Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 5 / 2013

Slepp nynorsken til!

Ein fredag i november var eg på ei tilskiping i heimbygda mi. Her var der nokre karar som ikkje kom frå dei områda av Noreg der nynorsk er hovudmål. Utpå kvelden vart nynorsk eit tema og mennene var oppgjevne på vegner av oss lokale som sat rundt bordet og forsvara nynorsken: ”kvifor i alle dagar må eg læra meg nynorsk, det er jo nesten ingen som nyttar nynorsk” At om lag ein halv million nyttar nynorsk, ville ikkje mennene høyre snakk om. Det kunne ikkje stemme i det heile. 

Debatten ein sein fredagskveld i bygda mi grip inn i debatten som dei siste vekene har gått i debattspaltene til Klassekampen. Kjartan Fløgstad har her meint at nynorskforbodet i riksavisene er ei form for einsretting. - Ein 150 år gamal språktradisjon vert usynleg på denne måten. Det same blir erfaringsmateriale frå delar av landet og samfunnet som nynorsken ber i seg, seier Kjartan Fløgstad til Klassekampen.

Desse mennene frå fredagskvelden lever liva sine heilt avsondra frå denne 150 år gamle språktradisjonen. At det skulle vera ein halv million menneske ein stad i Noreg som nyttar nynorsk, er nærast heilt usynleg for dei. Godt hjelpte av dei største avisene i Noreg er kvardagen deira mest sannsynleg i hovudsak på bokmål.

Ser, les eller høyrer ein aldri det nynorske skriftspråket, er det ikkje så rart at ein ikkje trur nokon skriv det. Denne usynleggjeringa er ein av grunnane til at skuldingane og dødsdomane over nynorsken kjem. Sist høyrde me dei frå Hans Geelmuyden. ”Nynorsken er eit døyande språk”, sa han til Bygdanytt på Osterøy. Difor var det ingen grunn til at verksemdene på Osterøy skulle nytta nynorsk i marknadsføringa si. Geelmuyden nyttar nynorskprosenten som prov på avlidinga. Men nynorsken døyr ikkje. Hovudgrunnen til at nynorskprosenten i grunnskulen går ned, er at det flyttar fleire folk til Oslo enn det gjer til Sogndal, Heidal og Bygland. Altså at talet på folk i bokmålsområda veks, medan innbyggjartalet i nynorskområda held seg meir stabilt. Enkel matematikk.

Sjølv om nynorsken ikkje er nær ved å avlide, slik folk gjerne vil ha det til, så krympar nynorskområdet litt etter litt i enkelte delar av landet. Trong kommuneøkonomi fører til at dei minste grendeskulane vert lagde ned og slegne saman med større skular meir sentralt i kommunen. Mange stader er det dei minste grendeskulane som har nynorsk som opplæringsmål, medan dei sentrale skulane har bokmål som opplæringsmål. Ved slike samanslåingar er regelen at det då skal vera ei røysting om opplæringsmålet skal vera nynorsk eller bokmål. Når dei store bokmålskrinsane og dei små nynorskkrinsane skal røysta om opplæringsspråket saman, er det ikkje så vanskeleg å tenkja seg kva utfallet ofte vert.

For nynorsken er distrikta sitt språk, trass i at det har vore nynorskklassar i både Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø. Det er i distrikta at nynorsken er rotfest. I mange av dei mest utsette distriktsområda er det nynorsken har slege seg ned og blitt det lokale skriftspråket. Her er det produksjonen av nye nynorskbrukarar går føre seg. Slik er sentraliserande krefter eit trugsmål mot nynorsken mange stader. Nynorsken som skulemål i Trøndelag overlever berre om Jåren/Råbygda skole i Skaun slepp å kjempa mot nedleggingstrugsmål. Slik vert Fløgstad si formulering av at nynorsken ber i seg røynsler frå andre delar av landet, til at nynorsken aukar mangfaldet, ikkje berre språkleg, men òg politisk og kulturelt.

Etter Fløgstad sin påstand om einsretting har det kome svar frå både Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening. I svaret frå Redaktørforeningen meiner leiaren at det ikkje er ein menneskerett å få skriva nynorsk i Aftenposten, på same måte som det ikkje er ein menneskerett å få skriva bokmål i Dag og Tid. Dei ser ikkje at nynorsken har andre behov enn bokmålet og at ynsket om ikkje å usynleggjera ein 150 år gamal språktradisjon ikkje fyrst og fremst er eit ynske om individuell fridom for den einskilde journalisten. Det er eit ynske om at også dei mest lesne landsdekkjande avisene våre skal ta eit kollektivt ansvar for det minst brukte av dei to norske språka. For nynorsken er avhengig av å vera synleg òg utanfor dei områda der han er majoritetsspråket. Han treng å verta lesen i avisene, på Internett og overalt elles i samfunnet. Ikkje berre for at nynorskbrukarane og ikkje minst elevane på Jåren/Råbygda skole skal kunna sjå språket sitt ute i ålmenta, men òg slik at litt fulle menn på vitjing djupt inne i ein dal skal forstå, og kunna sjå, at det finst andre skriftspråk i Noreg enn deira eige.

I 2005 samla Noregs Mållag 36.000 underskrifter for nynorsk i VG og Dagbladet, og i kampanjeperioden var me i kontakt med fleire journalistar som ville skriva nynorsk i aviser der det var forbode. Kravet er så langt ikkje innfridd.

Marit Aakre Tennø, leiar i Norsk Tidend
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no