Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 4 / 2012

Korleis så språkglede?

VI ER BERRE EIN HAUST UNNA Språkåret 2013, ei nasjonal feiring av det norske språkmangfaldet. Språkåret er ei gåve til alle som vil styrkje språkgleda i Noreg. I Målaget er kvar dag ein språkfest, i Språkåret skal heile Noreg få språkfeste. Året skal vere «ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg».«Som du sår, skal du hauste.» Alle involverte i dugnaden Språkåret 2013 ynskjer å så språkglede. Sår du språkglede, vil du hauste kunnskap i og om språk, respekt for språk og språkmangfald, språkleg sjølvkjensle og målmedvit. Eit vellukka språkår vil aldri slutte, det vil endre haldninga til språk og språkmangfald i mange tiår framover.

KORLEIS SÅR DU SPRÅKGLEDE? Truleg er «direkte smitte» både det enklaste og beste. Glede er smittsamt. Når nokon smiler til deg, smiler du oftast tilbake. I sommar var eg for sjette året på rad scenevakt på Øyafestivalen i Oslo. Som scenevakt står eg med ryggen til artisten og andletet mot publikum. Men ingenting kan vere betre konsertoppleving enn å sjå inn i tusentals smilande og glade andlet. Varmen strøymer gjennom kroppen, smila gjev energi. Glede er smittsamt. Skal vi så språkglede, må vi vise glede sjølv. Skal vi fremje målmedvit, må vi ha målmedvit sjølve. Skal vi hente fram det gode i andre, må vi syne at vi trur det finst og er på veg fram.

DET VERT KALLA «ROSENTHAL-EFFEKT», etter Robert Rosenthal, professor ved Harvard University, som i 1968 saman med Lenore Jacobson, grunnskulerektor frå San Francisco, skreiv om «Pygmalion in the Classroom» (Pygmalion i klasserommet). Rosenthal og Jacobson gjorde eit forsøk på ein barneskule. Dei IQ-testa elevane og gav lærarane ei liste med namna på elevane som «hadde størst potensial». Etter nokre månader kom dei attende. Dei målte elevane sin IQ ein gong til, og såg at dei gamle resultata stemde. Elevane på lista hadde i snitt fått større IQ enn dei andre elevane. Det var berre eitt problem med forsøket. Den første lista var heilt tilfeldig samansett. Det var ikkje «større potensial» hjå desse elevane enn hjå resten av klassen. Men det var altså nok å seie til lærarane at dei hadde større evner – så fekk dei det. Rosenthal-effekten, eller Pygmalion-effekten som han òg vert kalla, handlar om sjølvoppfylte profetiar. Om korleis forventningane kan påverke resultatet. Om korleis forventningar kan hindre, og fremje, læring.

PÅ SAME MÅTE SOM SMIL SMITTAR, så smittar også forventningar. Tenk på det neste gong du diskuterer til dømes nynorsk / bokmål eller sidemål med ein mindre målmedviten kjenning. Ikkje gå i den fella at du forventar at han er negativ til nynorsk, du kan risikere å gjere han meir negativ enn han eigentleg var. Og hugs å bruke raudblyantar med varsemd. Når nokon som kjenner seg utrygg med å skrive nynorsk likevel prøver det, så skal vi ikkje drepe skrivelysta med å raudstreke alle feil og manglar. Språkglede kjem gjennom oppleving av meistring, ikkje påpeiking av feil. Det er det same om det er nynorsk eller tysk. Haldningane vi formidlar til dei som prøvar å lære språket, kan bestemme om dei held fram til dei opplever meistring, eller om dei snur læringsnederlag til språkhat.

SPRÅKÅRET 2013 GJEV OSS ein unik sjansetil å så språkglede over heile landet. Eg byrjar å smile berre av å tenkje på det. Bli med på smilet, brett opp erma, og førebu dugnaden.

God haust!

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no