Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 1 / 2012

Kva norskfag vil du ha?

EG VIL HA EIT NORSKFAG som gjer elevane i stand til å lese og skrive. Eg vil ha eit norskfag som gjer elevane nyfikne på tekst – bokstavar, ord, rim, bøker, språk. Eg vil ha eit norskfag som gjev elevar i Noreg eit felles grunnlag for samhandling. Eg vil ha eit norskfag som gjer at elevane verdset språk og språkkunnskap. Eg vil ha eit norskfag som gjev elevane eit grunnlag for å forstå norsk kultur og tradisjon, som gjer at dei kan bruke historia til å gjere framtida betre. Eg vil ha eit norskfag som formidlar respekt for både fleirtal og mindretal, respekt for både eige og andre sitt tale- og skriftspråk. Eit norskfag som gjer elevane til gagns menneske. Eit norskfag som er tufta på danning, eit norskfag som kjempar mot vankunne. Eit norskfag som alle elevane kan kjenne seg heime i. Eit norskfag som ikkje er ei last, men ei ferdi lyst. Eit norskfag for by og land, børs og katedral, minoritet og majoritet. Eit slikt norskfag har som mål å lære meir, ikkje mindre. Eit slikt norskfag lèt seg styre av elevane sine moglegheiter, ikkje av skulen sine svakheiter. Eit slikt norskfag har kunnskapsrike lærarar, og vert undervist på ein skule der språkmedvit og -kunnskap vert formidla av alle lærarar i alle fag. Eit slik norskfag er eit norskfag med både nynorsk og bokmål.

ER EIT SLIKT NORSKFAG MOGLEG? Eller skal vi berre kapitulere? Gje opp? Skal vi be elevane om å «leve ned til» låge forventningar? Eit kapitulert norskfag vert utan meg. Eit kapitulert norskfag vil drepe lysta bådehjå lærarar og elevar. Utan utfordringar går det nedover, meir nedover, og endå meir nedover. Men er det mogleg? Eg får spørsmålet jamt og trutt. Er det mogleg? Er det mogleg å ha motiverte lærarar? Er det mogleg å gje elevane leselyst? Er det mogleg å halde på skriftleg kunnskap i båe dei to norske skriftspråka? Er det mogleg for bokmålsungar å lære sidemål? Hadde svaret vore nei, hadde eg funne meg noko anna å drive med. Hadde svaret vore nei, hadde eg ikkje blitt så sint på dei som mot betre vitande, og vonleg umedvite, spyttar på språket mitt når dei kjem med sidemålshetsen sin.

ET ER MOGLEG Å LÆRE Å SKRIVE SIDEMÅL. Også for dei som har bokmål som hovudmål. Ein må berre gjere eit seriøst forsøk på å få det til. Verkemidla er der. Dei ligg rett framfor nasen på det blinde Utdanningsdirektoratet. Dei er prøvde i praksis på skular landet rundt. Tidleg start, sidemål i andre fag enn norsk, prosessbasert skriving, mengdelesing og mengdeskriving. Kvifor vert ikkje alle dei gode erfaringane nemnde når Utdanningsdirektoratet i staden kjem med si renneløkke rundt sidemålskarakteren?

ELEVAR SOM BYRJAR TIDLEGARE med skriftleg sidemål, har betre haldning til nynorsk som sidemål. Elevane sjølv forstår at dei treng, og vil ha, meir skrivetrening. Dette står i ein rapport Utdanningsdirektoratet sjølv fekk laga i 2006, men har freista teie i hel etterpå. Elevar på rundt tretti skular har hatt lærebøker på nynorsk (sidemål) i andre fag enn norsk. Landet rundt, også i tjukkaste Oslo, har elevane opplevd større meistring og betre haldning til nynorsk sidemål etter dette. Kvifor tek ikkje direktorat og minister utgangspunkt i desse rapportane og peiker på alt ugjort som kan gjerast, i staden for berre å gje opp og amputere norskfaget?

KVA NORSKFAG VIL VI HA? Det er dette som står på spel no. Dei komande månadene og åra avgjer om Noreg skal halde fram som eit språkrikt land. Om tjue år vil det som i dag er forskarkunnskap ha vorte allmennkunnskap: Fleirspråkskunnskap er eit gode vi ikkje har råd til å miste. Den norske fleirspråkssituasjonen er eit gode for alle, for kulturforståing og demokrati, for språklæringsevne og kognitiv utvikling, for mindretal og fleirtal.Dette er verdt ein kamp, og vi vert stadig fleire som ser nett dette. Når du les dette, har Noregs Mållag fått over 1000 fleire medlemer på nokre korte veker. Kvifor? Jau, fordi språk er verdt å kjempe for. Fordi både nynorsk og bokmål er umisteleg norsk. Fordi norskfaget er for viktig til å ignorere. Kva norskfag vil du ha?

Håvard B. Øvregård, leiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no