Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 3 / 2010

Kvalitet i skulen utan kvalitetssikra språk i lærebøker?

FAVORITTKLASSA MI FOR TIDA er 6. klassa på Tokke skule i Dalen i Vest-Telemark. Eg var innom skulen deira i april, og møtte dei att no i Oslo i slutten av mai. Desse 6.-klassingane har hatt eit artig Nysgjerrigper-prosjekt dette skuleåret. Dei har forska på kvifor det er så mange feil i norskbøkene deira. Jamvel om prosjektet er artig, er det berre trist at dette skal finnast som eit potensielt tema. Det synest elevane også. Det byrja med at dei oppdaga feil i bøkene, og nyfikne som dei var, ville dei vite kvifor. Dei ville også finne ut kor mange feil det var totalt i desse bøkene. For kvart nytt kapittel dei har hatt i norsken, så har dei leita, og oftast funne, ordfeil, teiknsetjingsfeil, bøyingsfeil, orddelingsfeil, og så bortetter.I lesebok og arbeidsbok i, av alle fag, norskfaget, har dei no funne over syttifem feil. Dei har arbeidt med ulike hypotesar på kvifor det er så mykje feil, og det ser ut som dårleg omsetjing frå bokmål til nynorsk og dessutan dårleg korrekturles- ing er årsaka. Dei har snakka med forlaget Cappelen Damm, og forlaget la seg kjapt flate.

OG VI KJENNER IGJEN at forlag legg seg flate. NDLA, Nasjonal digital læringsarena, gjorde òg det. Fleire gonger til og med. Og på same måte som lærebøkene til elevane på Tokke skule, så vart heller ikkje nettsidene til NDLA betre av at dei la seg flate. Flatlegging har liten effekt på læremiddel. Om vi erstattar rangt med riktig derimot; det har effekt. Men, det kostar pengar, noko NDLA til slutt forstod når dei sette av 2 millionar til kvalitetssikring av nynorsken i læremidla deira på nett.Kva med bøkene på Tokke skule? Jau, dei skulle brukast av neste klasse til neste år. Dei som er 5.-klassingar no, og dei som er 4.-klassingar no, og kanskje dei som er 3.-klassingar no, alle skulle dei bruke eit læremiddel som elevane sjølve har prova står til stryk. For noko anna kosta pengar, som korkje forlag eller skuleeigar kjende dei hadde råd til å bruke.

HELDIGVIS ER DET NOKO ANNA som kostar pen- gar, nemleg dårlege medieoppslag. Og når 6.klassa frå Tokke skule fekk førstesidene i regionalmedia, då gjekk Cappelen Damm ut og lova nytt opplag til 6.klassingane. Elevane skal vere stolte over at dei har tvinga eit lærebokforlag til fornuft. Men eg spør meg sjølv kven som sjekkar at 5.klassebøkene og 7.klassebøkene ikkje er like dårlege? For den einskilde lærar og skuleer ikkje i stand til å ta denne kvalitetssikringsfunksjonen.

OG DET ER HER UTFORDRINGA vår kjem. Vi må kunne vere sikre på at språket i lærebø- kene er korrekt. Vi må ha ordningar som sikrar at læremidla i skulen har god språkleg kvalitet. Og det må straffe seg å gje ut lærebøker som ikkje held kvalitet. Tidle- gare hadde vi ei godkjenningsordning for læremiddel. Eg har ikkje tru på at ein kan få tilbake ordninga slik ho var då, men vi må finne ei tilsvarande ordning av i dag.Og fordi pengar er eit av dei få språka alle innblanda aktørar forstår, kan det vere at økonomiske tap for dei som ikkje leve- rer tilfredsstillande kvalitet, er vegen vi må gå. Det skal ikkje løne seg å leggje hindringar i vegen for språklæringa til borna.Hadde ei lærebok i matematikk med fullt av reknefeil, blitt brukt fleire år på rad? Neppe. Derimot vil ei norskbok full av språkfeil bli brukt fleire år på rad, om ikkje elevane sjølve får stogga det.

ELEVANE I 6.-KLASSA på Tokke skule vitja i slutten av mai Språkrådet. Eg vonar dei òg tek ein tur til Kunnskapsministeren og syner henne kva språkslurv dei har vorte utsette for. Då kan ho ikkje anna enn å vere samd i at det trengs ei ordning for kvalitetssikra språk i læremiddel.

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no