Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Næringsliv Skule Sidemål Språkdelt ungdomsskule Språklov Offentleg målbruk Kommunal nynorsk Val Kyrkjemål IT Media Nynorsk Grunnlov Normering Stadnamnlova Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiarteig i Norsk Tidend 3 / 2014

Grunnlov for grasrota

6. mai gjorde Stortinget i Noreg eit historisk vedtak. Med éi røyst i mot vedtok Stortinget ei språkleg modernisering av Grunnlova. Grunnlova ligg no føre på nynorsk for fyrste gong i historia. Og Noreg føyer seg endeleg inn i rekkja av fleirspråklege statar som har tufta åt landet på fleire språk. 

I 1906 var saka sist oppe, men då vart ho røysta ned heilt utan diskusjon. Både før og etter har ho vorte omsett i såkalla folkeversjonar på nynorsk, men nynorsk har aldri vore det offisielle grunnlovsspråket. Grunnlovsspråket har vore lett modernisert dansk. Både i dei gamle paragrafane og i dei nye. Når berre ¼ av paragrafane er uendra sidan 1814, syner det behovet for modernisering. Ein skal vera rimeleg språkkunnig for å kunna forfatta nye paragrafar eller endringar på 1903-språket. Likevel har ikkje kravet om ei grunnlov på nynorsk kome heilt til avgjerd i Stortinget sidan 1906, og det skulle altså ta over 100 år før saka kom opp på ny. Overraskande nok er det Carl I Hagen me har å takka for at saka i det heile kom opp. Det var han som fekk Finn Erik Vinje til å utarbeida ei lett modernisering av grunnlovsteksten frå 1903. Men kontroll- og konstitusjonskomiteen ville det annleis. Dei ville at Grunnlova til grunnlovsjubileet i 2014 skulle liggja føre i moderne versjonar både på nynorsk og på bokmål. Difor sette dei ned eit utval, tungt av både juristar og språkfolk, leia av juristen Hans Petter Graver til å utarbeida det som skulle verta ei leseleg grunnlov for alle i Noreg. Og i førre periode, då saka kom opp fyrst, såg det ut som storparten ville det sameleis.
Men då det nærma seg vedtak, dukka det opp menn frå ulike politiske leirar som ville stå i samband med eidsvollsmennene. Dei meinte at dette uforståelege danske språket var så høgverdig og flott og sette oss på ein høgtidsam måte i kontakt med dei som hadde forfatta grunnlova i 1814. Rett nok via ei språkleg modernisering i 1903, men den snakka dei ikkje så høgt om. Lenge såg det ut til at det ikkje skulle verta noka språkleg modernisering. Samstundes greidde ikkje dei som ville ha modernisering, å semjast om kva for ein bokmålsversjon dei ville ha. Språkleg krangling i bokmålsfløya er det ikkje så ofte me ser, det er fleirtalsspråket sitt privilegium. Likevel fall den eine etter den andre frå som tilhengarar av å halda på 1903-språket, og då vart kampen om bokmålsversjonen det som nesten velta heile vedtaket.

Det er likevel mest interessant å merka seg at det ikkje har vorte argumentert mot ein nynorskversjon frå noko politisk parti på Stortinget. Frp var tidleg klår på at dei ville gå for nett det som vart vedtaket til slutt, nemleg Vinje sin riksmålsversjon og Graver-utvalet sin nynorskversjon. Når Stortinget til slutt gjorde vedtaket sitt mot éi røyst om nynorsk grunnlov, så er det ikkje berre eit historisk vedtak, det var òg ein historisk debatt, nett fordi det vert sett på som ei heilt naturleg følgje av den språklege moderniseringa at Grunnlova skulle liggja føre både på bokmål og på nynorsk. ”Ei vidareføring av jamstillingsvedtaket frå 1885”, har mange sagt. Og Ottar Grepstad har gått så langt som å seia at det er det viktigaste vedtaket for nynorsken sidan 1885.

Oppsummeringa på vedtaksdagen, både frå politikarar og redaktørar var krystallklår: No er det nynorskversjonen av Grunnlova som vert folkeversjonen. Det er den som er leseleg for folk flest.

I Noreg har ikkje Grunnlova hatt same status som til dømes grunnlova har i USA, og ho har ikkje vorte lese og sitert like flittig. Men ho har òg vore relativt vanskeleg å forstå. Det gode med grunnlovsdebatten dei siste månadene er at me faktisk har fått ein debatt om det dokumentet som er det demokratiske grunnlaget for landet vårt. Ein slik ålmenn debatt er ikkje mogeleg om ikkje Grunnlova er tilgjengeleg i eit språk alle forstår.
Der bokmålsversjonen på kronglete vis formulerer seg slik: ”Til å ta sete i statsrådet kan kongen ved overordentlige leiligheter foruten statsrådets sedvanlige medlemmer tilkalle andre norske borgere, men ingen medlemmer av Stortinget”, er nynorskversjonen meir rett på sak:: ”Til å ta sete i statsrådet ved sida av dei faste medlemmene kan kongen i særlege høve kalle inn andre norske borgarar, men ingen medlemmer av Stortinget”. Slik kan ein mora seg over mykje av det språklege i den nye Grunnlova. Ikkje minst vil det vera gode pedagogiske øvingar for skuleverket. Forvillar ein seg inn på Lovdata kan ein heilt fortapa seg i slike artige samanlikningar. Best er likevel paragraf 100, der det i bokmålsversjonen står:  ”Ytringsfrihet bør finne sted”, medan det i nynorskversjonen presist står: ”Ytringsfridom skal det vera”, og nett der er 150 år med språkstrid oppsummert i to setningar.


 

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no