Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 1 / 2010

Kva skjer med nynorsk når ungdom helst skriv på dialekt?

DET VAR PÅ NRK ROGALAND sine vevsider eg i haust las om ein «beef» (krangel) mellom nokre unge rapparar. Kommentarfeltet var på mange skjermsider, og det var tydeleg at saka hadde engasjert ungdommen på Nord-Jæren. Det eg la mest merke til, var at så å seie alle innlegga var på dialekt. Når ungdommen frå Stavangerområdet skriv privat i det offentlege rom, er det altså korkje nynorsk eller bokmål som gjeld, men dialekt. Når ein ser den skrivne dia- lekten, vert det òg særs synleg kor mykje nærare han er nynorsk enn bokmål.

DET ER IKKJE NYTT AT UNGDOM SKRIV DIALEKT. Eg hugsar frå eiga ungdomsskuletid at ein jentegjeng i 7.-klassa mi plutseleg byrja skrive dialekt i staden for nynorsk på papirlappane som var kommunikasjonskanalen i klasserommet. Men etter kvart som ungdom skriv meir og meir, så får dialektskrivinga òg stadig større konse- kvensar.

UNGDOM I DAG SKRIV MEST HEILE DAGEN. Dei skriv sms, statusoppdateringar og venne- meldingar på fjesbok og nettby, kommen- tarar på nettartiklar, bloggar, og så vidare ut i kvar ein krok av det nye digitale landskapet. Dette er i seg sjølv ein enorm ressurs for språkkunnskap og språkkjensle, di meir ein skriv di betre. Men det er lite normering i denne nye ungdomsskrifta. Det er forkortingar og utanlandske ord og innovativ-anarkistisk teiknsetjing, og altså mykje dialekt.

EG TRUR AT DEN STORE og aukande skrift- produksjonen hjå ungdom er noko vi vil «oppdage» i på 2010-talet. Eg trur òg at ungdom sin store skriftproduksjonvil gje dei auka makt over språket. Dei ungdommelege måtane å leike seg med språk kjem til å verte endå meir synlege i litteratur, aviser og vaksenspråket elles. Ei utfordring for oss i målrørsla er korleis desse endringane kan nyttast til gagn for nynorsken.

FOR VI HAR KANSKJE MYKJE å tape og mykje å vinne på same tid. Ungdom sine målval er eit slag om mange og lengelevande språkbrukarar. Det vi taper eller vinn i ungdomsspråket, har konsekvensar i ein kvinne- og mannsalder.

I STADEN FOR AT NYNORSK ER DEN STERKE skriftlege identitetsmarkøren, så er det dialekten i privat skrift som kommuniserer identitet. Når nynorsken ikkje lenger har så sterk identitetsfunksjon, så kan ein jo like godt velje det store majoritetsspråket bokmål i mindre personleg kommunikasjon. Også i inste nynorskland er det mange unge som vekslar mellom dialekt og bokmål som sine to skriftalternativ. Er det slik at skriftleggjeringa av dialektane kan verte eit banesår for det eine dialekt- baserte norske skriftspråket?

I RAPPORTEN FRÅ«VALDRES-PROSJEKTET», prosjektet Målstreken i regi av Valdres Mållag, kan vi lese at nesten alle elevane likar å skrive Valdres-dialekt. Dialekten i skriftstår sterkt. Samstundes byter tre av fire nynorskelevar til bokmål i løpet av skule- gangen. Dei same elevane verdset dialek- ten høgt som skrift, men vel bort det mest dialektnære alternativet i skulen.

EG TRUR UNGDOMEN SI OMFAMNING av dialekt i skrift er eit steg på vegen til større medvit om og bruk av nynorsk for ungdom. Og dette gjeld både i nynorske kjerneområde, randsoner, og i byane på Vestlandet. I Stavanger Aftenblad skriv ungdomen nesten nynorsk allereie. I det dei sannkjenner kor mykje nærare nynorsk er deira føretrekte skriftspråk, er det von om at mange fleire enn no vert medvitne nynorskbrukarar. Men dette skjer ikkje av seg sjølv. Å velje nynorsk må i dag vere eit medvite val. Då må nokon utfordre og stille spørsmål, Når ein er medviten om at nynorsken er næ- rare den private uformelle dialektskrifta, så bør sjansen auke for at ein held fram med nynorsk i skule og jobbsamanheng. Dette i motsetnad til alle dei som berre flyt med og byter til bokmål ved neste sku- leskifte eller flytting til ein storby.

Frå «Hordalandsprosjektet» i regi av Hordaland Mållag og NMU, kan prosjekt- leiaren fortelje om potensialet som ligg i ei slik utfordring. Etter eit tretimars opplegg, der ungdomsskuleelevane kanskje for første gong har blitt utfordra på kva skrift- språk av nynorsk og bokmål som best kommuniserer deira identitet, er haldningane til nynorsk endra i høve til kva dei var før opplegget. Ikkje det at tre timar oftast har livslang effekt, men det syner korleis nynorsken som alltid har mykje å hente på auka medvit om samanhengen mellom skriftspråk og identitet.

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no