Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 3 / 2009

Nynorsk for vaksne innvandrarar

Om ein lærer nynorsk skriftleg, vert det lettare for førstegenerasjonsnordmenn også å ta til seg dialekten.

”Kvifor lærer vi ikkje nynorsk ved vaksenopplæringa?” spør Lamai Khotmongkhol frå Kvinnherad og Thailand. ”[Det] ville vore lettare om vi lærte nynorsk på skulen” seier Jurgita Zemaitaitènè frå Kvinnherad og Litauen. ”Målet mitt er ikkje berre å snakka godt, men å læra meg god skriftleg nynorsk” seier Sandra frå Brasil og Kvinnherad.

Sitata er frå avisa Kvinnheringen onsdag 29.oktober i fjor. Fire førstegenerasjons norske kvinner vert intervjua. Dei har eit felles ønske: Dei vil ha nynorske lærebøker. Det same ynskjer Julanda Garcia Romano frå Vindafjord og Den dominikanske republikk i lokalavisa Grannar torsdag 7.mai i år. Ho vil at norskopplæringa hennar skal vere på same språket som guten lærer på skulen, men slik har det ikkje vore. Vindafjord Mållag har heldigvis teke opp saka, fått med seg ordførarar, og sett dagsorden.

For dette er ei sak som ligg midt i hovudutfordringane til distrikta. Korleis sikre folketal og tilflytting? Korleis byggje ein identitet som synleggjer dei positive verdiane i kommunen? Korleis sikre god integrering av tilflyttarar? Det er ikkje rart at ordførar etter ordførar no vaknar og tek initiativ til at innvandrarar skal lære det same skriftspråket som vert nytta elles i kommunen.

Engasjementet var veldig tydeleg på Landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) i Loen 27.-29.mai. Ordførarane i Vågå og Stryn var mellom dei som tok det opp. Ordføraren i Stryn, Nils P. Støyva, hadde hatt vitjing av statssekretær Libe Rieber-Mohn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet same veka, og gjeve tydeleg beskjed om at det må verte fortgang i arbeidet med opplæringsmateriell på nynorsk.

LNK skriv i årsmeldinga si at ” Det kan sjå ut som om den positive utviklinga på dette området har stoppa noko opp”. Etaten som har ansvar for saka nasjonalt, VOX – læring for arbeidslivet, har ikkje tykt det var viktig nok. Det er på veg til å endre seg. Få dagar etter Landstinget til LNK er VOX på bana og vil få framgang i saka.

Regjeringa har nett kome med framlegg om utviding og styrking av norskopplæring for nye statsborgarar, med mellom anna obligatoriske prøver i norskopplæringa. Mållaget har vore i media og peika på at dette sjølvsagt skal bety at opplæring og prøver skal finnast på både nynorsk og bokmål. Kvifor er dette ei viktig sak for oss i Mållaget?

Dialekt og nynorsk = Betre integrering. Å snakke den lokale dialekten, og å skrive det lokale skriftspråket, kan ikkje overvurderast som integreringsfaktor. Du kan ha ein uvanleg hudfarge, men om du snakkar den lokale dialekten så betyr det mykje meir. Berre tenk på taxisjåføren i reklamefilmen: ”Æ e’ fra Harstad, enn du?”. Om ein lærer nynorsk skriftleg, vert det lettare for førstegenerasjonsnordmenn også å ta til seg dialekten.

Fleire nynorskbrukarar. I arbeidsprogrammet vårt står det ”Noregs Mållag ynskjer å påverka individuelle og kollektive val på eit vis som fører til auka bruk av nynorsk i heile landet: Fleire nynorskbrukarar, fleire målfolk, fleire som er glade i nynorsken.” Som vi les i Kvinnheringen og Grannar, så ynskjer vaksne innvandrarar i nynorskkommunar å verte nynorskbrukarar, men det er berre mangel på materiell som hindrar dei. Dette MÅ vi som målfolk ta tak i.

Skulemål. Det er ei vrangførestelling at det er vanskeleg for elevar med minoritetsbakgrunn å lære seg nynorsk. Erfaringar frå mellom anna Holmlia indikerer det motsette. Den ukritiske praktiseringa av unntak frå sidemål for alle med minst ein forelder fødd utanfor landet er ein hån mot nynorsken, so vel som ein hån mot første- og andregenerasjons nordmenn si evne til å lære båe målformene i Noreg. Dess viktigare er det at ein viser at opplæring i nynorsk fungerer uavhengig av kor foreldra dine er fødde. Då er det viktig at foreldra sjølve har kunnskap i nynorsk.
”Borna ber om hjelp til skulearbeidet, men mora kan ikkje hjelpa fordi ho manglar kunnskapar om det nynorske skriftspråket” seier Lamai frå Kvinnherad og Thailand om ei venninne.

Slik skal det ikkje vere! Eg oppmodar alle lokale mållag til å ta kontakt med kommunen dei bur i, spør om vaksne innvandrarar i kommunen får norskopplæring på nynorsk, og utfordre ordføraren på å ta opp saka.

God sommar!

Håvard B. Øvregård, leiar Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no