Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 2 / 2009

Godvilje på prøve

Det er våren før eit stortingsval, og våren før endå ein skulestart. Det er ei avgjerande tid for den raud-grøne regjeringa med dei gode intensjonane. Kan dei greia å overtyda veljarane om at dei fortener ein ny periode i posisjon? Og for eigen del lurer eg på: Kan dei greia å verkeleg endra målstoda? Går me inn i ein ny stortingsperiode med betre kår for nynorsken enn me hadde for fire år sidan?
Første testen kjem til skulestart 2009. På landsmøtet vårt i fjor lova kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell å ordna opp slik at nynorskelevane skulle få alle læremiddel og lærebøker til same tid som bokmålselevane får sine. Han lova rett nok ikkje å gjera det på eitt år – tvert om sa han at me måtte førebu oss på at det ville ta nokre år. Likevel bør me kunna sjå ei monaleg endring frå eitt år til det neste, særleg med tanke på dei tiltaka som vart sett inn for at bokmålselevane skulle få bøkene sine i tide, etter at det i forfjor krølla seg til slik at mange bøker ikkje vart klare til skulestart. I fjor kom det ei ekstraløyving på seks millionar til støtteordninga for nynorske læremiddel, og det vart lagt vekt på at skuleeigarane har mykje av ansvaret for å syta for at berre læremiddel som blir produsert på både bokmål og nynorsk skal kjøpast inn. Eg meiner departementet og direktoratet likevel må ta ansvar for å følgja opp skuleeigarane og halda oversyn over kva læremiddel som kjem (eller ikkje kjem) på nynorsk.
Neste test blir gjennomføringa av den heilskaplege norske språkpolitikken som vert lova i Mål og meining. Dersom jamstellinga mellom bokmål og nynorsk skal verta reell, må nynorsk diskriminerast positivt, og når politikk skal utformast på andre område, skal alltid omsynet til språk og språkleg jamstelling takast med i vurderinga, det vert slått fast i meldinga. Kan kulturdepartementet greia å få dei andre departementa til å gjennomføra dette? Dei ligg temmeleg langt unna i dag, når til dømes statistikken for nynorsk på nettsidene viser at ingen av departementa greier å halda målet om minst 25 % nynorsk, og når det kan gå mange år med den kulturelle skulesekken før det blir teke opp at nynorsk bør ha sin naturlege plass i sekken.
I det heile har det vist seg at det på langt nær er nok med gode intensjonar. Å gjera verkelege endringar i målstoda er utruleg vanskeleg, og likevel så utruleg enkelt! Alt som skal til er at nokon med makt og ansvar berre avgjer at ”frå no av gjer me det slik!”. Det kan ei Signy Fardal gjera i Elle, og slå hol i ein potte tett bokmålsmur med ei enkel avgjerd. Og med motsett forteikn: Det kan ei konsernleiing i Tine gjera med eit administrativt vedtak om å seia at TineMelk er den einaste logoen som skal brukast på søtmjølka frå no av – og vips, så har det skjedd ei endring. Men når det gjeld å få meir nynorsk inn på ulike område, så viser det seg at desse avgjerdene sit langt inne. Det er stor redsle for kva bokmålsbrukarane skal seia dersom dei får for store dosar med nynorsk. Nynorskbrukarane blir sjeldan utsette for den same omsuta.
Difor er eg, no mot slutten av leiarperioden min, slett ikkje roleg og trygg på at alt det gode som står i stortingsmeldinga Mål og meining vil bli røyndom. Då meldinga kom var det fleire som spurde meg kva målrørsla no skulle finna på, når regjeringa la fram ei melding som var meir eller mindre i tråd med arbeidsprogrammet vårt. Svaret mitt er at det er minst like mykje bruk for målrørsla no som før. No skal me passa på at den nye språkpolitikken blir gjennomført, og me skal leggja grunnlaget for at eit eventuelt regjeringsskifte ikkje fører til rasering av nynorsken og den posisjonen nynorsken trass alt har i dag. Eg overlet roret til andre, og takkar for dei åra eg har fått lov å jobba med nynorsk på heiltid, det har vore gjevande og lærerike år. Lukke til med dei viktige oppgåvene som framleis ventar!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no