Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 3 / 2008:

Til kamp for læremiddel

På landsmøtet vårt i Stavanger lova kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell å ordna opp i læremiddelstoda. Han lèt det ikkje vera nokon tvil om at retten til å få læremiddel på eige språk er grunnleggjande, og ikkje open for forhandlingar. Likevel er det ein rett nynorskelevane ikkje har fått oppfylt på alle dei snart 35 åra lova har vore gjeldande.

At me no har ei regjering som er så glasklåre i kravet om nynorsk, og med fire nynorskbrukande statsrådar som markerer seg tydeleg på nynorsken si side er ikkje ei sovepute for målrørsla. Tvert om er det no me verkeleg må setja inn kreftene, no har me sjansen til å få rydda opp i dette ein gong for alle. Då må me hjelpa regjeringa til å få kartlagt stoda, samla erfaringar frå felten, og staka ut vegen fram mot målet om at alle læremiddel faktisk skal liggja føre til same tid. Det er så enkelt, og så vanskeleg.

Med innføringa av Kunnskapsløftet som skjer i den vidaregåande skulen frå og med skuleåret 2006/2007, har det vore store problem med å få skulebøkene ferdige i tide. Det har som vanleg gått utover nynorskelevane i langt større grad enn bokmålselevane. Frå og med skuleåret 2007/2008 startar ordninga med at staten betaler skulebøkene, og det er fylkeskommunen som skuleeigarar som forvaltar desse pengane og kjøper inn skulebøker og læremiddel. Det burde stilla om mogleg endå strengare krav til at opplæringslova om læremiddel til same tid og pris vert følgt. Like fullt ser me at nynorskelevane vert forsømte frå produsentane og ignorerte av skuleeigarar og lærarar, desse pressar ikkje på for å få fram bøkene i tide.

Ei anna utfordring er dei digitale ressursane som no fylgjer med bortimot alle nye lærebøker som kjem ut. Sjølve boka er berre ein del av læreverket, i tillegg til boka er det ein nettstad der ein finn artiklar og tilleggsstoff, lenkjer og oppgåver som skal brukast i undervisninga. Desse nettressursane er under utvikling, og alle dei store forlaga lagar no nettsider berre på bokmål. På spørsmål frå oss svarar dei at dei må bruka både eitt og fleire år på å utvikla og prøva ut konseptet fyrst, og deretter vil dei byrja omsetjinga til nynorsk. Dette er ein hårreisande og fullstendig uakseptabel strategi, og statsråden må så raskt som råd setja foten ned for denne praksisen. For å få til det må truleg forskrifta til lova gjerast klårare på at parallellitetskravet gjeld alle typar læremiddel, også dei digitale.

Statsråden sende elles med oss ei utfordring i landsmøtetalen sin 25. april: han ynskte at me skulle hjelpa til med å samla inn faktisk informasjon frå ei rekkje skular for å få greie på kva bøker dei hadde på plass og kva som mangla. Han streka også under at det neppe er grunn til å tru at saka vil vera løyst til hausten, sjølv om han no er med og legg press frå si side. Til det er manglane for store og utfordringane for mange, mellom anna når det gjeld finansiering av bøker for små fag med lågt elevtal, der forlaga ikkje tener pengar på bøkene.

Mållaget vil prøva å få statsråden med på ein tidsfrist og ein tids- og tiltaksplan for å koma i mål. Planen må innehalda ei avklaring av forskrifta, slik at det er tydeleg at alle læremiddel skal koma i språklege parallellutgåver. Det må vera ein endeleg frist for kva tid alle bøker og andre læremiddel (elektroniske) skal vera ferdige i nynorsk utgåve, og innan denne fristen må verkeleg alt vera på plass. Det må òg lagast reglar for korleis skuleeigarane skal handtera registrering av hovudmål, og at dei må ha tilstrekkeleg med bøker på båe målformer til å tola den årlege variasjonen vi veit vil oppstå. Det må òg lagast ordningar for tilsyn med skulane for å sjå til at alle skular i landet berre bruker bøker som ligg føre på båe målformer.

Her er det mange oppgåver for laga våre òg: Det er de der ute som er nærast til å bringa vidare fyrstehands røynsler med korleis stoda er i praksis. Eit minstekrav til kommunane og fylkeskommunane må vera at dei stiller krav til språkleg parallellitet i anbodsdokumenta når dei skal kjøpa inn bøker, slik at dei kan pressa forlaga dersom bøkene ikkje kjem i tide. Dette bør alle kommunar og fylkeskommunar ha som eit krav, sjølv der fleirtalet av, eller alle, elevane har bokmål som hovudmål. Stiller dei slike krav i dag? Om ikkje, er dei viljuge til å gjera det? Vil dei skriva under på eit opprop som seier at dei vil stilla slike krav i framtida, for å stø dei språklege rettane til elevane? Dette bør me greia å skaffa eit oversyn over, og på denne måten oppnår me fleire ting: Kommunane og fylkeskommunane blir medvitne ansvaret dei har som skuleeigarar, me får dokumentasjon som trengst for å få gjennomslag for kravet, og me kan verva medlemer på arbeidet med ei sak som appellerer til rettferdssansen til folk.

Me har slåst for læremiddel på nynorsk i 35 år – no vil me sjå kampen krona med siger!

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no