Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 2 / 2013

På vegen vidare

Ein oransje bil køyrer rundt i Noreg i år. Noregs Mållag feirar Språkåret 2013 med ein eigen Nynorskstafett. 12 000 kilometer, 140 stogg og 19 fylke med ein kampanjebil som lyser opp der han køyrer, frå stad til stad, frå mållag til mållag. 

Det er dei lokale mållaga som er fundamentet for Nynorskstafetten. Dei vekene eg har vore på vegen med Nynorskstafetten, er eg blitt kjend med  ange nye mållagsfolk, og eg har treft att mange kjenningar. Felles for alle er at dei verdset språkglede og språkmangfald, medvit om lokal kultur og historie, og dei har vilje til å gjere ein handfast innsats for det felles føremålet til mållaga i Noregs Mållag:

Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Noregs Mållag arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet.

Sidan eg vart vald som leiar for fire år sidan, har eg hatt seks punkt til hjelp i arbeidet. Eg har nemnt dei så ofte eg har hatt høve når eg har vitja lokale mållag. Eg har hatt dei i bakhovudet i kvar radiodebatt, i kvart intervju, i kvart foredrag. Her kjem dei.


Meir positiv enn negativ For at vi skal nå fram med arbeidet, må vi vere positive. Vi må legge vekt på det vi er for, ikkje det vi er imot. Vi skal skryte meir enn vi kritiserer. Vi skal fremje språkglede. Vi skal vere hyggelege også mot dei som er usamde med oss. Vi skal løfte fram dei gode døma.

Meir opptekne av løysing enn av problem Det er lett å peike på problem, det er vanskelegare å kome med gode løysingar. Men det er løysingane som gjer stoda betre. Det er gode framlegg som gjev andre lyst til å arbeide saman med oss, og som gjer andre i stand til å fremje nynorsk saman med oss. I arbeidet opp mot politikarar og byråkratar får vi gjennomslag ved å kome med gode framlegg i staden for berre å peike på vanskelege problem.

Gjere det lettare å bruke nynorsk Nynorsk er eit mindretalsspråk i Noreg. Det er diverre oftast lettare å bruke eit fleirtalsspråk enn eit mindretalsspråk. Vi må gjere det lettare å bruke nynorsk. Tilgjengeleg ordliste på Internett, tilgjengelege skjema på nynorsk, skulebøker til same tid og til same pris som på bokmål, skrivedugleik i nynorsk for dei som har hatt bokmål som hovudmål i skulen, alt dette er tiltak som gjer det lettare for den einskilde nynorskbrukaren å halde på språket sitt.

Både for folket og for eliten Vi treng – og vi har – nynorskbrukande fyrtårn som er mellom dei fremste og beste på sitt område. Det er nynorsk som vert skrive i statens æresbustad Grotten. Når bøker vert nominerte til Brageprisen, er nynorskbøker overrepresenterte. Men vi treng nynorsk også i kiosklitteratur, i popmusikk, på mjølkekartongar, i avisreklame og i vekeblad. Vi skal fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet.

Fleirkultur, ikkje trongkultur Verda vert mindre, og Noreg vert større. Bygd og by vert meir mangfaldige. Vi som er opptekne av språk og kultur, har det beste utgangspunktet for å møte andre språk og kulturar. Som eit språkleg mindretal har vi betre evne til å sjå utfordringane som andre språklege mindretal har, både i Noreg og i andre land. Vi skal inkludere, ikkje ekskludere.

Nynorsk spesielt – Språk generelt Vi er i ei særstilling som nasjonal språkorganisasjon. Vi har eit særleg ansvar for å stø andre språkbrukarar i arbeidet deira for sitt eige språk. Noreg treng ein organisasjon som syner verdien av å kunne fleire språk, som verdset språkkunnskapen til innvandrarar og minoritetar, som er med på å auke den språklege sjølvtilliten hjå alle språkbrukarane i landet. Språk er ikkje eit «anten–eller», men eit «både–og».

Mållaget var viktig i går, er viktig i dag og kjem til å vere like viktig i morgon. Noreg treng ein sterk språkorganisasjon. Det er no fire år sidan eg tok over stafettpinnen som leiar i Noregs Mållag. Eg seier takk for alt eg har lært, for alle eg har møtt, for alle dei gode sakene eg har fått arbeidd med, og eg sender stafettpinnen vidare.

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no