Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 4 / 2010

Ei klage er ei gåve

FOR NOKRE VEKER sidan fekk eg ein e-post eg var veldig glad for. Det var ein venn som foreslo ei språkleg forbetring av e-post- signaturen min. Eg vart sjølvsagt veldig glad for å få slikt eit godt vennleg råd. Slike innspel gjer at eg vert betre i arbeidet mitt. E-posten var ei gåve eg var takksam for.Eit råd om korleis ein kan verte betre i arbeidet sitt, inkludert korleis ein kan betre språket sitt i skriftleg og munnleg kommunikasjon, er nett dette – ei gåve. Sjølvsagt kjennest det litt flaut nett i det ein oppdagar at ein har gjort noko feil, men dette går raskt over når ein tenkjer på korleis ein kan slutte med nett denne feilen. Om e-posten hadde vore skriven i skadefryd, hadde det nok vore litt annleis. Då hadde gåva hatt ein bitter smak.

NÅR EG HAR kjøpt noko i butikken som ikkje held den kvaliteten som er lova, så prøver eg på same måte å gå tilbake til butikken for å klage. Både fordi eg kanskje vil ha eit nytt, og fungerande, produkt som erstat- ning, men òg fordi eg veit at eg hjelper butikken til å verte betre. For kvar person som klagar, er det mange fleire som ikkje bryr seg, men som kanskje vel å kjøpe varene sine i ein annan butikk i staden. Og dette tapar butikken på. Når nokon derimot kjem tilbake til butikken for å klage, så kan butikken gjere noko med det. Kanskje produktet er for dårleg til at det bør førast, eller kanskje er det ein feil med produktet som kan rettast opp om einberre får beskjed. Ofte opplever eg at den eg snakkar med i butikken, vert glad for at eg klagar. Slike butikkar handlar eg meir i, for dei har forstått kva som skal til forå tilfredsstille kundane sine. Dei syner ei yrkesstoltheit som eg set pris på.

EG PRØVER ALLTID å vere høfleg når eg klagar. Ikkje berre fordi det er ein god regel å vere høfleg med folk, men også fordi eg veit at eg får betre service om eg er høfleg. Og når eg først har byrja handle i ein butikk, er det i mi interesse at dei tek klagene alvorleg, og ikkje opplever at innhaldet i klaga vert overskugga av skadefryd. No er offentlege etatar noko anna enn ein tilfeldig butikk. Det er ikkje slik at du berre kan gå og handle i ein annan offentleg etat om du ikkje er nøgd med den informasjonen du får. Dette gjer det berre endå viktigare å klage. For om ikkje du gjer dei merksame på feilen dei har gjort, så er det naturleg at dei held fram med han. I Mållaget har vi offentleg språkbruk som eit prioritert område. Det er viktig for oss at offentlege organ er gode språklege føredøme når det gjeld klårt og forståeleg språk generelt, og særleg er vi opptekne avat dei brukar nynorsk der dei skal. Dette betyr at du skal kunne få informasjon frå statlege etatar på nynorsk, og at ein viss del av informasjon og materiell skal vere på kvar av dei to målformene nynorsk og bokmål.Vi ser at dette ikkje skjer utan at nokon klagar. Difor er det viktig at vi alle seier frå når ein offentleg etat ikkje leverer godt språk på riktig målform. Om ein ikkje klagar, så vert ting truleg ikkje betre. Og då skal vi ikkje vere redde for å «plage» nokon med å gje beskjed. Det er nett det motsette vi gjer, vi gjev ei gåve når vi gjer nokon merksame på korleis dei kan gjere jobben sin endå betre.

STATEN VIL HA slike klager. Når eg les nett- sidene til prosjektet «Klart språk i staten» kan eg ikkje forstå anna enn at dei vil verte glad for kvar liten e-post som gjev dei høve til å verte betre. På www.klarspråk.no har dei skriveråd, informasjon om kurs, støtte og ressursar som kan nyttast. Målsetjinga si har dei òg med. I eit sitat frå Stortingsmeldinga «Mål og meining› som seier: «Det offentlege har eit særleg ansvar for å stå fram som eit godt føredøme når det gjeld å bruka eit godt og klart språk.»

DETTE ER EI særs god målsetjing. Eg oppmodar alle om å hjelpe staten i dette: Gje ei klage i gåve til staten!

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no