Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 1 / 2009

Gje meg mjølk!



Nynorsk på mjølkekartongane er eit stadig tilbakevendande tema i Mållaget, og det er ei sak som engasjerer og opptek medlemene våre. Mange meieri i nynorskområde har blitt lagt ned og produksjonen sentralisert, for kvar gong er det same runden med diskusjonar om kor vidt ein skal halda fram med å bruka nynorsk på mjølkekartongane, og medlemene våre har engasjert seg i saka med ulike aksjonsformer gong på gong. Nokre stader har det enda med at eitt eller to mjølkeslag skal ha nynorske kartongar, og det er gjerne dei minst brukte slaga, som heilmjølk og skumma kulturmjølk. Berre anlegget på Byrkjelo i Sogn og Fjordane produserer heile sortimentet på nynorsk, og i aust og nord er nynorsken heilt fråverande på mjølkekartongane.

Er det så nøye då, spør sikkert mange seg. Det må vel vera viktigare saker å jobba med? Ja, det er mange og viktige nynorsksaker å kjempa for, men nynorsk på mjølkekartongane er ei viktig symbolsak av mange grunnar. Det handlar om nynorsk i dagleglivet, på frukostbordet, nynorsk som bruksspråk, kvar som helst.

No har nokre av marknadsføringsfolka i Tine funne ut at dei vil prøva å fjerna nynorsken frå alle mjølkekartongane sine ein gong for alle. Dei vil framstå ”einskapleg”, og vil spara pengar på å kutta nynorsken frå kartongane. Seier dei. Saka skal opp for konsernleiinga i løpet av våren, og Noregs Mållag vil sjølvsagt ikkje sitja roleg og sjå på at dei gjennomfører dette.

For det første er det ikkje til å fatta at ”einskapleg” er uttrykket Tine ønskjer å gje av seg sjølv. Tine er eit sameige, eit konsern som er eigd av matvareprodusentane sjølve, og noko mindre einskapleg enn ei slik driftsform er det vanskeleg å sjå føre seg. På nettsidene sine skriv Tine om seg sjølv: ”TINE er representert over hele landet med sine 16310 eiere, 5540 ansatte, 45 meierianlegg, 5 meieriterminaler og 6 produksjonsanlegg i annen virksomhet”. Kvar blir det av nynorskbrukarane og respekten for dei når det sentrale marknadsføringskontoret vil fjerna språket deira frå alle produkt? Straumlinjeforma og glatte masseproduksjonar renn marknaden over av på alle område. Er ikkje nett det samansette og mangfaldige, det nære og lokale verdiar som gjer at Tine-produkta skil seg ut positivt? Eller kunne gjort det, om ikkje marknadskontoret deira hadde byrja å springa etter heilt feil trend.

Ein stor del av mjølkebøndene i Tine bur og driv i nynorskområde. Dei brukar nynorsk sjølve, leverer mjølka si til sitt eige samvirke, les bokmålslysingane frå dette samvirket i lokalavisa (som gjerne er redigert på nynorsk), og kjøper bokmålsmjølkeprodukt i nærbutikken sin (som gjerne brukar nynorsk), og i dette krinslaupet har samvirket altså omsett og omskapt det lokale produktet til eit ”einskapleg” bokmålsprodukt som er med på å trekkja ned statusen til det språket produsentane sjølve nyttar.

Alle som følgjer norsk læreplan i norsk skule skal læra både nynorsk og bokmål. Anten elevane har nynorsk eller bokmål som hovudmål er dei avhengige av å lesa og sjå nynorsk i bruk. Då nyttar det ikkje berre å få lærebøkene på skulen på nynorsk. Dei må sjå og lesa nynorsk i kvardagen, i den verda dei lever i. Det vil seia at nynorsk må finnast på daglegvarer som mjølk og brød, på bensinstasjonen, i reklamen og i aviser og blad. At det er vanskeleg å få til dømes glansa vekeblad, eller for den saks skuld Oslo-baserte dagsaviser, til å sjå verdien av språkleg mangfald og identitet veit me. At eit samvirke av matprodusentar frå heile landet skal ha ei liknande haldning er ikkje like lett å forstå.

Det økonomiske argumentet held ikkje. Det er ein veldig enkel måte å løysa det på: Bruk språkkløyvde mjølkekartongar, med bokmål på to sider og nynorsk på to sider. Då kan kartongane vera like over heile landet, og alle vil få høve til å lesa sitt eige språk på kartongane. Ikkje minst vil alle få eit innblikk i begge dei to jamstelte skriftkulturane me har her i landet. Rasjonelt, enkelt og rimeleg. Eg kan ikkje sjå eit einaste argument imot denne løysinga, og utfordrar Tine til å koma med ein truverdig grunn for å fjerna nynorsken frå kartongane.

I denne saka ventar eg at konsernleiinga i Tine ser at dette er feil spor, og vel å marknadsføra seg ikkje som ei einsrettande midtstraumsverksemd, men som ei mangfaldig, inkluderande og tolerant verksemd med respekt for produsentane og forbrukarane sine. Noregs Mållag står i alle fall klare med aksjonar, lesarbrev, argumentasjon og høglydte protestar mot framlegget om å fjerna nynorsken frå kartongane. Me vil ha mjølk!

Hege Myklebust
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no