Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 2 / 2008:

Eit lite steg fram

I alle dei åra eg har vore aktiv i målrørsla, har me vore opptekne av mangelen på læremiddel i og på nynorsk for innvandrarar. Av mystiske grunnar har det vore bortimot umogleg å få forlaga og staten til å innsjå at for dei innvandrarane som buset seg i nynorskkommunar er det ein direkte hemsko å læra bokmål på norskkursa. Det språket dei lærer der ligg så langt frå den dialekten dei høyrer rundt seg at dei har problem med å delta i det lokale offentlege livet. Dei får brev frå skulen som dei ikkje forstår, ungane deira lærer nynorsk på skulen, og foreldra lever med eit heilt unødvendig handikap.

Etter kvart har noko av arbeidet ført fram, og det finst no nokre få læremiddel på nynorsk for innvandrarar. Det nettbaserte læreverket NynorskPluss kom i 2003, og har vore eit godt hjelpemiddel, men det er ikkje nok åleine. Enkelte stader har kommunane rett og slett teke skeia i eiga hand, og utvikla sine eigne læremiddel, eller lærarane har brukt tekstar frå aviser og bøker på nynorsk, og laga eit opplegg uavhengig av læreboka for å gje innvandrarane den opplæringa dei treng.

I Norsk Tidend nummer 3/2007 skreiv eg ein leiarteig om den såkalla Bergenstesten, som testar og sertifiserer norskkunnskapar på høgare nivå. Denne testen var berre tilgjengeleg på bokmål. Arvind Thattai gjorde saka aktuell den gongen. Han hadde på eiga hand lært seg nynorsk både munnleg og skriftleg medan han budde i England saman med kona si frå Jæren, og ville gjerne ta testen for å kunna søkja jobb ved norske universitet. Det vart altså bråstopp fordi testen berre fanst på bokmål. I etterkant har det kome fram at fleire innvandrarar mot alle odds har greidd å læra seg godt nok nynorsk til at dei ynskjer å ta testen på nynorsk.

For nokre veker sidan kunne Bergens Tidende slå opp at forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland har sytt for finansieringa slik at testen no kjem på nynorsk. Dette er svært gledeleg. Noregs Mållag tok problemet opp med den tidlegare kunnskapsministeren Øystein Djupedal, utan at det gav resultat. Det er difor ekstra kjekt å sjå at Tora Aasland no tek tak i saka. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har også vist seg å vera ein mann som lèt seg snakka med om viktige nynorsksaker, og det gjev håp om at det kanskje kan vera mogleg å få til endå fleire gjennombrot når det gjeld nynorsk for innvandrarar.

Det er nemleg mange saker å ta tak i framleis. UDI har til dømes ein nettportal som skal gjera det lettare å vera ny i Noreg (www.nyinorge.no), og her kan ein få informasjon på mange språk om viktige saker for ferske innbyggjarar i staten Noreg. Ein kan velja språk mellom Arabic, English, French, Norwegian, Polish, Russian, Somali, Spanish, Thai og Urdu. Og Norwegian er – ja, nettopp – bokmål. På Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine heimesider finn me informasjon om introduksjonsordninga: «Introduksjonsordningen er det viktigste virkemiddelet for kvalifisering av nyankomne flyktninger og deres familie. Målet med deltakelse i introduksjonsprogram er å gi grunnleggende ferdigheter i norsk, grunnleggende innsikt i norsk samfunnsliv, samt å forberede for deltakelse i yrkeslivet og/eller utdanning. Fra og med 1. september 2004 gjelder introduksjonsloven som en obligatorisk ordning for alle kommuner». For oss som har valt nynorsk som språk når me les sida, står det øvst: «Denne sida finst ikkje på nynorsk». Det gjer heller ikkje introduksjonsprogrammet eller dei grunnleggjande språkkursa som det er obligatorisk for innvandrarar å gå gjennom.

I vidaregåande skule har tusenvis av elevar fritak frå nynorsk som sidemål, utan at det er nokon fagleg grunn til dette – grunnen er berre at dei har ein eller to foreldre med eit anna morsmål enn norsk. Desse elevane stiller med andre vilkår enn dei med norske foreldre når dei skal ut i arbeidslivet, og har gått glipp av kunnskap om og i ein viktig del av norsk språk og litteratur.

I året som gjekk har Noregs Mållag i tråd med landsmøtevedtaket frå 2006 prøvd å analysera kva som er nytt og annleis i samfunnet i dag i høve til for nokre tiår sidan, og prøvd å sjå på kva det har å seia for vår argumentasjon og vårt arbeid for nynorsk. Ein av konklusjonane er at me som er målfolk har mange felles interesser med språklege minoritetar frå andre land, og me vil prøva å leggja til rette for eit samarbeid med ulike innvandrarmiljø og -organisasjonar. Nynorsken står jo i ei anna stilling enn minoritetsspråk frå andre land, men dermed har me òg eit særleg ansvar for å forsvara dei språklege rettane til innvandrarane. Me vil arbeida vidare for at innvandrarar skal få lov å ta del i heile den norske kulturen, samfunnet og språket, og ikkje vera stengde ute frå nynorsken i skule, samfunn og arbeidsliv.

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no