Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 1 / 2008:

Eit betre framlegg om sidemål

Det har no visst gått inflasjon i søknader om forsøksordningar med fritak frå sidemål. Lokalpolitikarar frå Høgre og FrP snublar over kvarandre i iveren etter å samla billege poeng frå skuleleie ungdomar ved å gå inn for valfritt sidemål. Det er trist og skuffande at KrF hengjer seg på og lagar fleirtal saman med høgrepopulistane fleire stader.

Dei som gjer vedtaka veit sjølvsagt at sjansen for å få gjennom slike framlegg er forsvinnande liten. For det fyrste er det i strid med norsk lov og vedteken politikk å kutta ut sidemål, for det andre er det svært lite frå det gjennomførte treårige forsøket i Oslo som tydar på at det har noko føre seg. Dette forsøket er no gjennomført og evaluert, og sjølv om byrådet panisk prøver å framstilla forsøket som ein suksess, så er det ingenting i rapporten frå NIFU STEP som tilseier at fjerning av sidemål har nokon positiv effekt.

Byrådet i Oslo hadde fem mål med forsøket: Å betra dei skriftlege dugleikane i hovudmålet, å betra lesedugleikane, å betra den munnlege framstillingsevna, å betra haldningane til norskfaget generelt og til nynorsk som sidemål spesielt. Av desse måla er det berre det første – betre karakterar i hovudmålet – som kan seiast å vera oppfylt. Og det går ikkje an å seia at det er på grunn av fritaket frå sidemål.

I forsøket vart det nemleg sett inn store ressursar til motivasjonsfremjande tiltak – elevane fekk gå i teatret, og møta forfattarar, dei fekk ei tett oppfylging i form av evaluering og tilbakemelding undervegs i arbeidet med hovudmålstekstar – ei rekkje flotte tiltak som alle elevar over heile landet burde få uansett, og som i seg sjølv truleg er nok til å gje betre resultat i norskfaget. Det blir dermed heilt uråd å hevda at det er fritaket frå sidemålsundervisninga som har ført til den vesle betringa i karakter i hovudmålet (0,146 karakterpoeng). Dette vert endå tydelegare når du samanliknar med dei elevane som gjekk på forsøksskulane men valde å ha sidemålsundervisning som vanleg: Dei fekk nemleg ein større framgang enn dei som valde bort sidemålet (0,180 karakterpoeng).

Høgre hevdar at rapporten viser betre haldningar til nynorsk hos elevane. Dette er i beste fall ei sanning med modifikasjonar. Nokre av elevane seier rett nok at dei har fått litt betre haldningar til nynorsk, men dei som i utgangspunktet ynskte å ha sidemålsopplæring som vanleg, fekk dårlegare haldningar. Høgre marknadsfører ordninga som valfritt sidemål, men valfridomen har vist seg å ikkje vera reell. Elevar rapporterer om mangelfull eller heilt fråverande opplæring i sidemål for dei elevane som ynskjer å læra nynorsk. Dette står jo i direkte motsetnad til det som vanlegvis er det skulepolitiske synet til Høgre når det gjeld alle andre fag enn sidemål. Sidemål er det einaste faget der Høgre vel som løysing å fjerna faget når kunnskapane er for dårlege. Svaret deira i alle andre samanhengar er i staden å betra undervisninga, auka timetalet, motivera og engasjera både lærarar og studentar.

Det blir så utruleg holt når populistane prøver å påstå at det er av omsut for nynorsken dei vil fjerna han frå skulen. Dersom dei verkeleg ynskte å betra haldningane til nynorsk, finst det heilt andre og betre måtar å gjera det på. På Holmlia skole i Oslo har dei i fleire år gjennomført ei anna form for sidemålsundervisning, der elevane får møta og bruka nynorsk i andre fag enn norsk, med stor suksess. Elevane blir betre i nynorsk, får betre haldningar til nynorsk, og får integrert språkopplæringa i andre fag enn norskfaget, heilt i tråd med Kunnskapsløftet. Det er grunn til å tru at dette òg vil påverka hovudmålskunnskapane positivt, all forsking viser at til meir språkopplæring og språktrening ein får, til betre blir den samla språkkompetansen. På landsbasis gjennomfører over 20 ungdomsskular og vidaregåande skular frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør forsøket. Eg vil utfordra alle dei forsøkskåte politikarane til heller å innføra denne ordninga for alle elevane i skulen. Det kunne gje både betre haldningar til og kunnskapar i nynorsk, og truleg òg auka den totale språklege kompetansen til elevane.

Dersom Høgre meiner alvor med at dei ynskjer betre norskkunnskapar og betre haldningar til nynorsk, må dei vera tøffe nok til å prøva ei ordning med betre nynorskopplæring i staden for å prøva å fjerna nynorsken heilt frå skulen.

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no