Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 5 / 2009

Nynorsk berre for Ola og Kari, ikkje for Sabina og Ahmed?

«ER MORA DI DANSK? Då veit du kanskje ikkje at du kan få fritak frå sidemål (= ny- norsk)?». Dette spørsmålet fekk ei jente i 10. klasse på Nordberg skole, ein ung- domsskule i Oslo. Læraren hadde høyrt gjete at eleven hadde ei mor med ikkje- norsk pass, og ville «informere» eleven om at då treng ho ikkje lære nynorsk. Jenta er fødd i Noreg, har budd her heile livet og snakkar kav norsk.

«VI VART PLASSERTE I NORSK 2-KLASSEN», seier Sabina og Ahmed, elevar på ein vidare- gåande skule i Oslo. «Læraren spurde kvar foreldra våre er frå. Frå Kurdistan og Bangladesh, svara vi. Då er de minori- tetselevar, svara læraren og dermed kan de få fritak frå nynorsk».

KORKJE SABINA ELLER AHMED eller andre ikkje-kvite elevar som er fødde i Noreg og snakkar kav norsk, visste at dei var «minoritetselevar» før dei vart fortalde det. Dei vert definerte som «minoritets- elevar», «framandspråklege» og/eller 2/3/4-generasjons innvandrarar. Kva som helst, berre ikkje norsk! Sanninga er jo at dei er norske til liks med alle andre born som er fødde og oppvaksne i Noreg. Sanninga er jo at dei ikkje er «minoritetspråklege», dei er derimot fleirspråklege! Skal tru kva fylgjer ei slik erkjenning ville fått, hjå så vel elevane som lærarane?

DEI TILFELLA EG NEMNER HER, er diverre ikkje vanskeleg å finne mange av. Noregs Mållag har bede Oslo kommune leggje fram kor mange elevar som har fritak av di foreldra - ikkje elevane! - har eit anna morsmål enn norsk. Det greier ikkje kommunen å svare på. Vi har bede om å få vite kva rutinar skulane har når dei orienterer om retten til fritak frå sidemålsvurdering. Inkje svar å få der heller.

DENNE PRAKSISEN I OSLO ER ILLE. Han råkar elevane hardt, så vel språkleg-kulturelt som i integreringa. Truleg gjeld dette mange tusen elevar i Oslo og andre stader i Noreg. Bakgrunnen er ikkje berre at byrådet i Oslo i lang tid i praksis har vore nynorskfiendtleg. Like viktig er den galne politikken andsynes innvandrarar og borna deira. I USA vert du definert som 1.generasjons amerikanar dersom du er fødd i USA. I Noreg vert nye nordmenn stengde inne i «innvandrar-boksen» i fleire generasjonar. I Noreg burde vi lære av USA og heller kalle born av innvandra- rar førstegenerasjons nordmann, der det skulle vere viktig å fortelje at personen har utanlandsk opphav.

KUNNSKAPSDEPARTEMENTET har etter kvart oppdaga kva som skjer med denne «fritaksordninga»; «Elever fikk fritak fra skriftlig sidemål på grunn av etnisk- språklig bakgrunn og ikke kompetanse» (Brev frå Utdanningsdirektoratet 9/9 2009). Frå og med skulestart i haust kunne ikkje elevar få fritak på etnisk grunnlag. No må skulen dokumentere at eleven ikkje meistrar norsk godt nok til å fylgje vanleg undervisning for å kunne søkje fritak frå sidemål. Dette er gledeleg – og heilt på sin plass. Vonleg vil Oslo kommune syte for at skulane tek til seg denne endringa og sluttar med disintegreringa av så vel norske som ikkje-norske elevar.

Å VERE NORSK ER MELLOM ANNA å vere ein del av den tospråklege norske skriftkulturen. Kan hende er nettopp innføring i det skriftspråklege kollektivet Noreg/Norge den viktigaste vegen inn til det norske? OMOD, Organisasjon Mot Offentleg Diskriminering har i mange år arbeidt for å få bort denne regelen som stengjer tusenvis av norske elevar frå nynorsken. Noregs Mållag vil fylgje opp denne saka saman med andre organisasjonar slik at skulen ikkje nynorsk-diskriminerer på grunn av namn og hudfarge!

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no