Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 2 / 2010

Einfald eller fleirspråk

VERT FLEIRSPRÅKSKUNNSKAP verdsett i Noreg? – Eg er i tvil. Debatten om obligatorisk 2. framandspråk i grunnskulen er eit døme. Konklusjonen vart at redsel – for press på teorisvake elevar – vann over fleirspråkskunnskap. Der andre euro- peiske land sidan 2002 har hatt opplæring i to eller fleire framandspråk frå tidleg alder som eit klårt mål, og dei fleste har innført det, kan ein i Noreg framleis velje bort det andre framandspråket i skulen. På statistikk over kor mange framand- språk kvar elev i gjennomsnitt lærer i dei ulike EU/EØS-landa, er Noreg midt på treet for ungdomsskulen, og i dårlegaste halvdel for vidaregåande skule. Både for ungdomsskule og vidaregåande skule er Noreg dårlegast i Norden, med god margin.Det manglar verdsetjing av fleirspråkskunnskap i Noreg. Språklæring vert oftare sedd på som ei byrde enn ein verdi. Tysk i skulen vert til dømes assosiert einsidig med pugg og grammatiske vanskar, og lite eller inkje med gleda ved å kunne kommunisere med nokon av dei 185 millionane som snakkar tysk.

VERDSET VI INNVANDRARAR sin fleirspråkskunnskap? I offentlege ordskifte om morsmåls- og norskopplæring høyrer ein oftast argument baserte på «ballong-teorien». Denne tilnærminga, der ein trur at kunnskap i ulike språk «kjempar om plassen» i hovudet, ligg til grunn når ein er redd for at kunnskap i morsmål skal redusere språklæring i norsk. Røynda er at auka kunnskap i eit språk gjer det lettareå lære andre språk. Og skriftleg kunnskap i morsmålet, det språket ein tenkjer på, gjer det mykje lettare å tileigne seg andre skriftspråk. Når politikarar vil kutte morsmålsopplæring for at elevane skal lære betre norsk, tenkjer eg på småguten som pissa i buksa for å verte varm. Eigenverdien av dei såkalla «innvandrarspråka» vert også undergraven når få eller ingen set fokus på den store styrken det er at ein aukande del av folket i Noreg kan fleire språk. For kvart språk har ein eigenverdi. Språk er ikkje berre eit kommunikasjonsmiddel, kvart språk er eit kulturuttrykk, ein del av verdsarven, eit grunnlag for tenking, utvikling og «sjølve livet». Kvart språk du kan, gjev deg innsikt i ei heil verd av tankar, idear, historie og kunnskap. Men kvart språk du kan, gjev deg òg meir innsikt i deg sjølv. Kunnskap i eit nytt språk kan lett gjere deg til eit betre menneske.

MEIR HANDFAST, SÅ GJER KUNNSKAP i eit anna språk deg i stand til å kommunisere med mange fleire. Det er ikkje for inkje at krigstrøytte intellektuelle på slutten av 1800-talet ville «redde verda» gjennom å lage nye språk som skulle vere lette å lære for menneske i alle kulturar. Volapük og esperanto var slike verdsfredsprosjekt. No er draumen om det eine store verdssprå- ket bytt ut med verdsetjing av fleirspråks- kunnskap. Språklæringsfokuset i EU er mellom anna basert på dette. Gjennom kunnskap med læring og bruk av fleire framandspråk, vert du også betre i stand til å møte og forstå dei du ikkje har felles språk med. Du betrar evna til å setje deginn i andre sin situasjon, evna til ikkje all- tid å vere deg sjølv god nok. Og i desse «Hjernevask»-tider er det verdt å merke seg kor viktig språklæring er for kognitiv utvikling, for best mogeleg bruk og utvikling av hjernen. Forenkla kan ein seie at læring av fleire språk gjev fleire «kontaktar» i hjernen, og betre utvikla hjernekapasitet.

FLEIRSPRÅKSKUNNSKAP PÅVERKAR handels- balanse og nasjonalprodukt. For språk er også marknadsmakt og marknadsevner. Di større fleirspråkskunnskap i Noreg, di større potensiale har norsk næringsliv. På område etter område er det altså klart at fleirspråkkunnskap har ein eigenverdi ein ikkje kan nå på annan måte. Likevel vert møtet med eit nytt språk heller sett på som ei byrde enn eit høve. Dette kjenner vi att i sidemålssynet mange i Noreg har. Hadde verdsetjing av fleirspråkskunnskap vore utbreidd i Noreg, så hadde ein òg hatt ei meir positiv haldning til å lære både nynorsk og bokmål. Dagens sidemåls- negativisme er grunna i språkleg trongsyn.

I NOREG ER VI HELDIGE, som kan lære to skriftspråk i tidleg alder. Den spesielle språksituasjonen i landet er ein styrke. Om vi berre klarar å sjå forbi sneversynet slik at vi fattar verdien. Europarådet sin rapport om språklæring i Noreg oppsummerer det slik:«there exists in Norway a rich potential for the development of policies which promote plurilingualism in individuals because, although they are largely not aware of it and value it little, Norwegians are plurilingual already.» Valet mellom einfald og fleirspråk bør vere enkelt.

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no