Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 4 / 2011

Oslo – Utøya – valkamp –målstrid

Fredag 22. juli sit eg i bil på veg rundt Öland i Sverige. Eg får ei tekstmelding frå bror min kvart på fire. Han spør om alt er bra med meg. Det betyr at noko er gale. Eg ringjer bror min, og får vite om bomba i regjeringskvartalet. Når vi når sørspissen av øya er utsikta nydeleg og stemninga trykka. Frå Twitter plukkar vi opp meldingar om Utøya. Tilbake på nordspissen av øya slår vi på fjernsynet, ringer venner, opplever straumbrot og ser på lyn. Vi legg oss tidleg. På laurdagen køyrer vi heim etter å ha vakna til nyhende om over 80 drepne.

Det er vanskeleg å gå på kontoret vekene etterpå. Målarbeid vert nedprioritert. Artikkel på artikkel i aviser og på nett vert lese. Er med på rosetog i Oslo. Står i menneskehavet utanfor rådhuset og klemmer bror min og grin. Ser hundretusenvis av blomar verte strekte mot sky. Freistar forklare ein journalist frå BBC kvifor roser er svaret på terrorisme.

Vi kjem alle til å hugse kva vi gjorde fredag 22. juli. Korleis vi ei tid var i eit vakuum, før vi klarte vende tilbake til kvardagen. Terroråtaka i Oslo og på Utøya råka oss alle. Nokre har mist ein familiemedlem eller ein nær ven. Nokre har mist ein kjenning eller kollega. Alle desse har igjen familie og vennekrins som vert påverka av å få død og meiningsløyse så nær innpå seg. Men kjensla av å vere råka stoggar ikkje der. Sorg og uro, fortviling og sjokk er noko som vert delt av alle. Vi kjende oss alle angripne den 22. juli. Vi er alle råka.

Det meste kan verke meiningslaust etter terrorhendinga. Men det er berre til vi har fått tid og ro til å la det søkke litt i oss. Når vi tenkjer etter ser vi at framhald med vårt daglege virke er nett det riktige tilsvaret, saman med å møte gjerningsmannen sitt hat med kjærleik – møte hans framandfrykt og sjåvinisme med meir verdsetjing av mangfald.

Det er ein annan valkamp i år enn vi er vane med. Ikkje berre har han byrja mykje seinare, men han er òg mykje rolegare. Åtaket 22. juli har sett politikken i eit perspektiv som gjer det lettare å avsløre det uviktige og smålege. Eg trur ikkje det er tilfeldig at eg så langt i valkampen, når eg skriv dette, knapt har sett døme på sidemålshets. I ein «normal» valkamp hadde eg for lenge sidan vorte oppgitt av måten politikarar og ungdomsparti prøver fiske røyster på sjåvinistisk sidemålshat. Men ikkje i år. Eg trur den spesielle ramma rundt valkampen i år gjer at sidemålshets ikkje vert sett på som ei passande «salsvare». Lat oss håpe at dette er noko som held fram.

For målstrid har ikkje vorte mindre viktig etter 22. juli. Sjølv om det var vanskeleg å tenkje på målsak og sidemålsargumentasjon midt i all død og sorg, så kjennereg no at dette er snudd til større engasjement. Målstriden er ein av fleire kampar for mangfald i samfunnet som berre har vorte viktigare etter terroråtaka. Respekt for mangfald, fleirspråksverdi og respekt for sidemål er for meg eitt og same.

Målstrid er også ein måte å heidre minna til dei som ikkje er mellom oss lenger. Fleire av dei som døydde, var eller hadde vore aktive i målrørsla. Mellom dei som miste livet i Regjeringskvartalet var ein tillitsvald i eit av yrkesmållaga. I AUF og Arbeidarpartiet sine minneord over dei som miste livet på Utøya er dette nemnd om fleire, med omtalar som «sterkt engasjert for nynorsk» og «ordsmed av rang og stolt nynorskbruker». Ein annan av dei som miste livet på Utøya var i midten av juni ute i media med eit sterkt forsvar av sidemål og nynorsk i Oslo-skulen. Vi skal halde fram med det arbeidet som desse var ein del av.

Og vi skal freiste halde fast i det gode fellesskapet som vi kjende i rosetoga og andre markeringar landet rundt. Vi skal gje kvarandre ein klem oftare. Vi skal vere litt romslegare. Vi skal møte både meiningsfellar og meiningsmotstandarar med openheit og respekt. Om dei tragiske hendingane 22. juli skal endre oss, så skal det vere til det betre.

Håvard B. Øvregård, leiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no