Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 2 / 2012

”Eg kan ikkje nynorsk!”

Eg er på ein barneskule i ein kommune i Nordhordland. Denne timen er det ei førsteklasse og ei andreklasse eg har framfor meg. Vi har alt funne ut kor mange språk det er i verda, og hatt språkmyldring der elevane visste om nær tjue ulike språk. No har eg spurt om dei kjenner til ulike norske språk. Når eg spør dei om dei kjenner til nynorsk og bokmål, så veit dei godt kva det er. I akkurat dette klasserommet er det no nemleg både ei nynorskklasse og ei bokmålsklasse.

For det er slik i randsona. I områda der nynorsk og bokmål hovudmål møtest. I tradisjonelle nynorskkommunar som no ligg i pendlaravstand til tradisjonelle bokmålsbyar. Dit flyttar det foreldre som sjølve skriv bokmål og som trur det er best for borna deira at dei òg har bokmål som hovudmål, trass i at dei har busett seg i ein nynorsk skulekrins. På denne skulen er førsteklassa ei nynorskklasse og andreklassa ei bokmålsklasse.

Og det er frå ein av elevane i andreklassa det kjem, høgt og klårt, når eg spør om dei veit kva nynorsk og bokmål er: ”Eg kan ikkje nynorsk!”

Det er ikkje med sorg i røysta ho proklamerer sin manglande språkkunnskap, nei - det er meir ei triumferande stoltheit. Det er sjølvsagt lett å feiltolke eit tilfeldig utrop frå ein sjuåring, men tonen i den vesle setninga fortel mykje om språkstoda i Noreg. Jenta er stolt av å ikkje kunne nynorsk. Ho identifiserer seg ikkje som bokmålsbrukar, men som ei som ikkje kan nynorsk. Bokmål er ikkje ein identitet, det er berre ein majoritet. Nynorskmotstand derimot, det kan identifisere seg med alt som sjuåring.

Eg tenkjer på korleis det er for førsteklassingane i rommet. Dei som har nynorsk som hovudmål, og er medvitne det. – Og som høyrer den eitt år eldre jenta understreke at skriftspråket deira, det kan ho ikkje.

Fredag 20. april skal eg på møte i Kunnskapsdepartementet. Eg sit i ei nyoppnemnd ressursgruppe for nynorsk som hovudmål. Korleis kan vi få meir kunnskap om årsak til språkbytte i grunnskolen, skal vi drøfte i gruppa. Korleis kan vi hindre at slikt språkbytte skjer. Eg skal fortelje dei andre om skulebesøket i Nordhordland.

Før skulebesøket var eg i ein barnehage i same kommunen. Der talde vi på ulike språk og leika med ord. Dette har eg siste to åra gjort i femti barnehagar, som del av barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor. Eg har lese på nynorsk for over tusen ungar. Eg har telt til fem med dei på norsk, svensk, dansk, fransk, tysk, finsk – og mange andre språk. Eg veit at born elskar språk, dei elskar å møte nye ord, leike med dei, lære dei.

Di meir språk born møter, di meir språk kan dei, og di meir glade vert dei i språk. Fireåringar har ingen problem med at eine boka er på nynorsk og andre er på bokmål. Dei lærer kjapt at eg vil heim og jeg vil hjem tyder det same. Dei lærer kjapt at det eine er nynorsk og det andre er bokmål. Slik som femåringen som vart spurd om å synge ein song og svara: Vil du høyre han på nynorsk eller på bokmål?

Vi talde til fem på mange ulike språk også i dette klasserommet i Nordhordland. Mellom første- og andreklassingane var det elevar som kunne lære oss andre å telje til fem på portugisisk, spansk og arabisk, og seie hei på kinesisk.

Når eg skulle gå kom jenta som ikkje kunne nynorsk bort til meg. Korleis har du lært så mange språk?, seier ho til meg med nyfikne og misunnelege auge.

Håvard B. Øvregård, leiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no