Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 4 / 2013

Makt og motmakt

Sjølv om skuledebattane alltid syter for at nynorsken er eit tema i valdebatten, har nynorskspørsmålet vore ein del av valkampen mange stader i år. Og i heile år har mange parti hatt ein kamp om nynorsk innetter i partiet.

I Bergen 19. august skipa Odda Mållag, Ullensvang Mållag, Voss Mållag, Hordaland Mållag, Noregs Lærarmållag og Vestmannalaget eit debattmøte om nynorsk, der Sv, Sp, Ap, Venstre, Krf, Høgre og Frp deltok i panelet. I salen sat minst 60 folk, det var godt oppmøte ein sein måndag fyrste skuledagen i Bergen. Folk hadde teke turen frå Stord, Odda og fleire stader for å få med seg kva partia skulle melda om nynorskspørsmålet.

Det finst nynorskmotstand i alle parti, det veit me, og det har ikkje minst kampen for norskfaget synt oss. Likevel veit me at det òg finst folk som kjempar for nynorsken i alle parti. Kampen for nynorsk sameinar mange stader Sv-arar og høgrefolk. Ofte er det geografiske, og ikkje politiske skiljeliner, som skil og sameinar. I denne avisa kan du lesa utdrag av kva dei ulike partia meiner om språkpolitikk. Les ein nøye, ser ein at det er småpartia som er våre beste vener. Sv, Sp, Mdg, Venstre og Krf har alle positive nynorskformuleringar i programma sine.

Det var ein nynorskvenleg gjeng som var samla til debatt i Bergen 19. august. Her sa Emil Erstad frå Krf at dei ikkje var viljuge til å kasta nynorsken på sjøen for svarte limousinar. Terje Breivik frå Venstre forsikra i same debatt at Venstre står støtt og urokkeleg for nynorsken. Det er gledeleg. Likevel har Elisabeth Aspaker i Høgre lova at dei vil endra norskfaget med det fyrste om dei skulle vinna valet. Er då Venstre og Krf sine vedtak tydelege nok?

Venstre seier at dei vil vurdera tiltak for å betra vurderingsordninga i sidemål utan å fjerna sidemålskarakteren, medan Krf meiner undervisninga i sidemål må halda fram å sikre jamstillinga. Men dei vil drøfta alternative vurderingsformer for å sikre sidemålet. Då er spørsmålet om desse formuleringane er sterke nok, og viktige nok, om desse to partia skulle enda opp i ei regjering saman med Høgre.

Sjølv om Noregs Mållag er ein partipolitisk uavhengig organisasjon, er det klart det uroar oss om to parti med radikalt annleis syn på målsaka enn oss kjem til makta. Det var gledeleg i vår å sjå at nynorskopposisjonen i Høgre var så stor og at det er så mange høgrefolk, ikkje minst på Vestlandet som arbeider iherdig for nynorsken. Likevel gjorde Gjermund Hagesæter frå Frp, skrivar i Løvebakken mållag, det klårt under nynorskdebatten i Bergen at korkje mållova eller sidemålsundervisninga tener nynorsken i det heile. Så kva skjer då i ei eventuell blå-blå regjering? Der dei gode motkreftene i Høgre ikkje har gode programformuleringar å stø seg på? Det at sidemålsvedtaket på Høgre sitt landsmøte ikkje lenger seier at sidemålet skal vera valfritt, har mange målfolk tolka positivt. Likevel er det sterke krefter i partiet som tolkar vedtaket som eit ja til valfri sidemålsundervisning. Sist ute var Torgeir Ødegaard, skulebyråd for Høgre i Oslo, som hjå NRK Østlandssendingen, lovar valfri sidemålsundervisning om Høgre kjem til makta.

Heller ikkje hjå dei raud-grøne er alt lyseraudt (!). Trass i at både SV og Sp har svært gode nynorskformuleringar i sine program, skriv ikkje Arbeidarpartiet eit einaste ord om nynorsk i sitt program for neste stortingsperiode. På nynorskdebatten i Bergen lova derimot Magne Rommetveit at Arbeidarpartiet gjennom å sikra norskfaget med eigen karakter i sidemål i år, no har konsolidert sin nynorskpolitikk. Det er i tilfelle svært gledeleg.

Framtida for nynorsken handlar ikkje berre om framtida for sidemålsordninga. Det finst ei rekkje andre politiske saker som òg kan koma til å påverka framtida for nynorsken. Saker som pressestønaden, ordningar som held oppe nynorsk bokproduksjon og andre institusjonar, kommunesamanslåing og ein god politikk for distrikta.

Det vart sagt etter kampen om norskfaget at mållaget berre ikkje måtte tru at kampen no var vunnen. 107 år med mållagsarbeid har synt at alle kampar kan verta til omkampar. Og med eit Utdanningsdirektorat som gong på gong har fremja framlegg som trugar sidemålsordninga og jamstillinga, veit me at uansett regjering etter valet så trengst Noregs Mållag og Norsk Målungdom og alle andre som arbeider til beste for nynorsken.

Alt heng som kjend saman med alt, og eit mindre brukt språk som nynorsk treng vern på line med andre mindre brukte språk rundt om i verda. Kva slags vern han får, vert avgjort 9. september.


Marit Aakre Tennø
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no