Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 5 / 2010

Vegen til skulen går gjennom barnehagen

NÅR EG SKRIV DETTE, sit eg heime hjå ein leiar i eit lokalt mållag, og vi skal på barnehage- vitjing i morgon. Intensive kampanjeveker har gjeve nyttig erfaring og kunnskap om røynda i barnehagar landet rundt. Tre vekers erfaring frå rundt 15 barnehagar i 12 kommunar i 6 fylke. Og alt seier med høg røyst at denne barnehagekampanjen er noko av det beste vi har sett i gang. Ein ekstrainnsats andsynes barnehagane er heilt naudsynt, og kampanjen har alt gjeve gode resultat.Vi visste at barnehagane var viktige for ungar si språklæring, men eg har ikkje fatta nett kor viktige dei er før no. Barnehagetilsette er opptekne av språk og språklæring, og dei er dyktige i dette arbeidet. Dei ulike barnehagane planlegg og snakkar om lesing, leselyst og språkstimulering, og barnehagane sitt bidrag til ungars språkutvikling er nok mykje større enn kva vi som ikkje sjølve arbeider i barnehage, fattar.

MEN MIDT I SLIKT EIT SPRÅKMEDVIT og språklæringskunnskap er det ein kvit kunnskapsflekk: nynorsk. I barnehagane tenkjer ein ikkje noko særleg på nynorsk. Medvit om dialektlæring er i stor grad til stades, men ikkje medvit om nynorsk. Barnehagane i dag førebur ikkje ungane til å ha nynorsk som opplæringsmål, korkje som hovud- mål eller sidemål.Samstundes er alle barnehagetilsette eg har møtt, opne og positive. Eg ser kor glade og takksame barnehagetilsette vert for at vi kjem rundt med materiell, sporar til refleksjon, og utfordrar.Ogkvaerdetegseiernåregeruteiein barnehage? Eg spør om dei har bøker på nynorsk ibarnehagen, og det svarar alle ja på. Det va- rierer kor stor del som er på nynorsk, men dei finst i alle barnehagane eg har vore i. Fleire eg har snakka med, har gjeve meg grunnen til at det er nynorske barnebøker i barnehagane: Kvalitet. For i barnehagane, og i biblioteka som ofte leverer bøker til barnehagane, er det i liten eller ingen grad målforma som avgjer kva bok som vert kjøpt, det er kvaliteten. Og nynorske barnebøker er generelt særs gode. Det gjer godt å sjå kor vellukka den har vore, den store innsatsen som er lagd ned i å få gode barnebøker på nynorsk.

MEN DET HJELPER IKKJE at bøkene er på nynorsk når ingen les dei på nynorsk. Eg spør om dei tilsette les nynorske barnebøker på nynorsk, bokmål eller dialekt, og svara er med nokre unntak dialekt og bokmål. Det er nesten ingen som er medvitne at det bør lesast slik det står – på nynorsk. Anten les ein på dialekt, gjerne av di ein vil at ungane skal høyre så mykje lokal dialekt som mogeleg og sjølv talar denne dialekten, eller så les ein på bokmål fordi det er nært talemålet sitt. Mange seier at dei opplever det rart og kunstig å lese på nynorsk. Eg svarar at det meste ein ikkje har prøvd før verkar rart og kunstig, men at dette går over fort, så lenge ein prøver.

FOR EIN SKAL IKKJE TA FRÅ BORNA høvet til å høyre nynorsk tekst opplesen. For dei som seinare skal ha nynorsk som hovudmål, er barnehagen ein språkleg bremsekloss om dei ikkje høyrer det framtidige hovudmålet sitt. Di meir nynorsk dei har høyrt, di lettare vert det for dei å skrive nynorsk sjølv.Og for dei som skal ha bokmål som hovudmål, er det òg viktig å få høyre nynorsk opplesen – fordi dei skal møte nynorsk som sidemål. Nynorsk i barnehagen er kanskje den beste investeringa i større læringsevne i, og mindre fordommar til, nynorsk som sidemål.

EG HAR EIN ENKEL OG EFFEKTIV hovudbodskap til dei tilsette: Les nynorskbøker på nynorsk, og bokmålsbøker på dialekten din. Opplese bokmål høyrer ungane nok av utan hjelp frå barnehagen.Og så les eg sjølv til ungane: Det er viktig å syne ting i praksis. Og som eg då alt har sagt til dei tilsette, ungane bryr seg ikkje om ein les på nynorsk eller bokmål. Ikkje veit dei kva bokmål og nynorsk er ein gong. Og det skal dei for min del sleppe medan dei er i barnehagealder. Men dei tilsette i barnehagane og foreldra skal ikkje få sleppe. Dei må få vite at ein hindrar språkutvikling hjå ungane om ein ikkje lèt dei høyre nynorsk. Ingen vaksne vil med- vite hindre språkutviklinga til ungane sine.

EG ER GLAD FOR at vi skal halde fram med barnehagekampanjen vår i lang tid fram- over. For nynorsken treng det, dei barnehagetilsette treng det, og mest av alt treng borna det.

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no