Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 5 / 2012

Saman skriv vi mindre åleine

Eg var nyleg i debatt med Bent Høie, andre nestleiar og leiar i programkomiteen i Høgre, i samband med at Høgre i sitt nye programframlegg føreslår endringar i mållova. ”Dagens rett til å få svar på egen målform, erstattes med en rett for ansatte i staten og språknøytrale kommuner til å bruke sin egen målform”, er framlegget frå programkomiteen til Høgre.

Framlegget er dårleg og nynorskfiendtleg fordi det i praksis vil undergrave nynorsk som offisielt språk. Men i tillegg vitnar det om manglande kunnskap om korleis vi skriv i dag, korleis tekst vert produsert i det offentlege - så vel som på arbeidsplassar og i organisasjonar over heile landet. Vi skriv meir og meir saman, og mindre åleine. Vi arbeider i dag i mykje større grad enn før saman om tekst. Når du les ein brosjyre, ein reklame, ei nyhendemelding, ei avis, ein fagartikkel, så er det oftast fleire som har samarbeidd om å skrive nett den teksten.

Når fleire samarbeider om å skrive ein tekst, er det ikkje meining i å seie som Bent Høie sa i debattar med meg etter at programframlegget kom: ”Alle bør skrive på den målforma dei kan best”. For om det er fleire som samarbeider om ein tekst, skal alle då skrive på det av språka nynorsk og bokmål som dei kan best? Går det greitt at annakvart avsnitt er nynorsk og bokmål? At informasjonen som vart henta inn frå ein kollega vert ei sjølvlysande nynorsksetning midt i eit brev på bokmål?

Eg er viss på at borgarane forventar meir enn dette av staten. Eg trur ikkje folk har så store problem med å lese nynorsk og bokmål tekst om kvarandre, men eg trur ikkje dei vil ha det hulter til bulter i same tekst. Dette vil bli sett på som dårleg tekst. Det overraskar meg at ”kultur- og kunnskapspartiet Høgre” er dei som kjem med framlegg til svekking av språkleg kvalitet i staten.

Hadde programkomiteen til Høgre tenkt skikkeleg gjennom dette – eller i det minste tenkt litt – så hadde dei forstått konsekvensen av at kvar byråkrat skal kunne ”velje” målform sjølv. Ja, eg skriv ”velje” i hermeteikn, fordi det er ironisk. For vi som i utgangspunktet brukar nynorsk veit at det ”frie valet” berre er eit fritt val for bokmålsbrukarar. Slik er det med fleirtal og mindretal. Dei som skriv fleirtalsspråket forventar at mindretalet kan – og brukar – fleirtalsspråket, og vi som i utgangspunktet skriv mindretalsspråket tør ikkje forvente det same tilbake. Dei av oss som prøvar å forvente det, vert kjapt stempla som vanskelege, kverulantar og obsternasige, og så føyer vi oss for fleirtalet.

Bent Høie avslører seg i eit intervju, der han seier: ”De fleste av oss behersker én skriftlig form godt, og så er det veldig stor variasjon når det gjelder den andre.” Dette gjeld fleirtalsspråkbrukarane, dei som i utgangspunktet skriv bokmål. Vi som i utgangspunktet skriv nynorsk har lært oss å meistre båe, fordi vi må. På same måten kan byråkratar i det offentlege lære seg å skrive godt på nynorsk, sjølv om hovudmålet deira var bokmål. Om dei må. Men ein må stille eit krav, viss ikkje vert det ikkje gjennomført. Og her er paradokset at akkurat Høgre er partiet som meiner borgarane skal innfinne seg etter byråkratane sitt personlege val. Eg trudde det var omvendt. Eg trudde byråkratane var til for borgarane, og ikkje omvendt.

Bent Høie avslører seg som ein bokmålsbrukar med manglande innsikt i nynorskbrukarane sin situasjon, noko ein ser att i framlegget. Men eg vil tru at det finst folk i programkomiteen som har opplevd dette sjølv og burde kunne opplyse Bent Høie og dei andre om korleis slike ”frie val” påverkar mindretalsspråkbrukarar.

Lærarar har fortalt meg om korleis det er når elevar i språkdelte klassar i ungdomsskulen skal leggje fram ein presentasjon. Det er ofte den med nynorsk som hovudmål som leiar framlegginga, men lysarka er oftast på bokmål. Alt i skulen lærer elevane at nynorskbrukarar må leggje bort språket sitt om dei skal skrive saman med bokmålsbrukarar.

Sjølv har eg opplevd dette i offentleg forvaltning. Då eg arbeidde hjå Barneombodet for nokre år sidan erfarte eg at om eg skreiv utkast til notat på nynorsk, så kom dei andre likevel med sine innspel på bokmål. Den ekstra omsetjingsjobben måtte eg ta, når eg var så ”dum” at eg skreiv utkastet på nynorsk. Eg har også prøvd å gjere det same tilbake, kome med mine framlegg til endringar på nynorsk der utkastet var på bokmål. Då har eg fått kjapp melding om at eg må levere det på bokmål.

Høgre sitt framlegg om ”en rett for ansatte i staten og språknøytrale kommuner til å bruke sin egen målform”, vert i praksis berre ein rett til å skrive bokmål. Det vert vanskelegare for offentleg tilsette å skrive nynorsk om Høgre får gjennomslag.

Høgre burde i staden vere oppteke av betre opplæring i begge dei to norske skriftspråka: Betre sidemålsopplæring i skulen, og betre språkopplæring i offentlege etatar. Dette hadde høvd med korleis Høgre marknadsfører seg som kunnskapsparti.

Eg håpar programkomiteen i Høgre vert åleine om framlegget sitt. Eit parti som ikkje forventar at statleg tilsette skal kunne dei likestilte offisielle norske skriftspråka, er ikkje eit statsberande parti.

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no