Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 2 / 2011

Fleirspråksdirektør Vonen

Gode språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen.

Du er no ein av dei viktigaste i lan- det. Ikkje av di ein språkdirektør har så mykje direkte makt, men av di du har fått ansvar for noko av det mektigaste som finst; språket.Ingen er likesæle til språk. Mange ter seg som dei var likesæle, men vaknar opp om ein først byrjar prate om språk. Språk er personleg, språk er kollektivt, det vert utvikla gjennom dei einskilde språkvala personar gjer, og kan samstundes vere eit undertrykkjande maktmiddel.

Språk er personleg og alltid i bruk.Språkrådet skal særleg arbeida med å styrkja det norske språkets status i notid og framtid, ... verna om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremja tiltak som kan auka kunnskapen om norsk språk, fremja toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som brukar norsk språk i den eine eller andre varianten, og verna om dei rettane somkvar enkelt borgar har når det gjeld bruken av språket.

Det ligg eit stort ansvar på språkdirektøren her. Det er difor du er så viktig. Eg vonar du set høge mål for tida di som språkdirektør. Høge og gode språkmål som aukar språkmedvitet, reduserer likesæla og gjer det betre å tale, skrive og bu i Noreg. Eg ynskjer meg fleirspråksdirektøren Vonen.Fleirspråkskunnskap gjer oss til betre språkbrukarar. Eg treng ikkje fortelje deg dette, for du veit det godt frå før. Men det er ein underkjent røyndom i eit elles språkrikt Noreg.

Støtt høyrer vi utsegner som nedvurderer fleirspråkskunnskap. Innvandrarar får lite eller ingen respekt for den store språkressursen dei oftast sitmed. Framandspråk vert nedprioritert av skule, foreldre og elevar. Og obligatorisk dugleik i båe dei to offisielle norske skrift- språknormalane vert sett på som ei byrde, og ikkje den meirverdien det eigentleg er.Her trengst det ein språkdirektør som står opp mot vitløysa. Ein fagmann med formidlingsevner som tek fordomsskjela frå auga til dei som ikkje ser. Som når ut til foreldre med oppmoding om at dei lèt ungane møte språkmangfald tidleg, medan borna si evne til å lære er på topp. Som minner fåspråklege nordmenn om dei store ressursane innvandrarar har gjen- nom sine fleirspråkkunnskapar. Som lèt Skule-Noreg og skulepolitikarar stå skulerett når dei ikkje veit at dugleik i sidemål gjer eleven betre også i hovudmål. Du har sjølv femten språk på CV-en, du kjenner fleirspråksmeirverdien personleg.

Med ynske om eit godt samarbeid i tida som kjem

Håvard B. Øvregård, leiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no