Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 2 / 2014

Ansvaret for språket

For eitt år sidan var der oppslag i fylkesmedia i Sogn og Fjordane om at i sju av 23 kommunar fekk vaksne innvandrarar norskopplæring på bokmål. Midt i tjukkaste nynorskland gjev ein altså opplæring i bokmål til vaksne innvandrarar. Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av utanlands innvandring, det gjeld Sogn og Fjordane like mykje som elles i Noreg.

Særleg langs kysten er behovet for utanlandsk arbeidskraft stort, og tal frå Sunnmøre syner at i enkelte kommunar har så stor del som rundt 15 prosent av innbyggjarane innvandra til Noreg. Det meste av dette er arbeidsinnvandring frå land i Aust-Europa til bygdesamfunn som skrik etter arbeidskraft.

I år er det nøyaktig 30 år sidan eg tok til ved Brattvåg barneskule. Då var me eit stort kull med over 30 elevar. Alle med foreldre fødde i Noreg, men som på industristader flest, med foreldre frå mange ulike stader i Noreg. Somme hadde kanskje noko slekt på Færøyane, men meir eksotisk enn det vart det ikkje.

I fjor tok 33 elevar til i fyrste klasse på same skule. I dag er 11 ulike nasjonar representerte i same klasse. Der det for 30 år sidan var nordmøringar, trønderar og nordlendingar som kom til den vesle industribygda for å få arbeid, kjem folk i dag frå utanfor landegrensene, men med same mål. Og dei slår seg ned med familien og vert ein viktig del av det nye lokalsamfunnet. Og nett slik nordlendingar, trønderar og nordmøringar sende ungane sine i nynorskklassar for 30 år sidan, gjer polakkar, litauarar og afghanarar det same i dag.

Fram til no har språkopplæringa i Haram gått føre seg på bokmål. Heldigvis melder kommunen at han no går over til nynorsk. I mange kommunar held ein fram med å undervisa på bokmål, ut frå ei tru på at dette er enklast for dei nye innbyggjarane.

Men dette ser ut til å vera ei omdiskutert sanning. Etter ein integreringskonferanse på Sunnmøre i fjor kom det fram at fleire som hadde fått norskopplæring på bokmål meinte det var ei ulempe. Dei hadde ungar som fekk nynorskopplæring i skulen og fann det vanskeleg å hjelpa dei, i tillegg fann dei det vanskelegare å forstå brev frå kommunen og andre som vende seg til dei på nynorsk.

Det er rart å læra nye innbyggjarar som kjem ein stad, eit anna språk enn det lokale. Og det er rart å handsama folk frå andre stader i verda annleis enn andre. Å læra seg nynorsk gjev openbert ein føremon for å forstå kva folk seier på alle dei norske dialektane, men det gjev og ein openberr føremon i arbeidslivet, og gjer det lettare å få jobb seinare.

Ved sida av argumentasjonen over hevdar mange at dei vaksne innvandrarane ikkje vert verande i kommunen og at bokmålet då er meir ”brukarvenleg”. Frå lærarane er det vanleg å høyra at det manglar materiell på nynorsk. Dei som driv nynorskopplæring allereie, melder rett nok at det finst gode læremiddel på nynorsk som dei er veldig nøgde med.

Får denne trua på læremiddelmangel festa seg ytterlegare, er faren at læremiddelsituasjonen kan forverra seg. Forlaga er i dag avhengige av ein stor nok marknad om dei skal gje ut læremiddel på både nynorsk og bokmål. Såleis er noko av det luraste dei som klagar over manglande materiell kan gjera, å tinga opplæringsmateriell på nynorsk. Til større marknaden vert, til større vert utvalet. Om ikkje kan me få ein negativ sirkel med mindre etterspurnad og på sikt mindre materiell.

Kommunane bør i større grad sjå på seg sjølve som aktive språkforvaltarar. Dei er i dag store skriftprodusentar og står for all skriftspråksopplæring. Eit stort ansvar som dei bør ta og også diskutera korleis dei vil forvalta det best mogeleg. Ved å gje opplæring på bokmål i nynorskkommunar tek dei i alle fall ikkje ansvar for framtida til nynorsken. Dei undergrev kommunane sine eigne språkvedtak gjennom å produsera nye språkbrukarar inn i samfunna sine som skriv eit anna språk enn det kommunen ynskjer skal vera den skriftlege identiteten lokalt.

Så lenge det er opp til kvar einskild opplæringsinstitusjon å avgjera kva språkopplæring dei vil gje vaksne innvandrarar, så må ein aktivt be om nynorskundervisning i eigen kommune for å vera trygg på å få det. Kvar einskild kommune må då gjera vedtak om at dei vil at flyktningar og arbeidsinnvandrarar lærer nett det same språket som ungane deira lærer, og som kommunen har bestemt at skal vera det lokale språket hjå seg.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no