Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 5 / 2008

Nynorsk inn i lærarutdanninga

I stortingsmeldingane Mål og meining og Språk bygger broer legg regjeringa opp til ein språkpolitikk der dei går inn for at Noreg framleis skal ha både bokmål og nynorsk i framtida, og der dei slår fast at nynorsk må styrkjast og favoriserast positivt både i opplæringa og elles i samfunnet. No arbeider same regjeringa med ei stortingsmelding om lærarutdanninga, og det er spanande å sjå om den same språkpolitikken vil visa att i denne meldinga.

I rammeplanen for dagens lærarutdanning står det at ”Språksituasjonen i Noreg føreset at lærarar kan bruke begge dei norske målformene. Studentane skal prøvast i skriftleg bokmål og nynorsk” (Rammeplanen for allmennlærarutdanning, 2003). Det står ingenting om at dei skal få opplæring i nynorsk under utdanninga, premissen er altså at det kan dei frå før. Både me som arbeider innanfor lærarutdanninga, lærarstudentane, og dei fleste andre veit at denne premissen ikkje er til stades. Etter fullført vidaregåande skule er det diverre svært mange elevar som er langt frå å meistra nynorsk. Når desse elevane blir lærarstudentar, skal dei prøvast skriftleg i både nynorsk og bokmål. Mange stryk gong etter gong, og mange greier å kara seg gjennom eksamensdagen med naud og neppe. Svært mange studentar uttrykkjer sjølve at dei kvir seg for å skulla undervisa i nynorsk, for dei ikkje kjenner seg kompetente til det, sjølv etter fullført lærarutdanning.

Dette blir ein vond sirkel, for manglande kompetanse hos nyutdanna lærarar fører ikkje nett til betre nynorskopplæring til neste generasjon elevar. Dette har fått halda fram alt for lenge, det er på tide å innføra obligatorisk opplæring både i nynorsk og korleis undervisa i nynorsk, både hovudmål og sidemål (nynorskdidaktikk) i lærarutdanninga. Dette bør koma fram i stortingsmeldinga om lærarutdanninga, og det blir det viktigaste innspelet frå Noregs Mållag til departementet før meldinga blir lagt fram.

Lærarutdanninga inkluderer både allmenn- og førskulelærarutdanning. Me i Noregs Mållag har lenge vore opptekne av barnehagane og (mangelen på) medvit om den språklege og kulturelle opplæringa som føregår der. For barnehagane finst det ingen reglar for kva teksttilfang som skal brukast. Dersom ungane veks opp med å læra berre bokmålssongar og -regler når dei er små, blir møtet med nynorsken i skulen eit hinder, eller i alle fall noko nytt, noko som bryt med den språkkjensla dei har bygd opp i førskulealderen. Auka fokus på nynorsk i lærarutdanninga er difor viktig òg for førskulelærarstudentane.

I stortingsmeldinga Språk bygger broer nemner Kunnskapsdepartementet ein handlingsplan for nynorsk i opplæringa. Planen skal leggjast i samarbeid med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Det kan verkeleg trengast ein plan for korleis ein skal betra opplæringa i nynorsk i skulen. Det er allment kjent og akseptert at alt for mange elevar får ei undervisning som ligg langt unna det som må til dersom dei faktisk skal læra noko. Nynorsksenteret har gjort svært mykje godt arbeid for å gje norske elevar og lærarar hjelp til betre nynorskopplæring – som eit døme kan nemnast undervisningsfilmane om god sidemålsopplæring som vart laga i samarbeid med Snøball Film. Men det er ikkje godt nok å skuva alt ansvaret for ei betre nynorskopplæring over på Nynorsksenteret. Dersom ein verkeleg skal få til ei endring, må både Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og alle som har ei rolle i utforminga av utdannings-Noreg trekkja i same retning.

Grunnlaget for ei god opplæring må leggjast i lærarutdanninga. Dersom dei nye generasjonane med lærarar skal kunna gje både nynorskelevane og bokmålselevane ei god nynorskopplæring, må dei sjølve få ei utdanning som kvalifiserer dei til oppgåva. Noregs Mållag har lenge hatt eit krav om at det obligatoriske norskfaget i lærarutdanninga blir utvida til eitt år, no ser det ut til at dette kravet får støtte frå fleire hald, og at det endeleg kan vera mogleg å få gjennomslag for. Det er viktig at det utvida norskfaget inkluderer spesifikk opplæring i nynorsk og nynorskdidaktikk. Høyrer du, forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland? Kan du vera grei og få det med i stortingsmeldinga di?

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no