Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 5 / 2011

Hjelp ein folkevald!

Etter lokalvalet er det mange nye kommune- og fylkespolitikarar. Desse treng hjelp frå deg. Politikarar veit ikkje alt, og er avhengige av å få kunnskap og framlegg frå andre for å gjere jobben sin best mo- geleg. Sjå gjennom namna på dei som no sit i det nye kommunestyret og send ein e-post eller eit brev – eller ta ein telefon – til ein eller fleire og gje dei nokre råd om korleis dei kan gjere kommunen betre.

Som politikar er det ofte forventa at ein skal kunne det meste om alt, men det er det dei færraste som gjer. Folkevalde er avhengige av at dei får hjelp frå andre – kollegaer, venner, lobbyistar, engasjerte borgarar. Og kunnskap og framlegg som gjer ein folkevald betre i stand til å gjere jobben sin, vert sett stor pris på.

Nett no er den beste tida for å kontakte kommunalt folkevalde. I byrjinga på ein ny periode har ein best høve til å påverke både politikarar og politikk. Det er mange nye folkevalde rundt omkring i kommunestyra. Folkevalde som kanskje ikkje veit kva saker dei kan ta opp, som lurer på korleis dei kan profilere seg som nyvalde. Om du kontaktar ein folkevald no i haust og kjem med konstruktive idear og framlegg, så vil du truleg få ein god alliert i heile kommunestyreperioden.

For målarbeidet er det òg viktig at du hjelper dei folkevalde. Vi treng fleire folkevalde som tek opp vilkåra for nynorsk i kommunane. Difor treng vi at nett du tek kontakt med ein folkevald. Kva skal du seie? Her kjem seks sentrale spørsmål som alle folkevalde i nynorskkommunar bør høyre:

1) Møter borna nynorsk i barnehagen?
Språkutvikling er noko av det viktigaste i barnehagane. Korleis er samanhengen mellom opplæringsmålet i barnehagen og barneskulen? Driv kommunen aktiv påverknad av barnehagane for at dei skal føre borna inn i den nynorske skriftkulturen? Vert barnebøker lesne på nynorsk, og er songane på nynorsk?

2) Møter elevane nok nynorsk i skulen?
Korleis sikrar kommunen at elevane kan verte trygge i hovudmålet sitt? Kva rutinar har kommunen for å sikre at dei tilset lærarar som er kvalifiserte til å undervise i og på nynorsk og som har gode haldningar til nynorsk? Korleis møter skulen det massive bokmålspresset elevane møter utanfor skulen? Korleis sikrar ein at elevane møter nok nynorsk til at dei vert trygge språkbrukarar i hovudmålet sitt?

3) Er norskopplæringa for vaksne innvandrarar på nynorsk?
Mange kommunar har vaksne innvandrarar som ikkje enno har lært seg tilstrekkeleg norsk. Kva språk skal kommunane lære dei? Ikkje sjeldan tilbyd kommunane innvandrarane opplæring i og på bokmål, og er slik med på å rive vekk grunnen for sin eigen språkpolitikk. Er det naudsyntå halde fram med denne praksisen? Kva opplæringsmål for vaksne innvandrarar er det beste for kommunen og innvandrarane sjølve?

4) Gjer kommunen nynorsk synleg i utetterretta kommunikasjon?
Utanom lokalavisene er det fyrst og fremst gjennom skriftleg kommunikasjon med kommunen og i butikkane at folk møter skrift. Brukar kommunen nynorsk i all utetterretta kommunikasjon?

5) Meistrar dei tilsette i kommunen nynorsk?
Korleis sikrar kommunen at dei tilsette er trygge i sin bruk av administrasjonsspråket? Kva opplæring og språkstøtte tilbyr ein dei tilsette? Finst det eit system for dette, eller skjer problemløysinga etter innfallsmetoden?

6) Seier kommunen frå når statsetatar sender brev og informasjon på bokmål?
Etter mållova pliktar staten å nytte nynorsk når han vender seg til nynorskkommunar. Det gjer staten slett ikkje alltid. Korleis reagerer kommunen då? Kva rutinar finst for å fylgje opp slike brot på mållova? Kontaktar kommunen Språkrådet i slike saker?

Om du bur i ein språknøytral kommune eller bokmålskommune, er framleis barnehage og skule viktig, enten i korleis kommunen legg til rette for dei elevane som har nynorsk som hovudmål, eller i korleis kommunen gjev elevane god opplæring i sidemål.

Vil du hjelpe ein folkevald, men kjen- ner at du manglar informasjon eller argument? Kontakt oss i Mållaget sentralt, så kan vi hjelpe.

Håvard B. Øvregård, leiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no