Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 1 / 2013

Språkglede i Språkåret 2013

”Kan du hjelpe?” Mannen som har sett seg ved sida av meg spør på eit nylært og ikkje fullt utvikla norsk. Det er andre januar, og eg sit på toget frå Oslo til Kristiansand der Språkåret 2013 skal opnast med festframsyning i Kilden teater- og konserthus. Han viser meg billettutskrifta si, der det står at han på veg til Arendal skal byte tog i Nelaug. Han kan ikkje nok norsk til at eg er trygg på akkurat kva han spør om, men det verkar som han lurer på når han skal byte tog.

Etter at eg har snakka med konduktøren og fått vite at toget til Arendal ventar på oss på Nelaug stasjon, varmar norsken hans opp litt. Han snakkar ikkje engelsk, berre tigrinja og ein norsk som i alle fall gjorde nytta då han spurde om hjelp. Han har lært seg norsk i eit år, men det er vanskeleg. Han vert varm i hovudet av alle nye orda, men auga lyser av læreglede når han tek opp sekken, viser meg CD-spelaren og opnar så eg ser norsklærings-CD-en som ligg inni. Eg tenkjer på kor eg er på veg, og vert rørt av endå eit uventa møte med språkglede.

--

Eg har sett mange auge fylte av språkglede siste åra. Som leiar i Noregs Mållag er eg så heldig at det er jobben min å snakke med folk om språk, med lærarar, byråkratar, ordførarar, skodespelarar, professorar, forfattarar, journalistar, eldre og unge. Det aller kjekkaste er truleg dei aller yngste. Har du sett gleda og spenninga i auga til ein fireåring som lærer å telje på eit ukjend språk?

Dei siste åra har eg vore i over femti barnehagar. «Gjennom ord blir verda stor» er namnet på barnehagekampanjen vår. Eg spør ungane om vi skal telje til fem. Fyrst på norsk, ein – to – tre – fire – fem i kor, høgt. Så på engelsk, one – two – three – four – five, også det i kor, om enn litt mindre sikkert. Dei fleste barnehageborn kan alt telje til fem på engelsk. Små born har stor språkappetitt.

Etter at vi har telt til fem på alle måtar eg sjølv kan, er det i dei fleste barnehagane tilsette som kan endå fleire måtar å telje til fem på. Det kan vere islandsk, einn – tveir – þrír – fjórir – fimm. Eller det kan vere tagalog frå Filippinane, isa – dalawa – tatlo – apat – lima. Og eg kan ikkje late vere å føle at den tilsette smiler varmare, og står litt rettare, etter å ha delt med oss av språkkunnskapen sin.

Og nokre gonger er det ein av ungane som kan eit anna språk. Som ho vesle jenta som lærte oss å telje til fem på litauisk, vienas – du – trys – keturi – penki. Med låg røyst og eit litt usikkert andletstuttrykk som ikkje kunne skjule stoltheita. Etterpå kom styraren i barnehagen bort til meg og sa at dette var fyrste gongen jenta hadde snakka litauisk framfor dei andre ungane.

Mange born som kan andre språk enn norsk, trur at dei andre språka ikkje skal brukast ute blant andre. Utan at foreldre eller barnehagelærarar ønskjer å setje grenser for borna si språkglede, så er det nett dette som skjer når borna ikkje opplever at deira uvanlege språkkunnskap vert verdsett. I Mållaget er vi stolt av den jobben vi gjer for å auke toleranse, respekt og verdsetjing av det fleirspråklege, anten fleirspråk er nasjonalspråk og minoritetspråk, urfolkspråk og innvandrarspråk, morsmål og framandspråk, nynorsk og bokmål. Feiring av språk – språkmangfald, fleirspråk og språkglede – gjer oss til eit varmare land. Feiring av mangfald er også feiring av fellesskap.

--

”Eg kan ikkje nynorsk!”
Eg har nett spurd ei fyrste- og andreklasse i Nordhordland om dei kjenner til nynorsk og bokmål. På denne skulen er fyrsteklassa ei nynorskklasse og andreklassa ei bokmålsklasse. Og det er frå ein av elevane i andreklassa det kjem, høgt og klårt, når eg spør om dei veit kva nynorsk og bokmål er: ”Eg kan ikkje nynorsk!”

Det er ikkje med sorg i røysta ho proklamerer sin manglande språkkunnskap, nei - det er meir ei triumferande stoltheit. Det er sjølvsagt lett å feiltolke eit tilfeldig utrop frå ein sjuåring, men tonen i den vesle setninga fortel mykje om språkstoda i Noreg. Jenta er stolt av ikkje å kunne nynorsk. Ho identifiserer seg ikkje som bokmålsbrukar, men som ei som ikkje kan nynorsk. Bokmål er ikkje ein identitet, det er berre ein majoritet. Nynorskmotstand derimot, det kan alt ein sjuåring identifisere seg med.

Eg tenkjer på korleis det er for fyrsteklassingane i rommet. Dei som har nynorsk som hovudmål, og er medvitne om det. – Og som høyrer den eitt år eldre jenta understreke at skriftspråket deira, dét kan ho ikkje.

Sjuåringen har utan vite det oppsummert det største trugsmålet mot språkglede i norsk skule. Ungar som i utgangspunktet sit med spenning og lyst i auga når dei kan lære å telje på ulike språk, vert reduserte til sjåvinistiske fleirtalsspråkbrukarar. Trass i at skuleungane si evne til å lære språk framleis er langt større enn oss vaksne. Kor vart det av språkgleda?

For meg kan språkkampen i Noreg i dag oppsummerast i to spørsmål: Er vi for eller mot språk? Vil vi lære meir eller mindre?

Ungar må lære at språk er ein verdi, at det er verdifullt å lære fleire tale- og skriftspråk, den naturlege språknysgjerrigheita må lyftast opp av foreldre og lærarar i barnehage og skule.

Di meir språk born møter, di meir språk kan dei, og di meir glade vert dei i språk. Fireåringar har ingen problem med at eine boka er på nynorsk og den andre er på bokmål. Dei lærer kjapt at eg vil heim og jeg vil hjem tyder det same. Dei lærer kjapt at det eine er nynorsk og det andre er bokmål. Slik som femåringen som vart spurd om å synge ein song og svara: Vil du høyre han på nynorsk eller på bokmål?

Vi talde til fem på mange ulike språk også i dette klasserommet i Nordhordland. Mellom fyrste- og andreklassingane var det elevar som kunne lære oss andre å telje til fem på portugisisk, spansk og arabisk, og å seie hei på kinesisk.

Då eg skulle gå, kom jenta som ikkje kunne nynorsk bort til meg. Korleis har du lært så mange språk?, seier ho til meg med nyfikne og misunnelege auge.

--

”To batteri - to dagar.” Etter at mannen på toget har vist meg CD-spelaren, så opnar han opp batteridekselet og viser meg dei to batteria som ligg inni. Han høyrer på norsk-CD-en heile dagen, til han vert varm i hovudet, og treng nye batteri annankvar dag. Men han veit råd. Han dreg opp ei diger plaststrømpe med batteri frå sekken, og smilet vert endå breiare.

Språkåret 2013 skal vere eit slikt batteri for språkglede. Mållaga rundt i heile Noreg skal vere batteri for språkglede. Nynorskstafetten skal vere batteri for språkglede. Språk er noko av det viktigaste vi har, språk er identitet og kultur, språk er kven vi er.

Vi er for språk, ikkje mot. Vi vil lære meir, ikkje mindre.

Håvard B. Øvregård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no