Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 3 / 2012:

Kva med nynorsk hovudmål?

Det er mest krangel om sidemål. Både norskfagsdebatt og nynorskdebatt vert raskt dominert av sidemålsdebatt. ”Nynorsk sidemål”-debatt, vel å merke. Bokmål som sidemål er ikkje noko problem, nynorskelevar klarar fint å lære to norske skriftspråk samstundes. Det er fleirtalet som set agendaen, og fleirtalet har nynorsk som sidemål .

Kva med dei som har nynorsk som hovudmål? For målsaka er desse elevane dei viktigaste. Dei er, og vil halde fram med å vere, den overveldande majoriteten av nynorskbrukarane, i skulealder og seinare som vaksne. Men vi står oftast åleine om å prioritere desse ”hovudmålselevane”. Få norskfagsdebattantar, politikarar, skuleeigarar eller forskarar har gjort ein særleg innsats for nynorskelevane.

Det er eit paradoks at så få tek nynorskelevane sine utfordringar på alvor. For nær alle som argumenterer for valfritt sidemål nemner sin omsut for nynorskelevane. Eg har ikkje tal på alle gongene ein motdebattant har nemnt nedgangen i talet på elevar med nynorsk som hovudmål, og deretter proklamert at det er viktigare å snu denne nedgangen enn å halde på obligatorisk sidemålsopplæring. Desse sidemålsnegative politikarane gløymer nynorskelevane med ein gong dei går ut av debattstudio.

Dagens kunnskapsminister er eit unntak. Ho har etablert ei eiga ressursgruppe for nynorsk som hovudmål. Gruppa skal drøfte og kome med framlegg til korleis fleire elevar skal halde fast ved nynorsk som hovudmål gjennom heile opplæringa. Denne omtanken for nynorskelevane vart rett nok lansert av kunnskapsministeren samstundes som ho opna døra for rasering av sidemålsopplæringa. Seinare har ho til landsmøtet i Noregs Mållag lova at ho skal styrkje nynorsk både som hovudmål og sidemål. Sidemålet sin status er òg avgjerande for nynorskelevane. Verdsetjing av nynorsk i skulen, og seinare nytteverdi, er avhengig av at skriftleg meistring av nynorsk er ein del av den felles basiskompetansen vi alle får i skulen, og er forventa å kunne nytte seinare i livet.

Noregs Mållag har store forventningar til Kunnskapsdepartementet si ressursgruppe for nynorsk som hovudmål. Sjølv er eg med i gruppa, og i desse dagar har vi det andre av totalt fem møte.

Kva fører til hovudmålsbyte? Hovudårsaka er fleirtalspress og manglande språkleg sjølvtillit. "Et hovedmål for opplæringen i norsk gjennom hele grunnopplæringen er språklig selvtillit”, står det i læreplanen i norsk. For ein stor del av nynorskelevane feilar skulen på dette punktet. Nynorskelevar lærer nynorsk i klasserommet, men les og ser mest bokmål i kvardagen. Alle nynorskelevar veit at det finst to norske skriftspråk, og at bokmål er fleirtalsspråket. Men dei har i liten eller ingen grad snakka om dette på skulen, drøfta kva det betyr å skrive eit mindretalsspråk, vorte merksam på den ekstra språkkompetansen dei har når dei meistrar både nynorsk og bokmål – slik nynorskelevar oftast gjer. Det hjelper lite med to skriftspråk, når ein ikkje har språkleg medvit og sjølvtillit. Då bukkar ein under med ein gong ein møter bokmålsfleirtalet i klasserommet eller på arbeidsplassen.

Og det er der målbytet er sterkast. Når nynorskelevar vert i mindretal. Dette skjer oftast ved skulebyte, i overgangen til ungdomsskule eller vidaregåande skule. Der nynorsk er i fleirtal er det lite målbyte, slik som i Sogn og Fjordane – ”det nynorske grunnfjellet”. Eller som i Odda kommune, der eit nynorsk fleirtal på 61 % i 2001 har auka til 67 % i 2011.

Kva kan gjerast der nynorsk er under press? Svaret er ganske enkelt: Elevane må møte meir nynorsk, i og utanfor skulen. Men vår erfaring, etter vitjing i skuleklasser og lokale mållag, er at skulen i desse områda ikkje lèt nynorskelevane møte nok nynorsk. Nynorskelevar møter bokmål på tavle og i læremateriell. Nynorskelevar vert ved skulebyte fordelt ut over fleire klassar, slik at dei vert mange mindretal i staden for å kunne vere fleirtal i éin eller nokre klassar. Skulen undergrev elevane sin språklege sjølvtillit.

For at Kunnskapsdepartementet si ressursgruppe skal få den påverknaden nynorskelevane fortener, treng vi endå meir informasjon om utfordringane lokalt. Veit du korleis vilkåra for nynorskelevar er i din kommune? Del kunnskapen med oss i Noregs Mållag sentralt.

Nynorskelevane fortener betre.



Håvard B. Øvregård, leiar
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no