Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 3 / 2011

Høgre sin valfridumskap

Vi har to år på oss til å tryggje sidemålet i Noreg. Høgre sitt landsmøtevedtak i mai om å «innføre valgfritt sidemål i ungdomsskolen» var ein vekkjar. Det syner kva utfordring vi står føre i 2013.

Høgre sitt vedtak har førebels ingen praktisk konsekvens, uansett kva som skjer i kommunevalet til hausten. Obligatorisk sidemål er bestemt nasjonalt, og i Stortinget som sit fram til 2013 er det eit solid fleirtal for obligatorisk sidemål. Men etter neste stortingsval kan det sjå annleis ut.

For det er i 2013 slaget vil stå. Alle partilandsmøta skal våren 2013 vedta stortingsvalprogram for perioden 2013–2017. Valet hausten 2013 vil avgjere kva pro- gram som vert gjennomført. Ei regjering av Høgre og Framstegspartiet i 2013 vil kunne utradere obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring frå skulen, om dei ikkje kjem på betre tankar og endrar politikken sin til noko meir nynorskvennleg. Vi veit òg at det er fylkeslag i andre parti som har vedteke nynorskfiendtleg politikk på dette området. Politisk arbeid med sidemålsaka bør difor vere ein hovudprioritet i tida fram til neste stortingsval.

Høgre sitt vedtak og mediemerksemda i etterkant har også ført noko godt med seg. Mange har blitt klar over kor viktig arbeidet fram mot 2013 er. Opposisjonen internt i Høgre har vorte tydelegare, med sentralstyremedlem Arne Hjeltnes i spis- sen på landsmøtet. Media har merka seg at leiar Erna Solberg og første nestleiar Jan Tore Sanner røysta mot vedtaket, og fleire tillitsvalde har uttalt seg mot vedtaket i media i etterkant. Embla Belsvik, leiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre, seier rett ut til NRK at ho trur mange vil føle seg krenkte av dette vedtaket, og det er heilt riktig. Sogn og Fjordane Høgre har i media varsla at dei vil ta omkamp om saka på landsmøtet i 2013. Mållaget må støtte desse gode kreftene i partiet. Men først og fremst må vi synleggjere Høgre sin valfridumskap i denne saka.

Skulepolitisk er det idioti å argumentere med valfridom i basiskunnskap i skulen. Dette veit Høgre. I same fråsegn som det famøse sidemålsvedtaket står det at «Høyre vil ha en skole der alle elever får utfordringer å strekke seg etter». Dette er politikk som passar Høgre si verdsetjing av «Kunnskap i skulen». Utfordringarå strekkje seg etter er det motsette av å senke krav og forventningar, og det sistnemnde er det Høgre no gjer i sidemålssaka. Når andre parti gjer det same, er Høgre straks framme med spanskrøret. Høgre veit vel at basiskunnskap i skulen må vere obligatorisk. Det er difor dei vil ha obligatorisk andre framandspråk. På landsmøtet vedtok dei å «innføre annet fremmedspråk fra barneskolen». Kvifor er det ikkje samsvar mellom Høgre sin fornuftige framandspråkspolitikk og ufornuftige sidemålspolitikk?

Det er diverre ungdomspartiet sitt behov for billege poeng i skuledebattane som styrer Høgre sitt synspunkt i denne saka. «Valfritt sidemål», eller rett fram «nei til nynorsk», er diverre ein vinnar i skuledebattar i store delar av landet. Og ungdomspartiet skjemst ikkje av å hetse nynorske ordbøyingar så lenge det gjevrøyster. Skuletrøytte elevar som vil lære mindre vert såleis styrande for «kunnskapspartiet» Høgre sin skulepolitikk.Valfridomen til Høgre på dette punktet er hol og innhaldslaus propaganda. Både skulepolitisk og språkpolitisk.

Språkpolitisk er valfritt sidemål ein fallitt og ei undergraving av nynorsken sin status som nasjonalspråk i Noreg. Målbrukslova seier i dag at «Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune». Obligatorisk opplæring i skriftleg sidemål er ein føresetnad for denne jamstellinga.

Trass i den grove feilslutninga det er, held partiet fram med å hevde at valfritt sidemål er til beste for nynorsken. Sidan Høgre er så oppteken av valfridom: Kva valfridom får nynorskbrukarar om ein tek bort obligatorisk sidemål? Kan eg velje å bruke nynorsk når eg skal jobbe med ein tekst saman med andre som aldri har lært å skrive det? Kan vi forvente at statsetatar nyttar både nynorsk og bokmål om ikkje det er ein del av felleskunnskapen frå grunnopplæringa? Vil nynorskkommunar og nynorskskular få betre «valfridom» ved tilsetjingar av språkleg kompetente (nynorskbrukande) søkjarar om det vert valfri sidemålsopplæring?

Svaret på alle desse spørsmåla er nei. Valfridomen er ein illusjon. På same måte som valfritt pensum, valfri karakter, valfri straff, valfritt inntakskrav og valfri skatt. Alt dette er valfridomar Høgre er imot, fordi det er dumskap. Valfridumskap.

Håvard B. Øvregård, leiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no