Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 4 / 2009:

Eit nynorskval?

KVA ER EIT NYNORSKVAL 14. SEPTEMBER? Svara er nok like mange som dei politiske partia. Nynorskfolk er som «folk flest», om eg skal låne ei Framstegsparti-frase, og som «folk flest» så er dei fordelte over heile den politiske lina. Sjølv kjenner eg målkvinner og -menn i alle partia frå Raudt til Frp, sjølv om det varierer sterkt kor tett det er mellom dei.Det er ein styrke at det er meinings- mangfald, både i det norske samfunnet og i målrørsla, trass i at «dei andre» sine mei- ningar, uavhengig av kven «dei andre» no er, stundom kan vere provoserande. Men grensa går ved hets og sjåvinisme, som eg skal kome attende til. Det vi ikkje kan tole, er hets og sjåvi- nisme. Og det er nett det vi diverre har sett kvar valhaust i regi av enkelte av ungdomspartia. Unge Høgre og Fram-stegspartiets Ungdom har gjort det til valkampsport å vinne røyster på nynorsk- hets. Dei røystene som dette gjev, er røyster som må gje ein dårleg smak i kjeften for målmedvitne folk i desse partia.I

MOTSETNAD TIL SKULEDEBATTANE, så er nynorsk sjeldan hovudsak under dei direkte- sende tv-ordskifta. Partileiarane blir sjel- dan eller aldri sette til veggs med spørsmål om kva dei skal gjere for at alle elevar skal få nynorskbøkene sine til rett tid. Om det er eit ordskifte om kultur, så er det meir snakk om kor vidt ein skal kutte stipenda til kunstnarane. Er det eit ordskifte om skule, så går det mest på talet på lærarar per elev.Vi som er opptekne av målsak, må lese partiprogramma for å vite kva nynorskval ein eigentleg tek når ein går til urna midt i september. Noregs Mållag sende i vinter innspel til dei ulike programkomiteane, med ein tanke om at få parti vil love meir enn det som står i programmet. Sjølvom ein skulle greie å få til eit politisk toppmøte om nynorsk, ville truleg repre- sentantane ha synt til programmet sitt og meint at det var den beste vegen for nynorsk.

OG SOM DET PLAR VERE I POLITIKKEN, så vil regjeringspartia seie «sjå kor flinke vi har vore», og opposisjonspartia seie «sjå alt dei ikkje har fått til». Slik er det også i år. Men det må seiast at dei raudgrøne presenterte store og gode målpolitiske vyar i Soria Moria-erklæringa, med særleg Senterpartiet som ein pådrivar. Og sjølv om vi skulle ønskje at det hadde vore gjort meir i dei siste fire åra, så har regjeringa presentert ei språkmelding som gjev eit solid fundament for arbeid med målsak framover. Kulturminister Trond Giske har kalla Språkmeldinga det viktigaste kulturpolitiske dokumentet som regjeringa har lagt fram i perioden, og vi har hatt gleda av gode målmedvitne statsrådar frå alle dei tre regjeringspartia.

DET ER VIKTIG FOR OSS kva saker partia flaggar, det er viktig å tvinge dei til å kome med lovnader. Den viktigaste innsatsen vår er likevel mellom vala. Då kan me fylgje opp dei eventuelle lovnadene som har kome, eller syte for at den til ei kvar tid sitjande regjeringa skjønar kvar skoen trykkjer. Å halde ein open og levande kon- takt med styresmaktene er ein svært viktig del av arbeidet som Mållaget gjer.Det er difor vi må vere førebudde på alle dei mogelege regjeringsalternativa. Om dei raudgrøne får halde fram med sin politikk, eller om det skulle kome ei borgarleg regjering. Og om så dei to mest sidemålsfiendtlege partia, Høgre og Framstegspartiet, skulle danne regjering, så skal vi med hjelp av gode krefter i desse partia – og frå den majoriteten som partia i opposisjon utgjer – framleis sikre nynorskinteresser.

MEN NOKO KAN VI FRAMLEIS GJERE dei få dagane som er att til valet. Vi kan nytte kvart eit høve til å spørje listekandidatane kva dei vil gjere med målpolitiske saker når dei eventuelt vert valde inn. Det beste tidspunktet for gode lovnader er no i vekene før valet. Og så skriv vi dei ned, og krev oppfølging frå dei som etter valet har enda opp i Storting og Regjering.

Godt val!

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no