Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 4 / 2008

Bygg Mållaget

Då Kulturdepartementet i slutten av juni la fram stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, var det ei storhending på mange måtar. Noreg mangla nettopp ein heilskapleg språkpolitikk, og det var fyrste gongen det har blitt laga ein fullstendig gjennomgang av språkstoda her i landet, med analyse av maktstrukturar og mekanismar. Meldinga har lenge vore lova, og mange venta i spenning på presentasjonen, blant desse det meste av målrørsla. Me vart ikkje skuffa. Meldinga er nett så grundig og godt skriven som me var blitt førespegla, og analysen av stoda for nynorsken gjev eit presist og godt bilete.

Meldinga set opp fem overordna språkpolitiske mål for den nye språkpolitikken:
1. Norsk skal vera hovudspråket og felles nasjonalspråk i Noreg
2. Norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk
3. Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir røynleg likestilt med bokmål.
4. Det offentlege skal leggja vekt på å føra eit korrekt og forståeleg språk.
5. Alle skal ha rett til språk, å få utvikla og tileigna seg det norske språket, bokmål og nynorsk, å få utvikla og bruka sitt eige morsmål eller førstespråk, inkludert teiknspråk, sitt eige urfolksspråk eller nasjonale minoritetsspråk, og alle skal få høve til å læra seg framande språk. (Mål og meining 2008 s. 24)

Den nye, overordna og heilskaplege språkpolitikken tek såleis sikte på å omfordela språkleg makt, gjera jamstellinga mellom nynorsk og bokmål meir reell, og leggja til rette for at nynorsk skal kunna brukast på alle samfunnsområde utan kamp. I stortingsmeldinga slår Kulturdepartementet fast at Noregs Mållag er ein viktig organisasjon, og lover meir pengar til både Noregs Mållag og dei andre nynorskinstitusjonane.

Det står så mykje bra i meldinga at me knapt kunne skrive ho betre sjølv. Kva har det å seia for Noregs Mållag? Korleis skal me leggja opp arbeidet vårt når regjeringa alt har sett ord på det meste av politikken vår? Eg trur det no er viktigare enn nokon gong å visa oss som ein sterk, handlekraftig og viktig organisasjon!

Når ministrane seier dei vil rydda opp i læremiddelstoda, skal me nettopp bita oss fast i læremiddelsaka. Når regjeringa legg planar for ein ny og god språkpolitikk skal me nettopp stå fram som ein livskraftig organisasjon med mange og aktive medlemer som krev å bli høyrde og tekne på alvor. Eg trur knapt regjeringa kunne ha lagt fram denne meldinga om det ikkje var fordi målrørsla i ei årrekkje har sett fokus på dei skeive språklege makttilhøva, mangelen på reell jamstelling mellom nynorsk og bokmål, og fordelane ved å ha nynorsk i Noreg. Det er me som har bana vegen og gjort mykje av førearbeidet, og at departementet i ein slik grad vel å stø opp om analysane våre viser nett kor viktig arbeidet vårt er. Dersom dei skal greia å få gjort noko med alle dei problematiske områda dei peikar på i meldinga, må me halda fram med å gå fremst og visa veg.

I haust satsar styret på å setja i gang ei rekkje tiltak for å vitja lokallaga våre, gje dei ein ny piff og gode idear, og blåsa liv i minst fem lag som ligg nede. Me kjem til å reisa rundt saman med Rolf Theil, som held føredrag om internasjonale språkspørsmål, og med Vestlandsrevyen som spreier moro, lått og hyllest av nynorsken. I tillegg kjem me gjerne til ditt lag dersom du vil ha hjelp med å auka aktiviteten i laget, eller kanskje dra i gang eit mållag der du bur.

Det er så lite som skal til, men det har stor effekt dersom me kan auka medlemstalet og styrkja organisasjonen vår. På denne måten kan me halda presset oppe når regjeringa og Stortinget skal i gang med den svært krevjande oppgåva det blir å gjennomføra alle dei gode intensjonane frå meldinga. Og det er då det verkeleg gjeld!

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no