Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 3 / 2013

Usemje på lærarrommet

Sidan januar i fjor har norskfaget bylgja fram og attende og lege som ei trugande uvisse. Mykje av kreftene til Noregs Mållag har gått med på denne saka. Når eg skriv dette, er avgjerda enno ikkje komen.

Saka eksploderte i januar i 2012: Utdanningsdirektoratet ville ikkje lenger ha eigen standpunktkarakter i sidemål. Målfolket sette kaffien i halsen, og reaksjonane var sterke. Rabalderet kunne høyrast langt inn i regjeringskrinsar og Kristin Halvorsen sa på vårt landsmøte i fjor at ho ikkje var budd på bråket som kom. Kaffien hadde tydelegvis ikkje berre sett seg i halsen til det organiserte målfolket, i løpet av våren strøymde 2000 nye medlemmer til Noregs Mållag. Rett før landsmøtet til Mållaget kom Utdanningsdirektoratet med si tilråding til Kunnskapsdepartementet. Og svaret frå ein samla landsmøtesal var at sidemålet må styrkjast, ikkje svekkjast. Me kjempar for ei ordning som burde vore sjølvsagt, men som konstant er under press. I staden for å kjempe stadig nye kampar for dei to berebjelkane som garanterer at nynorsken kan vere eit nasjonalt språk for heile landet, kunne me heller brukt tid på tiltak for å styrkje nynorskbruken der han finst. Men me veit at utan sidemålsordning og mållov så kan ikkje me nynorskbrukarar nytte språket vårt over alt. Likevel skulle me heller brukt tida vår på å styrkje nynorsken. I staden forsvinn ho i stadige omkampar om sidemålsordninga, i år att berre fire år etter siste del av Kristin Clemet si svekking var innført.

Motstanden har vore hard, og å diskutere prinsippa i norsk språkpolitikk med arbeidstilhøva til norsklærarane som utgangspunkt har vore utfordrande. Noregs Mållag sitt standpunkt har vore at fjernar ein karakteren i sidemål, så gjer ein faget òg mindre viktig. Men slår ein saman karakterane har lærarane ein mindre karakter dei må samle nok grunnlag for å gje. Synest ein ikkje opplæring i to norske språk er viktig, kjennest sikkert sidemålskarakteren som eit ork. Og frå mange hald vert det hevda at skulen skrik etter å få slege saman karakterane.

Utdanningsdirektoratet har oppsummert høyringa i tal i si tilråding til Kunnskapsdepartementet. Her får prosenttal stå for synspunkt til institusjonar, ungdomsskular og vidaregåande skular. Her var dei alle bedne om å krysse av for om dei var heilt eller delvis samde, heilt eller delvis usamde i ei rekkje framlegg. Og ein vert beden om å grunngje standpunkta sine, noko mange ikkje gjer. Når dei då òg kryssar av på motstridande svar, vert det vanskeleg å tyde kva dei eigentleg meiner. Skipar ein ei nettrøysting og spør om skulane vil undervise mindre i sidemål, er det ikkje særskilt oppsiktsvekkjande om svaret frå mange er ja. Sidemålsmotstanden er nok jamt fordelt rundt om i Noreg, og at det finst lærarar som òg er motstandar av ordninga, er ikkje overraskande. Kor delt mange lærestader er i dette synet, ser ein i høyringssvara frå dei ulike skulane og institusjonane. Somme har valt å synleggjere at dette er spørsmål det er svært ulike meiningar om, og andre har beint fram sagt at dette er spørsmål ein ikkje har klart å få semje om på lærarrommet. Såleis smuldrar biletet om den uviljuge læraren opp. I fleire høyringssvar peikar ein nettopp på at det er usemje om desse spørsmåla, og då er ikkje ei nettrøysting beste måten å oppsummere dei faglege synspunkta på. Det er verdt å merke seg at 31 prosent av grunnskulane vil ha dagens ordning med tre standpunktkarakterar, medan heile 20 prosent av dei vidaregåande skulane vil det same. Frå enkelte hald vert det framstilt som at kravet om færre karakterar frå skulane er unisont. Noregs Mållag har visst det lenge, men også høyringsrunden syner at det ikkje stemmer. 

Dette er tydeleg i Utdanningsforbundet sitt høyringssvar, dei konkluderer med avslutning i vg2 og trekkeksamen på ungdomsskulen med å syne til høyringssvara frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, utan at ein veit noko om diskusjonane i fylkeslaga. Kanskje var det eit knapt fleirtal for konklusjonen?  ”Nynorskområda har signa dette”, er oppsummeringa frå Utdanningsforbundet. Men går ein inn i runden som Utdanningsforbundet har hatt med sine fylkeslag, så ser ein at det oppsiktsvekkjande er at Finnmark, Nordland og Oppland alle har gått inn for å vidareføre dagens ordning med tre standpunktkarakterar. Dette er alle fylke der nesten all sidemålsopplæring er på nynorsk. I Sogn og Fjordane driv ein nesten berre sidemålsopplæring på bokmål, eit skriftspråk nesten alle meistrar. Biletet er med andre ord ikkje så eintydig som somme vil ha det til.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no