Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 1 / 2011

Noko må gjerast med norskfaget

Det er eit veksande ordskifte om norskfaget. Norsklærarar i Landslaget for norskunder- visning (LNU) har hatt opne debattmøte og høg temperatur på LNU-bloggen. Utdanningsdirektoratet sitt Forum for norskfaget har kome med innspel til endringar i vurderingsordninga (karakterar og eksamen), som mellom anna har ført til oppslag i VG [omtala annan stad i dette Norsk Tidend]. Styret i Noregs Mållag har òg drøfta norskfaget. Denne hausten og vinteren har vi sett av ekstra tid til norskfaget på styremøta våre. Vi vil at landsmøtet skal handsame vårt syn på norskfaget, og styret vil fremje ei fråsegn om dette til landsmøtet. Lokallaga vil få framlegget utsendt med landsmøtepapira i byrjinga av mars. I denne omgangen vil eg kome med fem korte punkt.

Å VERE IMOT ENDRING ER IKKJE EIT ALTERNATIV:Først må vi erkjenne at noko må gjerast. Endringsvegring vil berre gjere ting sakte verre. Norskfaget er for store elevgrupper i dag ikkje tilfredsstillande, og det gjeld elevar med både nynorsk og bokmål som hovudmål. For mange elevar med nynorsk som hovudmål i område med sterk bokmålspåverknad, sviktar norskfaget eit hovudmål: Et hovedmål for opplæringen i norsk gjennom hele grunnopplæringen er språklig selvtillit og trygghet i egen kultur [...]. Når til dømes tre av fire nynorskelevar i Valdres byter til bokmål i løpet av skulegangen er det klart at norskfaget har feila i å gje elevane språkleg sjølvtillit.Når elevar med nynorsk som sidemål går ut av skulen utan å føle at dei meistrar å skrive nynorsk, har òg norskfaget feila. Ein kan ikkje seie at det legges til rette for at barn og unge får et bevisst forhold til språklig mangfold og lærer å lese og skrive både bokmål og nynorsk, som det står i læreplanen.Når norskfaget i skulen ikkje når desse måla, så svekkjer det nynorsken. Når ein ikkje gjev godt nok grunnlag for språklegsjølvtillit og tryggleik for elevar med nynorsk som hovudmål, så gjer det dei ”geografiske nynorskområda” stadig mindre. Når ein ikkje klarar gje elevar med bokmål som hovudmål eit grunnlag for å meistre å skrive nynorsk, så reduserer det nynorsk sin status som nasjonalt språk, og det generelle presset på nynorskbrukarar for å bruke bokmål heller enn nynorsk aukar.

MEIR NYNORSK TIL ALLE: Analysen ovanfor kan lett få ein til å verte framtidsnegativ, om det ikkje hadde vore for at det finst enkle og fullt utførlege løysingar på utfordringane. Den viktigaste erkjenninga er at alle elevane treng å møte meir nynorsk enn dei gjer i dag. Når elevar byter hovudmål frå nynorsk til bokmål, er det i stor grad fordi dei møter så mykje bokmål rundt seg. Språkleg sjølvtillit og tryggleik får du når du ser at språket ditt er brukande på alle område. Når du veit at du kan lese lærebøker, oppslagsverk, aviser og fagartiklar på ditt eige språk.I motsetnad til elevar med nynorsk som hovudmål – som møter mest «sidemål» i det dei les utanfor skulen – så møter dei fleste elevar med bokmål som hovudmål lite «sidemål» utanfor skulen. For desse vil meir møte med nynorsk i skulen vere avgjerande for å meistre begge skriftspråka. Og dette har ein gode erfaringar med gjennom bruk av sidemål i andre fag enn norsk. Det er altså ikkje mangel på læringsmetodar som er grunnen til bokmålselevar si låge meistringskjensle i sidemål.

TIDLEGARE SIDEMÅL: Elevar med nynorsk som hovudmål er gode i bokmål fordi dei møter det så mykje – og så tidleg. Elevarmed nynorsk som hovudmål i skulen treng i liten grad opplæring i sidemål, fordi dei lærer det gjennom alt dei les på bokmål. Denne tidlege starten manglar dei fleste elevane som har bokmål som hovudmål. For at desse elevane skal bli reelt toskriftspråklege, må dei møte nynorsk meir og tidlegare. Kvifor er det berre nynorskelevar som skal møte sidemålet sitt samstundes som dei lærer å skrive hovudmålet?

PRIORITERINGAR I NORSKFAGET: Meldinga frå mange norsklærarar er at norskfaget inneheld for mykje, det er for stor rettebyrde, for mange stilar, for mange karaktergrunnlag å skulle setje og kunne forsvare ovanfor klagande foreldre og elevar. Dette er mellom argumenta til dei som har teke til orde for ei nedvurdering av kravet til å meistre både nynorsk og bokmål. Men om det er slik at norskfaget er for overlessa, så bør ein ikkje redusere kjernekompetansen i faget – å lese og skrive. Ein bør heller spørje om det er riktig at alle nye og tidsaktuelle kompetansemål, om det gjeld Internett, reklamefilm, musikkvideoar eller noko anna, skal prioriterast høgare enn at elevar i Noreg lærer seg å skrive begge dei to jamstelte nasjonale skriftspråka.

OPPSUMMERING: I eit samfunn i stadig raskare endring skal norskfaget sikre det vik- tigaste limet i det norske samfunnet. Som stortingsmeldinga Språk bygger broer frå 2008 seier: Norsk språk binder det norske samfunnet sammen <...> Språket er det viktigste verktøyet skolen kan gi barn og unge for læring, dannelse og identitetsbygging. Ein sentral del av dette limet er i Noreg at vi har dei to jamstelte skriftspråka nynorsk og bokmål. Skal skulen binde det norske samfunnet saman, må han i røynda leggje til rette for at alle elevane lærer å lese og skrive både nynorsk og bokmål.

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no