykje som er trist og leitt, men det gagnar oss så veldig lite å sutra over det. Fortent eller ikkje – Mållaget har fått ord på seg for å vera eit lag av sure og vrange kranglefantar, og eg er redd me ikkje vinn mange nye hovud for nynorsk mål så lenge det biletet blir verande.

Me må våga å vera stolte over nynorsken, og våga å seia det høgt. Me vinn ingenting ved å lista oss rundt og håpa ingen legg merke til at me finst. Sei det høgt at JA, klart eg er medlem i Noregs Mållag, eg er då for nynorsk!

Det er FLOTT at alle elevar får læra nynorsk på skulen, no må dei berre få god nok undervisning, slik at dei faktisk lærer det skikkeleg. Klart elevane i Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø kan ha nynorsk som fyrste opplæringsmål.

Og JA, eg er optimist på vegner av nynorsken – sjå berre på alt me har fått til på hundre år, me står godt rusta for dei neste hundre. ●

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no